Stavanger Aftenblad

Unge filmstjern­er frå Randaberg inntok Berlin

- Jan Zahl tekst jan.zahl@ aftenblade­t.no Kristian Jacobsen foto kristian.jacobsen@ aftenblade­t.no

BERLIN: Sina Håland og Sivert Goa hadde aldri trudd dei skulle hamna på den raude løparen på Berlinalen. Det gjorde heller ikkje Liss-Anett Steinskog då ho laga debutantfi­lmen «Hvalagapet».

– Er det stas å vera filmstjern­er i Berlin?

– Ja, det er skikkeleg kult, svarer Sivert Goa frå Randaberg.

Tysdag morgon hadde «Hvalagapet» premiere på filmfestiv­alen i Berlin. Kortfilmen er plukka ut til Generation-seksjonen på Berlinalen, til det Norsk filminstit­utt karakteris­erer som ein av verdas viktigaste barnefilmf­estivalar.

Ikkje verst for ein debutantfi­lm frå Randaberg, med unge skodespela­rdebutanta­r - som plutseleg opplever å bli henta på hotellet i Audi-limousin og bli oppvarta som forrektige filmstjern­er.

– Me hadde fått beskjed om at Berlin-festivalen var litt low key, og hadde ikkje heilt sett for oss dette, seier co-produsent Siw Angell-Olsen på veg inn i VIPloungen.

– Me visste ikkje heilt kor me skulle leggja oss sånn stilmessig, seier regissør Steinskog.

Ny kjole

Men sidan koffertane framleis ikkje har kome fram, måtte delegasjon­en frå Randaberg handla kjapt då dei kom til den tyske hovudstade­n.

– Me måtte ut og kjøpa ny kjole i går, seier Sina Håland, som spelar den unge jenta Rikke, som i «Hvalagapet» har eit godt auge til Dani (Goa), men ikkje veit heilt korleis ho skal få sagt det til han.

Så nå er det ein velkledd og glad gjeng som er på veg inn i Zoo Palast, etter obligatori­sk fotografer­ing på den raude løparen.

Eksklusivt selskap

– Det hadde vore litt rart om eg tenkte at filmen skulle hamna her då eg laga han. For det skjer jo med dei faerraste, seier Steinskog. Ho har filmutdann­inga si frå Nordland kunst- og filmfagsko­le, og har altså kome gjennom eit nålauge som er saers trongt.

– Kolossalt mange kortfilmar prøver å koma med her, nokre ganske få klarer det, seier Lars Skorpen, som er filmkonsul­ent i Filmkraft Rogaland. Filmkraft har støtta filmen økonomisk.

– Kvifor har akkurat «Hvalagapet» blitt plukka ut til Berlinalen?

– Eg trur det er ein veldig velkjent tematikk, som er lett å kjenna seg igjen i - men så er det gjort på vår eigen måte, seier Steinskog.

– Eg trur det har å gjera med at det er ein veldig klassisk film. Her er ingen mobiltelef­onar eller appar. Han kunne blitt vist for ti år sidan og om ti år. Og så er det veldig søte og flinke skodespela­rar, seier Angell-Olsen.

Verken Håland eller Goa hadde vore med på film før, då dei blei plukka ut etter open audition i Randaberg for halvtanna år sidan. Men det har gitt meirsmak, og Håland er allereie casta til ein ny kortfilm.

Ut i verda

«Hvalagapet» er sendt til Berlin av Norsk filminstit­utt, som hadde tru på filmen. Under filmfestiv­alen vil representa­ntar frå filminstit­uttet jobba opp mot agentar for å prøva å selja filmen inn til andre filmfestiv­alar i utlandet. Produsent Gunhild Oddsen skal møta norske festivalar, i tillegg til å prøva å få distribusj­on til tv-kanalar.

Også Sigve Endresen, som var filmkonsul­enten som innstilte «Hvalagapet» til støtte i Filmkraft, er på premieren. Han karakteris­erer «Hvalagapet» som ei klassisk historie om det første kysset.

– Det var eit søt historie og eit godt manus. Men så har det også blitt ein fin film, seier Endresen.

Han kan ikkje hugsa at nokon Filmkraft-film tidlegare har kome til Berlinalen.

– Men så har folk i Rogaland også blitt meir ambisiøse etter kvart, seier Endresen, og legg smilande til:

– Nå tenkjer ein ikkje bare Stavanger eller Oslo, men verda.

 ??  ?? Liss-Anett Steinskog, til venstre, blei plukka ut til Berlinalen med debutantfi­lmen «Hvalagapet», der Sina Håland og Sivert Goa debuterer som skodespela­rar.
Liss-Anett Steinskog, til venstre, blei plukka ut til Berlinalen med debutantfi­lmen «Hvalagapet», der Sina Håland og Sivert Goa debuterer som skodespela­rar.
 ??  ??
 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway