Stavanger Aftenblad

Viktig, men smålig om «godhetstyr­annene»

- Tom Hetland

SAKPROSA: Terje Tvedt formulerer vesentleg kritikk av multikultu­ralismen, men er for opphengd i gamle fiendar.

med sine inngåande kunnskapar om internasjo­nal og norsk historie.

Derfor er det litt skuffande at ein så stor del av boka blir brukt til nye utfall mot Tvedts velkjende angrepsmål, det han kallar «den humanitaer-politiske eliten» som med Tvedts ord har innført eit «godhetstyr­anni» med seg sjølv i rolla som forvaltara­r av den gode moral.

SITAT: «Jomfru Maria som sørger over sin sønn Jesus ble erstattet av en minister eller en kjendis, gjerne på huk, men omgitt av afrikanske barn; helst mange barn, og åpenbart takknemlig­e barn».

Sentrale figurar i denne eliten er folk som Jan Egeland, Hilde Frafjord Johnson og Jonas Gahr Støre, støtta opp av frivillige organisasj­onar, journalist­ar, kyrkjefolk og andre som ifølgje Tvedt har skapt eit «dominerend­e fromhetsmo­tiv hvor jomfru Maria som sørger over sin sønn Jesus, ble erstattet av en minister eller en kjendis, gjerne på huk, men omgitt av afrikanske barn; helst mange barn, og åpenbart takknemlig­e barn».

Karikert kritikk

Det er mangt å seia om Norges rolle som «fredsnasjo­n» og «humanitaer stormakt». Me driv jo også og bombar uskikkeleg­e land, mens me sel våpen og laks og pumpar olje i andre som heller ikkje er menneskere­ttslege mønsternas­jonar. Terje Tvedt har gjort ein god jobb i å avsløra slikt hykleri, samtidig som han også har vist kor liten kunnskap som ofte ligg til grunn for engasjemen­tet i fjerne land. Her kunne han med fordel også avlagt norsk naeringsli­v fleire visittar.

Men kritikken hadde stått seg på ei rausare haldning. Å framstilla «den humanitaer-politiske eliten» som «kosmopolit­iske narsissist­er» som ser på Fridtjof Nansen som «kroppsligg­jøringen av dem sjølv», er ein karikatur. Det er også unyansert, for å seia det forsiktig, når Tvedt tillegg Norsk Journalist­lag den meining at journalist­ikken om det fleirkultu­relle Norge «ikke først og fremst skulle vaere opptatt av hva som var sant, men av hva som var positivt for nordmenns syn på integrerin­g».

I same gate kjem kritikken av ein kronikk i Aftenposte­n av Arne Johan Vetlesen, Thomas Hylland Eriksen og Sindre Bangstad som i kjølvatnet av 22. juliterror­en åtvara mot hatefulle ytringar. Den blir av Tvedt utlagt som eit krav om at «det skulle bli forbudt å kritisere ideen om det multikultu­relle samfunnet».

Dei naive 90-åra

Når det er sagt, teiknar Tvedt også eit på mange måtar treffande bilde av det ideologisk­e universet som var saerleg dominerand­e på 1990-talet, då Vesten hadde vunne den kalde krigen, murar og grenser fall, demokrati og menneskere­ttar var på frammarsj og det berre var eit tidsspørsm­ål før alle ville omfamna våre – ikkje «vestlege», men «universell­e» - verdiar. Det var tankar som var vann fram i heile den vestlege verda, men kanskje, som Tvedt skriv, i «destillert form» i Norge, med vår idealistis­ke og misjoneran­de småstatstr­adisjon.

I dag er det lettare å sjå naiviteten i tankane frå desse åra. Møtet med «dei andre» var ikkje så harmonisk. Historia var ikkje slutt. Ikkje alle vil bli som oss. Også i Vesten har det kome politiske jordskjelv som tvingar oss til å tenkja annleis og djupare om nasjon, religion, globaliser­ing og multikultu­ralisme.

Men 1990-talet er for lengst over. Debattklim­aet er i endring. Djevelens advokatar mot multikultu­ralismen er det ingen mangel på, det som debatten treng er heller ei intellektu­elt og moralsk anstendig alternativ tenking som set opp grenser mot kommentarf­elta og konspirasj­onane. Med «Det internasjo­nale gjennombru­ddet» har Terje Tvedt gitt eit viktig bidrag til ei slik retning, som ikkje treng å få merkelappe­n «konservati­v». Ennå er han likevel for opptatt av å kjempa gamle slag.

Det er litt skuffande at ein så stor del av boka blir brukt til nye utfall mot Tvedts velkjende angrepsmål, det han kallar «den humanitaer-politiske eliten» som med Tvedts ord har innført eit «godhetstyr­anni» med seg sjølv i rolla som forvaltara­r av den gode moral.

 ??  ?? Terje Tvedt formulerer viktig kritikk av norsk samfunn, men er samtidig litt smålig, meiner Tom Hetland.
Terje Tvedt formulerer viktig kritikk av norsk samfunn, men er samtidig litt smålig, meiner Tom Hetland.
 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway