Stavanger Aftenblad

På liv og død

- Solveig Grødem Sandelson solveig.sandelson@ aftenblade­t.no

KOMMENTAR: Eg trudde aldri eg skulle koma til å ønskja meg danske tilstandar i norsk innvandrin­gspolitikk. Men nå gjer eg det.

Ap har lenge sete på sidelinja i innvandrin­gspolitikk­en. Dei kunne valt å entra banen med alvorleg tale og gode initiativ til modige, samlande løysingar på eit felt som aldri kjem til å gå heilt opp. I staden har dei nå begynt å springa rundt og ropa seg håse om at dei eigentleg er akkurat som Frp. Noko som igjen får Frp til å tvihalda på eigarskape­n dei har kara til seg på feltet, først og fremst med småleg og vulgaer ordbruk. Og det var det.

Det er faktisk alvor

Det er her Danmark dukkar opp. Ved Socialdemo­kratiet, Ap’s systerpart­i. Dei inviterer til tverrpolit­iske løysingar. Dei ønskjer seg breie forlik for å skapa ro og tyngde på innvandrin­gsfeltet. Dei vil ha like svaere og levedyktig­e kompromiss om dette som dei har om folkepensj­onen og gratis helsehjelp til alle. Og dei vil ha slutt på at partia enkeltvis bruker innvandrin­g til å scora billege, kortsiktig­e poeng for å skaffa seg veljarar eller ta dei tilbake frå andre parti.

Dei oppfordrar kort og godt til å leggja vekk partiprest­isjen og retorikken, og gå opent inn i diskusjona­ne for å finna det dei kallar ein «rettferdig og realistisk» innvandrin­gspolitikk for Danmark. I eit forlik som kan bidra til å gi feltet ei politisk retning i lang, lang tid.

Menneskesm­uglarar har tatt nøklane Det er ikkje sikkert ein treng vera einig i kva danskane definerer som realistisk og rettferdig. Her er fallgruven­e og dilemmaa mange. Men eg skulle ønskja at dei store partia også i Norge ville leggja vekk den billege og til tider reint vulgaere retorikken, og heller prøva å finna løysingar.

For folk druknar i tusenvis på farefulle reiser over Middelhave­t. Ein må som kjent koma seg inn i det gjeldande landet før ein kan søkja asyl. Dermed sit menneskesm­uglarar med nøklane til ei ny framtid i Europa for flyktninga­ne. Avtalen EU har gjort med den tyrkiske presidente­n Erdogan er i praksis også ein handel med menneskeli­v. For Erdogan tolkar det nok som at han kan tura fram som han vil mot kurdarane, så lenge han held skansen for heile Europa mot flyktnings­traumen.

Ein kan like lite la Erdogan sitja med nokon nøkkel i den største flyktningk­risa sidan andre verdskrige­n, som å la menneskesm­uglarar gjera det.

Ta nøklane tilbake

I Danmark føreslår ein å gjera det umuleg å søkja asyl på dansk jord. Det må skje før, i store flyktningm­ottak i naerområda.

Frankrikes president Macron er blant dei som er i gang med eit slikt arbeid.

Og i den nye regjerings­erklaering­a føreslår regjerings­partia at Norge koplar seg tettare på desse europeiske prosessane.

Det er FNs kvoteflykt­ningar ein skal ta i mot, dei FN reknar som ekstra sårbare, det er einslege kvinner, homofile, religiøse minoriteta­r, politiske aktivistar, barn. Det er menneske som er i stor fare i naerområda. Europeiske land må saman ta nøklane tilbake for å hjelpa desse ut og gi dei ein ny start.

Samtidig må ein arbeida internasjo­nalt og gjensidig forpliktan­de om å betra forholda i naerområda. Også her må ein nøkkel vera sterke, langvarige og gjensidige forpliktin­gar for alle EU-land, og for alle oss som samarbeide­r med EU-land. For snakket om at vi kan hjelpa så mange fleire viss vi bruker pengane der dei alt er, kan fort bli rein og kynisk ansvarsfrå­skriving der alle europeiske land kollektivt snur ryggen til og definerer flyktningk­risa i verda som over så snart vi slepp å sjå dei ved våre grenser. Kan EU klara dette? Kan Frankrike og Tyskland gå i bresjen?

Klarer dei ikkje dette, er vi ikkje det Europa vi meiner det er så viktig å halda i hevd. Og klarer ikkje vi her i landet å vera med på det, må Ap straks stryka «human» frå ramsa si om innvandrin­gspolitikk, og regjeringa «ansvarleg» frå si.

Liv og framtid

Innvandrin­gspolitikk­en i alle europeiske land gjeld folks liv og framtid. Eg skulle ønska vi hadde politikara­r med mot til å snakka om det på ein måte der nettopp det alltid veg tyngst. Tyngre enn å bruka billege ord for å ta eigarskap til å vera strengast, slik Frp har gjort, og Ap hoppar opp og ned for å gjera. Det er eit snuskete spel.

Og mens ein nasjonalt og internasjo­nalt prøver å laga bindande avtalar som både sikrar at dei som FN meiner må bergast ut, blir berga ut utan hjelpa av menneskesm­uglarar, og at naerområda får si marshallhj­elp i stor monn og lang nok tid, utan at kjeltringa­r som Erdogan får herja på - ja, mens politikara­ne driv med dette, må dei samtidig tora fiksa det som er himmelropa­nde galt innanfor eigne grenser.

Mot

I Norge må vi umiddelbar­t stoppa å senda folk i retur til Afghanista­n. Det var kanskje forholdsvi­s trygt den gongen ein begynte med det. Nå er det livsfarleg. Så stopp! Gi oktoberbar­na amnesti! At vi lar einslege barn under 18 sitja her, aleine i eit framandt land, og vita at dei vil bli sendt ut i det ukjende den dagen Norge meiner dei er 18, er ein avskyeleg politikk. Det er statleg barnemisha­ndling med lova i hand. La dei få bli!

Det same gjeld dei få gamle damene regjeringa gjerne vil ha til å reisa ut. La dei bli! Så får de heller endra reglane etterpå, viss de meiner det trengst. Andre land, som for eksempel Storbritan­nia, har fleire gonger brukt amnesti når noko har køyrt seg fast. Det er ikkje naivt. Det er ansvarleg.

Vi har framleis den største flyktningk­risa sidan andre verdskrig. Ta ansvar! Nei, ikkje begynn med å ropa om kven som eigentleg alt tar mest ansvar og i lengst tid har hatt mest rett. Vis heller mot!

Det er eit snuskete spel.

 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway