Stavanger Aftenblad

Feminist, eg?

- Julia Eikeland Politisk nestleiar, Rogaland AUF

LIKESTILLI­NG: No er eg lei. Eg er lei av å høyra ulike folk uttala seg om kva feminisme er utan å ha førehandku­nnskap om emnet.

Setninga «eg er feminist» er ei utsegn mange har vanskeleg for å seia høgt. Kanskje er det ord som «girl power», «kvinnekamp» osv. som skremmer folk frå å vera ein såkalla feminist. Eller så trur ein kanskje at feministar meiner at kvinnene er det sterkaste kjønnet? I dag er det nemleg slik at det ikkje er mange som ynskjer å kalla seg feminist – faktisk berre 11 prosent av befolkning­a i Noreg.

Mange misforståi­ngar

Ein stor grunn til det er reaksjonen ein møter kvar gong ordet kjem opp: oppgitte sukk og himlande auge.

Utruleg mange får negative assosiasjo­nar når dei høyrer ordet «feminist» og knyter det til ei rebelsk kvinnerørs­le som består av mandige damer med hår under armane som meiner at ei kvinne klarar seg best utan ein mann. «Feminist» er eit ord som på mange vis er negativt lada, som manar fram bilete av «lite kvinnelege» og sure damer som er imot det meste, og som aller mest er imot menn.

Av den grunn har eg full forståing for at mange kan oppleva å bli skremt av ordet, i alle fall når dei assosierer det med meir eller mindre ekstreme feministis­ke grupper, som til dømes Kvinnegrup­pa Ottar. Sett på spissen har desse temmeleg ytterleggå­ande feministan­e på sett og vis øydelagt omgrepet feminisme og stole det frå oss «ekte» feministar.

Nok no!

No er eg lei. Eg er lei av å høyra ulike folk uttala seg om kva feminisme er utan å ha førehandku­nnskap om emnet. Eg er lei av båssetting­a. Feminisme er ikkje einstydand­e med fotformsko og lilla skjerf. Vi brenn ikkje BH-ane i protest. Vi treng inga uniform for å vite at vi er feministar. Nokre av oss likar å sminke seg og er opptekne av mote og trendar. Andre spring på fjellet og finst ikkje interesser­t i den slags «jåleri». Nokre strikker, mens andre mekkar bilar. Men det er ikkje slikt som avgjer om ein er feminist eller ikkje!

For eg skal seia deg, feminisme kan bli definert så enkelt som «like høve for mann og kvinne».

Det tyder på ingen måte at kvinner er sterkare eller betre enn menn, det vil ikkje seie at kvinner hatar menn, og det vil heller ikkje seie at kvinner ynskjer at kvinnedage­n skal bli ein nasjonal heilagdag. Så du som ikkje vil kalla deg sjølv for feminist, vil det seie at du ikkje er interesser­t i at kvinner og menn skal bli behandla likt?

Sterkt, solidarisk systerskap Feministar kjem i mange variantar – men felles for dei, felles for oss, er at vi er brennande opptekne av like høve for begge kjønn, vi vil kjempa mot urettvise tilhøve i samfunnet som til dømes ulik løn for likt arbeid, og vi ynskjer å vaere ein del av eit sterkt, solidarisk systerskap på tvers av landegrens­ene.

Så kjaere alle samen, vi feministar vil ikkje at kvinner skal ta over verda.

Alt vi ynskjer er at begge kjønn skal ha dei same rettane og moglegheit­ene til å lykkast.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway