Stavanger Aftenblad

Konfekten

-

DRØSET: Når passa det eigentleg å eta konfekt?

Han blei glad for gåva. Han elska sjokolade. Kva gir du mannen som har alt, som ikkje vil ha fleire ting? Du gir noko han kan eta, drikka eller oppleva. Konfekt var midt i blinken.

Han hadde opna kjøkkendør­a tusen gonger sidan. Konstatert at der låg konfektesk­a, under den fine, vakuumpakk­a skinka og den dyre Manchego-osten han hadde kjøpt med seg frå Spania i sommar, og som han bare venta på ei anledning til å opna. (Han hadde måtta kasta den fine, dyre skinka han hadde med seg heim frå Spania året før. Ho var harsk og mygla etter eit år i kjøleskape­t.)

Konfektesk­a hadde blitt ein del av kjøleskape­ts interiør. Plutseleg slo det han: «Til kva bursdag var det eigentleg eg fekk den konfekten? Var det i år? I fjor? Året før?»

Han bestemte seg for å bryta mønsteret: Han lirka eska ut frå under den vellagra skinka, løfta henne ut, snudde og vende litt på henne. «Best før 15.10.2017» stod det. Nå var det november 2017. Han hadde venta så lenge på det rette høvet til å by på konfekt at sjokoladen hadde gått ut på dato.

For når passa det eigentleg å eta konfekt? Konfekt var jo, i alle fall symbolsk, noko anna enn vanleg sjokolade. Vanleg sjokolade kunne du eta i helgene. (Det var i alle fall det dei sa til barna.) Vanleg sjokolade kunne du eta om du fekk overraskan­de gjester, noko søtt å setja fram til kaffien. Men konfekt? Sjokoladen­s dronning? Den kravde noko meir.

Ideelt sett burde han ha opna eska og sett henne fram på bursdagen då han fekk gåva. Men då hadde dei jo så mykje anna dei alt hadde sett fram, så altfor mykje. Slik det alltid var då dei hadde selskap. Ingen hadde vel lyst på konfekt etter å ha stappa seg fulle på kaker og gelé?

Nå var konfekten gammal. Han kunne ikkje by gjester på gammal sjokolade. Ikkje kunne han opna eska sjølv heller. Det var jo bare ein tysdag i november. Han sette eska tilbake i kjøleskape­t. Det rette høvet var sikkert rett rundt hjørnet.

Konfektesk­a hadde blitt ein del av kjøleskape­ts interiør.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway