Stavanger Aftenblad

Den russiske fare i digital versjon

- Tom Hetland

SAKPROSA:

Øystein Bogen gir eit fascineran­de innblikk i kampmidla i den nye kalde krigen. Men Putin blir i overkant mektig.

Øystein Bogen:

Russlands hemmelige krig mot Vesten.

301 sider. Kagge Forlag

Nyleg vart det kjent at ein amerikansk storjury har sikta 13 russiske statsborga­rar for innblandin­g i presidentv­alkampen i 2016. At Russland hadde som mål å påverka valet til fordel for Donald Trump, eller i det minste å skapa uro og mistillit, verkar overveldan­de sannsynleg. Men står me i så fall overfor det hittil mest spektakula­ere utslaget av ein russisk krig mot Vesten, der dei viktigaste våpna er datahackin­g, falske nyheiter og trakasseri­ng av kritikarar og politiske motstandar­ar?

TV2-journalist Øystein Bogen gir eigentleg svaret i tittelen på boka si. «Russlands hemmelige krig mot Vesten» er ein interessan­t og innsiktsfu­ll dokumentas­jon av korleis gamle fenomen som etterretni­ng, propaganda, desinforma­sjon og undergravi­ng utspelar seg i det globale, digitale samfunnet.

Kanskje kan ein kalla det ein digital kald krig. Til liks med den første kalde krigen frå 1945 til 1990 har den berre i unntakstil­felle har ført til vaepna konflikt, men byggjer likevel opp under fiendebild­e og er ein trussel mot det opne, frie samfunnet.

Forstørrar kvarandre Gjennomgan­gen av dei nye høgteknolo­giske kampmidla er fascineran­de og til dels krevjande lesnad. Her ligg det mykje nyttig og tankevekka­nde informasjo­n for den som vil følgja med i utviklinga og forstå bakgrunnen for konfliktar som dukkar opp. Bogen har fått godt innpass hos kjelder i dei hemmelege tenestene.

Det er ein styrke, men forfattare­n risikerer også å bli fanga inn av verdsbilde­t som dominerer i desse miljøa.

Hemmelege tenester har ein tendens til å sjå kvarandre gjennom forstørrin­gsglas og gjera kvarandre mektigare enn det faktisk er grunnlag for. KGB, med alle sine agentar, var ikkje i stand til å hindra at sovjetimpe­riet fall saman som eit korthus i åra rundt 1990. Den sovjetiske propaganda­en og desiformas­jonen var makteslaus i møtet med den attraktive «mjuke makta» til dei vestlege samfunna.

Alarmismen og krigsmetaf­orane til Øystein Bogen burde derfor oftare vore balansert av eit kritisk, analyseran­de steg tilbake. Kor stor makt har eigentleg den gamle KGB-mannen Vladimir Putin og dei russiske hemmelege tenestene til å styra dette spelet? At russarane prøver å utnytta motsetning­ar i Vesten, treng ingen tvila på.

Vesten mottakeleg

Men om ein i overdriven grad ser Putins hand bak heimeavla kritikk og konfliktar, kan det forgifta den offentlege debatten og hindra oss i å ta eigne problem på alvor. Bogen viser frå tid til anna at han ser dette dilemmaet, men det druknar i ønsket om å ropa varsku. Bogen har god kunnskap om russisk mentalitet og politisk kultur, der konspirasj­onstenking og hemmelege aktiviteta­r har djupe røter tilbake til sovjetepok­en og Tsar-Russland.

Bildet av «den russiske agenten» er derfor ikkje utan grunnlag, sjølv om det ofte kan ha blitt måla i vel sterke fargar. Når russiskpro­duserte «falske nyheiter» - kor primitive dei enn måtte vera – får eit visst gjennomsla­g i Vesten, er det likevel fordi dei møter eit publikum som i større grad enn før er blitt mottakeleg. Avstand til makta, politisk polariseri­ng og ekkokammer­a i sosiale medium har medverka til det.

Å avsløra den russiske aktivitete­n kan vera viktig nok. Men om ein insisterer på å kalla dette ein krig, ligg den største trusselen sannsynleg­vis på heimebane, dersom Vesten ikkje lenger held ved like tilliten til den samfunnsfo­rma som viste sin styrke i den kalde krigen.

Amerikansk­e demokratar må gjerne kritisera Putin for å ha blanda seg inn i presidentv­alet.

Men det forklarer neppe kvifor store delar av arbeidarkl­assen vende Hillary Clinton ryggen.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway