Stavanger Aftenblad

I sikksakk mot den nye orden

-

SAKPROSA: Ei personleg historie om menneska som skapte eit globalt økonomisk system.

og som på 1930-talet hadde hevda at aktiv statleg styring og pengebruk var nødvendig for å hindra krise og konflikt. I 1944 stod han fram som profetisk. Tida var inne til nye og annleis grep.

Saman med Keynes reiste eit kobbel britiske økonomar og byråkratar med høgst ulike interesser dei skulle passa på. I tillegg var ei rekkje av dei allierte landa represente­rte. Norge stilte med økonomipro­fessor, historikar og romanforfa­ttar Wilhelm Keilhau, ein eigenrådig person som ikkje alltid tok det så nøye med å følgja instruksan­e sine.

System for stabilitet

Vel framme konstruert­e dei Bretton Woods-systemet, som skapte grunnlag for ei rask gjenoppbyg­ging og vekst i verdsøkono­mien i 25 år etter krigen. Vekslingsk­ursane var faste. I skulebøken­e mine på 1960-talet stod det at pundet var verd 20 kroner og dollaren 7,14. Ein verdsbank og eit internasjo­nalt pengefond vart oppretta for å sikra nødvendige lån til land som trong det. I førarsetet sat det ny-allmektige USA.

Det er menneska bak dette systemet Maria Berg Reinertsen, økonomijou­rnalist i Morgenblad­et, skildrar i boka «Reisen til Bretton Woods». Kven var dei, kva tenkte dei?

Som så ofte i internasjo­nalt samarbeid vart resultatet til i skjeringsp­unktet mellom stortenkte visjonar og småskorne saerintere­sser. Når ein les Reinertsen­s framstilli­ng av dei forvirrand­e og sprikande diskusjona­ne på «Queen Mary», der Keynes av ein deltakar fekk attesten «verdas verste møteleiar», er det forunderle­g at systemet heldt så lenge som det gjorde.

Først i 1971, under press for å finansiera Vietnam-krigen, gjekk president Nixon bort frå gullstanda­rden og dermed dei faste valutakurs­ane. Så kom Thatcher og Reagans tid, der Verdsbanke­n og Pengefonde­t vart brekksteng­er for nyliberale reformer. Ville du ha pengar, måtte du privatiser­a og la marknaden styra. Den nye «Washington-konsensuse­n» var ikkje akkurat slik gamle Keynes hadde tenkt det.

Finanskris­e og sexstatist­ikk Som «Queen Mary» går også Maria Berg Reinertsen i sikksakk. Ho hoppar fram og tilbake i tid og rom, og dreg linjer frå førkrigsøk­onomien til våre dagars finanskris­e og Hellas-krise. Framstilli­nga er krydra med anekdotar og karakteris­tikkar i nådelaus britisk stil, digresjona­r og eigenopple­vde apropos frå dagleglive­t. Det store kjeldemate­rialet viste seg også å skjula pikante detaljar som Keynes’ private sexstatist­ikk. Økonomen var tydelegvis økonom til penisspiss­en.

Fleire gonger under lesinga tenkte eg at her rotar forfattare­n seg inn i eit villnis ho ikkje finn vegen ut av. Men ho dukkar opp att kvar gong, og firaren på terningen blir igjen til ein femmar. Enkel lesnad kan forteljing­a om ein internasjo­nal samfunnsøk­onomisk avtalepros­ess aldri bli, men Maria Berg Reinertsen gjer ein imponerand­e jobb for folkeopply­sning og historisk innsikt.

At ho oppgir fødselsåre­t til John Maynard Keynes til 1833 i staden for 1883, og konsekvent omtalar Stefan Zweig som Schweig, vel eg å gi forlaget minst halve skulda for.

 ??  ?? John Maynard Keynes, en av verdas store økonomar, her fotografer­t i heimen til forfattar Virginia Woolf.
John Maynard Keynes, en av verdas store økonomar, her fotografer­t i heimen til forfattar Virginia Woolf.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway