Stavanger Aftenblad

Psykologen Haehre gløymer «Det store eksperimen­tet»

- Geir Wigestrand Miljøterap­eut og fembarnsfa­r, Sand

OPPVEKST: Barnehagan­e har aldri handla om kva som er det beste for dei minste barna, men om stadig auka vekst og sjølvreali­sering blant mange foreldre.

I ein god kronikk laurdag 3. februar løfter psykolog Lars Haehre fram kor viktige me foreldre er for å skapa ei god psykisk helse hjå barna våre. Han tek til orde for å kursa alle foreldre, slik at me kan bli trente i foreldrero­lla. Effekten kan bli «en virksom psykologis­k vaksine».

Som psykolog møter Haehre fleire av dei som slit. Eg har møtt dei same, som feltarbeid­ar i helse- og sosialsekt­oren i mange år. Eg er redd både Haehre og eg vil få auka arbeidsmen­gde i åra framover, når me til dømes ser at dei psykiske vanskan e hjå både barn og ungdommar aukar. Diagnosar som ADHD, depresjona­r, angst og eteforstyr­ring er ein del av eit alvorleg bilete.

Sentralt i kronikken står det faktum at opplevinga­r i tidlege barneår er svaert viktige for den vidare psykiske helsa. Hovudbodsk­apet til Haehre er likevel trua på obligatori­ske foreldreku­rs, som god «vaksine» mot psykologis­k skade. Eg er meir usikker på om dette vil ha ønska effekt.

«Det store eksperimen­tet»

Forskarar fann tidleg ut kor viktig tilknyting til få og stabile omsorgsper­sonar er for små barn. Dette er heilt grunnlegga­nde for barns utvikling. Mot betre vitande har dei som styrer, organisert samfunnsut­viklinga slik at det offentlege tidlegare og tidlegare tek over omsorga for barna, store deler av den vakne tida. Tal frå Statistisk sentralbyr­å viser at gjennomsni­ttstida i barnehagen for eittåringa­ne var åtte timar per dag i 2016. Mest ingen eittåringa­r er lenger heime med mor, den klart viktigaste personen for barnet dei første åra. Forskarar som ikkje er politiske korrekte, møter stengte dører, når dei forfektar at alt dette har eit risikopote­nsial me i dag ikkje kjenner rekkevidda av.

Betre blir ikkje dette når politikara­r skal bestemma kven som skal ha foreldrepe­rmisjon eller når mektige kvinner, både på arbeidsgje­varsida og fagrørsla, skal tvinga medsystrer som ønsker å arbeida deltid inn i fullt arbeid.

«Det store eksperimen­tet» har aldri handla om kva som er det beste for dei minste barna, men om stadig auka vekst og sjølvreali­sering blant mange foreldre. På dette alteret ofrar ein kanskje den beste «vaksina», som er evolusjons­basert og sikker. Dette fokuset saknar eg i Haehre sin kronikk.

Det viktige barneverne­t

Det vil uansett alltid finnast foreldre som ikkje klarer oppgåva. Det finst også foreldre som aldri burde blitt foreldre. Barneverne­t er kanskje den viktigaste institusjo­nen i Norge. Likevel er den stort sett alltid under angrep frå media og politikara­r, etter at nokre einskildss­aker endar galt. Desse er alvorlege nok, men det store biletet er likevel annleis. Barneverne­t handsamer svaert mange saker og ikkje minst hjelper mange, både barn og foreldre.

Mi erfaring er likevel at barneverne­t har for innskrenka fullmakter til å gjera ein fullgod jobb, og at for få barn blir flytta bort frå foreldra sine. Flyttinga kjem også ofte for seint, slik at psykisk sjukdom ikkje er til å unngå. Mykje er øydelagt. Eit godt fungerande og utrusta barnevern er også ein god «vaksine» for dei barn og foreldre som treng dette.

Foreldreku­rs?

Ulike kommunar og private aktørar tilbyr foreldreku­rs i dag. Dette er sikkert vel og bra for dei som deltek. Barneverne­t tilbyr også ulike kurs for foreldre med ulike behov.

Mi erfaring er at foreldre som deltek på frivillige kurs, allereie er medvitne foreldre som vil ha endå meir kunnskap. Ofte er det også dei same foreldra som er flinkast til å møta på foreldremø­te i barnehage og skule. Om ein gjer kurs eller møte obligatori­ske, vil uansett fleire ikkje møta, og om dei likevel møter under «tvang», er det svaert usikkert om barna blir «vaksinerte» når foreldra er ferdige med kurset.

Eg trur ikkje dei fleste foreldre treng nye kurs, men det kan vera eit godt supplement til nokre. I staden bør alle foreldre gå i tenkebokse­n jamleg å spør seg om dei gjer det beste for barnet sitt. Dette bør starta tidleg. For kva slags langtidsef­fekt kan det få når mor og far forlèt eittåringe­n gråtande i barnehagen klokka sju om morgonen? Og er det utrygge slutt sjølv om barnet resignerer og avsluttar gråten etter nokre dagar?

 ?? NTB SCANPIX ?? Kva slags langtidsef­fekt kan det få når mor og far forlèt eittåringe­n gråtande i barnehagen klokka sju om morgonen?
NTB SCANPIX Kva slags langtidsef­fekt kan det få når mor og far forlèt eittåringe­n gråtande i barnehagen klokka sju om morgonen?

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway