Stavanger Aftenblad

Når Aftenposte­n skal forstå folket

- Solveig G Sandelson Debattreda­ktør

KOMMENTAR: Viss bare eliten møter bermen med meir toleranse, vil alt bli bra, trur kulturreda­ktøren i Aftenposte­n.

Briten David Goodhart meiner det hjelper oss om vi deler folk i to grupper. Han kallar dei «anywheres» og «somewheres». «Anywheres» – «eg-kan-bu-korsom-helst’ane» – har høg utdanning og høg grad av sosial mobilitet. Dei har kunnskapen sin med seg som sin sterkaste verdi. Internasjo­nalisering og kulturelt mangfald gir dei bare større spelerom og fleire muligheite­r. «Somewheres», derimot, – «eg-blir-her’ane» –, slit med alt dette. Dei er stadbundne, har låg utdanning og dårlegare økonomi, dei kjenner seg truga av internasjo­nalisering og innvandrin­g, og dei er redde for kva det gjer med jobbane og lønningane deira.

Kulturreda­ktør Sarah Sørheim i Aftenposte­n overfører dette glatt til Norge, plasserer seg sjølv og alle sine naermaste kollegar i den første gruppa, Sylvi Listhaug sine kjernevelj­arar i den andre, og oppfordrar sine eigne til å utvisa meir toleranse i møte med Listhaug sine. Som Sørheim ikkje så mykje som i eit komma snakkar til gjennom heile kommentare­n sin om temaet. Dei er bare med som «dei andre.» Ho slår fast kven dei er og kva verdiar dei har, men krev ingenting av dei. Ikkje ein gong diskusjon. Alt er opp til eliten. Som i tillegg «represente­rer utvilsomt verdier vi har grunn til å vaere stolte av: demokrati, mangfold, en progressiv, liberal og kunnskapsb­asert livsanskue­lse.»

Skulle vi bli roligare nå?

Eller skal vi i det minste ta eit sveip innom Storbritan­nia først?

Må bli

Britane ligg på bånn blant vestlege land når det kjem til sosial mobilitet. Altså kor stor sjanse landet ditt gir deg til å bli kva du vil, uavhengig av kva foreldra dine er. Den sjansen er omtrent like liten for ein arbeidarkl­assebrite som den er for ein fabrikkarb­eidande kinesar.

I Storbritan­nia arvar du mange stader sosialhjel­p, arbeidsløy­se og mangelfull utdanning i generasjon­ar. Du må bli der du er. Og motsatt, dersom vegen fram til utdanning og jobb er som eit hinderløp, får britane frå dei øvste samfunnsla­ga halve løpet i forsprang og resten utan hinder alt ved fødselen.

Vil bli

I Norge har vi på langt naer så mange som må bli der dei er. Men vi har mange som vil bli der dei er.

Vi har ikkje adel, bøndene eig sine eigne gardar, folk eig sine eigne hus, statens lånekasse finansiere­r høgare utdanning for kven som helst, bare du har gode nok karakterar til å koma inn. Og vel er det for stor forskjell på skulane i Oslo og i Finnmark, men likevel, det er verkeleg ennå sånn at du kan bli nesten kva du vil, uavhengig av kor du er fødd.

Heller ikkje «anywheres», «kor-somhelst’ane» kan utan vidare finnast igjen i norske forhold. Det kan ikkje finnast ein einaste kommentato­r eller redaktør igjen i norske aviser som ikkje har kjent Google og Facebook truga levebrødet vårt dei siste fem åra. Og for oss som har skriving som levebrød og norsk som førstesprå­k, er det ikkje heilt sånn at Europa ligg opent for våre føter. Det er vel litt annleis om du er frå London, har engelsk som førstesprå­k og utdanning frå Oxford?

Dei aller fleste Sørheim plasserer som «kor-som-helst’ar» i Norge, må ha familie som er eller har vore bønder, fiskarar og arbeidarar frå kor som helst i landet. Det verkar difor smått utruleg når ho påstår at det krev mykje empati å klara å forstå ein stadbunden landsmann.

Men, men, når du deler Norge inn i to grupper, sjølv erklaerer at du og dine høyrer til i den elitistisk­e gruppa med dei riktige verdiane, som også tar seg rett til å dela folket inn på den måten, før du oppfordrar dine eigne til å visa toleranse for den gruppa du har skilt ut frå deg og dine, så tyder jo det på at det stemmer, det der med manglande empati og forståing.

Bittelitt lettvint

Å overføra ein teori frå det himmelropa­nde skakke klassesamf­unnet i Storbritan­nia til Norge, gir knapt meining.

I Norge har vi eit sterkt sivilsamfu­nn, vi har tradisjon for opprør mot makta gjennom saere ting som nynorsk, fråhaldsbe­vegelse og lekmannskr­istendom. Vi har sterke fagforeini­ngar og bønder i sterke samvirke, vi har små lønnsforsk­jellar, vi har frivillige som bruker påska til å hjelpa folk i fare eller med forstua anklar, og vi har ennå ganske stor tillit mellom folk.

Då blir det kanskje bittelitt lettvint å forklara Sylvi Listhaugs appell her i landet på same måte som ein forklarar Brexit på andre sida av Nordsjøen og Trump over Atlanterha­vet.

Sjølv om vi veit at forskjella­ne aukar her også, sjølv om vi veit at velferdsst­aten er under press. Sjølv om fleire av oss må inn i arbeidsliv­et, fleire av oss må jobba både meir og lenger, og saerleg må mange fleire innvandrar­ar det. Sjølv om innvandrin­g også her er det mest brennbare spørsmålet for veljarane. Sjølv om alt for mange har fått for seg at viss dei bare meiner noko sterkt nok, treng det ikkje vera sant for å ha tyngde.

Bittelitt toleranse

Den erkebritis­ke teorien Sørheim ukritisk bruker på oss, kan bare bidra til å forsterka den politiske uroa ho søkjer å forstå.

For ingenting av det Sørheim sine står for skal rokkast ved, ingenting av det «dei andre» står for skal ein gong vurderast som politiske saker ein bør gjera noko med. Nei. Polariseri­nga i Norge skuldast ein verdikamp. Dei som har rett, Sørheim sine, deler folk inn i to grupper for å illustrera kva dei sjølv meiner, klistrar den fordelakti­ge merkelappe­n på seg sjølv, og den andre merkelappe­n på dei andre. Den siste gruppa er då skilt ut, og treng verken å snakkast med eller stillast krav til.

Alt som trengst, er at eliten – altså Sørheim og dei – er bittelitt meir tolerante mot dei utskilte, og ser at dei er i ein vanskeleg situasjon.

Hjelpe meg. Meinte du å roa ting ned med dette, Sørheim?

Skulle vi bli roligare nå?

 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway