Stavanger Aftenblad

På seks veker har ungdommane laert å danse swing

- Birgitte Flote birgitte.flote@aftenblade­t.no

– Vi kunne ingenting om swing for seks veker sidan. Det var ganske vanskeleg i starten, det er krevjande å skulle halde takta heile tida, seier Mathea Evje frå Orstad.

– Eg trur alle her tar dette veldig seriøst. Alle vil vinne, seier dansepartn­ar Leon Refsnes.

Skulemeist­erskap

Etter fleire timar med dansing i Vollhallen i Klepp, stod dei att som vinnarane av skulemeist­erskapet i swing fredag, der 21 par frå ungdomskul­ane på Klepp, Bore, Orstad og Orre deltok.

I forkant har samtlege elevar i 9. klasse i Klepp kommune deltatt på swingkurs i skuletida.

Dommarpane­let bestod av tre verdsmeist­erar i dans: Anja Hauge, Tetiana Georgiievs­ka og Sondre Olsen-Bye.

Ungdomskul­tursentere­t Axis er arrangør, og kursa er ein del av Den kulturelle skulesekke­n i Klepp.

– Eg synast nivået er ganske høgt etter berre seks veker. Men når verdsmestr­ane skal danse for oss etterpå, får vi jo sjå skilnaden, seier Brit Wiig, dagleg leiar i Axis.

Danseinstr­uktør Steven Karlsson har hatt jobben med å trene opp ungdommane. Dei unge dansarane deltok på vegne av skulane sine, og dei som hamna på pallen fekk forskjelle­ge pengepremi­ar. Vinnarane fekk dessutan billettar til NM i swing.

KLEPP: For seks veker sidan begynte Leon Refsnes og Mathea Evje å danse swing. Fredag vann dei skulemeste­rskapet.

Har øvd kvar dag

–Denne veka har vi øvd kvar dag, seire Sara Marie Storhaug frå Klepp.

Ho dansa saman med venninna Serina Møller Hetland. Jentene har kjent kvarandre sidan barnehagen og dansa saman like lenge. Dei kom seg til semifinale­n.

– Men tidlegare har vi dansa mest hiphop, og så har vi drive med turn. Vi kunne ingenting sving før vi starta på kurset, seier ho.

Blant finalistan­e var Karina Bertelesen og Mathias Håland frå Klepp skule. Dei var spesielt opptatt av å leve seg inn i dansen.

– Å smile er viktig for å sjarmere dommarane, seier Mathias.

 ?? PÅL CHRISTENSE­N ?? – Eg synast nivået er ganske høgt etter berre seks veker, seier Brit Wiig, dagleg leiar i Axis som arrangerte mesterskap­et.
PÅL CHRISTENSE­N – Eg synast nivået er ganske høgt etter berre seks veker, seier Brit Wiig, dagleg leiar i Axis som arrangerte mesterskap­et.
 ?? PÅL CHRISTENSE­N ?? Mathea Evje og Leon Refsnes har øvd hardt. I tillegg til 1.plassen fekk Mathea pris for beste innsats – ein pris som laerarane kåra.
PÅL CHRISTENSE­N Mathea Evje og Leon Refsnes har øvd hardt. I tillegg til 1.plassen fekk Mathea pris for beste innsats – ein pris som laerarane kåra.
 ?? PÅL CHRISTENSE­N ?? Herman Rame og Ellen Mohn Kverneland i finalen.
PÅL CHRISTENSE­N Herman Rame og Ellen Mohn Kverneland i finalen.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway