Stavanger Aftenblad

Sandnes Ulf skrik etter ein Granqvist

- Egil Ø. Naerland egil.naerland@aftenblade­t.no

KOMMENTAR: Såg du Italia–Sverige på San Siro i Milano mandag? Om du gjorde det, då såg du Andreas Granqvist, den svenske lagkaptein­en. For ein bauta, for ein føregangsm­ann, for ein inspirator. Tenk om Sandnes Ulf hadde hatt sin Andreas Granqvist.

Etter å ha følgt dei lyseblå på naert hald under trening og kamp, heime som ute, gjennom tre fulle sesongar, står eg fast på at spelarane dette året er gode nok og har dei individuel­le kvalitetan­e som skal til for å vinne opprykk til eliteserie­n.

Den store utfordring­a er dei som underprest­erer, dei som fell for freistinga til ikkje å ta ein kvar kamp like seriøst, like inspirert og like kompromiss­laust.

Taparkultu­ren festar seg

Fall i prestasjon robba Sandnes Ulf for kvalifiser­ing i 2015, for nesten opprykk i 2016 og definitivt for direkte opprykk i år.

Når noko er gjentakand­e, vert det kultur. I Sandnes Ulf har fallkultur­en sett seg, den sjølvtilfr­edse kulturen som ikkje held folk på tå hev etter gode periodar.

I fotball-Norge har Sandnes Ulf vorte klubben som feilar, klubben som ikkje held til mål.

Eg merkte det godt i miljøet før sesongen, mellom kollegaer i media og hos motstandar­ane. Det var liksom ikkje så hytt om Sandnes Ulf gjorde gode treningska­mpar, dei ville likevel feila i sesongen. Varemerket og bumerket hadde festa seg, 2017 forsterkar inntrykket.

Eit par av nykomarane var kloke og tøffe nok til å endre gruppa, til å endre kulturen. Dei sette positivt preg, Kjell Rune Sellin gjennom heile sesongen, Remi Johansen før han vart skada.

Det var ikkje nok, og sjølv om eit par til, Tomas Kristoffer­sen og Axel Kryger, har tilført langt over venta sportsleg, er det ikkje to førstereis­gutar som skal gå i bresjen. y Skal ein då peika på trenaren og til sist klubbsjefe­n,

Bengt Saeternes og Tom Rune Espedal? y Er det dei som ikkje evnar å endra denne kulturen? Dei har et stort ansvar, saerleg trenaren som jobbar direkte med spelargrup­pa kvar einaste dag, men eg har aldri i mine etter kvart mange tiår i denne bransjen, sett på trenarskif­te som første utveg.

Stabilitet slår knock out på sparkenkul­tur

For alle kan det koma til eit punkt der det er rett å avsetja trenaren og kanskje den øvste daglege leiaren, men all erfaring syner at det er klubbar som har kontinuite­t på trenar og leiarsida, som vinn og får framgang i det lange løp.

Det er nok å sjå til Viking i nord og Bryne i sør.

Fem trenarar på ti år i Viking, den sjette på gang, ti trenarar på ti år i Bryne, nesten like hyppige skifte av dagleg leiar i dei to klubbane.

I Sandnes sat Asle Andersen åtte år med kjempesuks­ess tross trøbbel på slutten, så eit mellomspel med Tom Nordli, og nå tre år med Bengt Saeternes. Dagleg leiar har vore den same nesten heile tida. y Stabil og kontroller­t økonomi, greitt sportsleg utan

topp dei siste åra er resultatet i Sandnes Ulf. y Kaos, nedrykk, økonomisk fallitt og ein klubb der spøkelsa frå klubbhuset i Steingata har flytta med til nye lokale i Jåttåvågen er resultatet hos Rogalands gigant gjennom alle tider, Viking. y Omtrent på same måten i Bryne, skjønt der, og ikkje før den stolte klubben landa på nivå tre, synest ting å stabiliser­a seg.

Sandnes Ulf kan unnskylda seg med at opprykkara­ne Bodø/Glimt og Start hadde nesten dobbelt så mange millionar å rutta med (45 mot 25 millionar i Sandnes). Økonomien tel, mykje til og med, men ikkje alltid, og i alle fall ikkje denne sesongen.

For det var ikkje Start sitt innkjøp av Steffen Lie Skålevik med friske millionar som gjorde at Sandnes Ulf tapte for Kongsvinge­r, Åsane, Fredriksta­d, Florø eller Jerv for å nemna nokon.

Det var ikkje dagleg leiar Espedal si skuld, og det var knappast trenar Saeternes si skuld.

Gå føre med høg smerteters­kel

Når laget er så bra som Sandnes Ulf sitt, når tabellen for kampar mot dei beste viser lyseblått topp to, då er det spelarane sjølv som må ta hovudansva­ret. Det handlar om å vinne kvardagska­mpane.

Derfor må klubben nå prioritera personen som ikkje bare er trygg og god og flink fotballspe­lar, vel så viktig å få inn han som er naturleg sjef, han som piskar og jagar og går føre med så høg smerteters­kel at lagkamerat­ane ikkje våger syta.

Ein Andreas Granqvist-type som nyt å leia og har gjort det frå han var kaptein i Helsingbor­g 21 år gammal, ein Granqvist aldri kjem på det sofistiker­te verdslaget, men på mitt lag er han nummer ein.

Ein Jan Wouters (EM 88 Nederland), ein Graeme Souness (Liverpool), ein Paul Scholes (Man. United), ein Philip Lahm (Bayern M.), ein Casemiro (Real Madrid).

Eller ein kloning av Aksel Berget Skjølsvik. Det held i lange banar!

Klubben må prioritera personen som ikkje bare er trygg og god og flink fotballspi­ller, vel så viktig er det å få inn han som er naturleg sjef, han som piskar og jagar.

 ?? NED ALLEY ?? Siste spikeren i kista. Ranheims Mats Lillebø har satt inn vinnermåle­t, Sandnes Ulfs sesong er over. Roy André Miljeteig til venstre, keeper Saku-Pekka Sahlgren, Kenneth Sola og Remi Johansen må inn i en ny vinter uten å kunne se frem til elitespill....
NED ALLEY Siste spikeren i kista. Ranheims Mats Lillebø har satt inn vinnermåle­t, Sandnes Ulfs sesong er over. Roy André Miljeteig til venstre, keeper Saku-Pekka Sahlgren, Kenneth Sola og Remi Johansen må inn i en ny vinter uten å kunne se frem til elitespill....
 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway