Lei av å vente på toget
JAERBANEN: I går var det full stans i all togtrafikk mellom Stavanger og Kristiansand, både regiontog og lokaltog. Pendlar Jone Edland er lei av å ikkje kunne stole på toga.
Toga slutta å gå 07.40. Klokka 13.30 varsla Bane Nor at dei har funne feilen, nemleg ein brann i ein fiberkabel i Skytterhuset tunnel mellom Nodeland og Kristiansand. I går ettermiddag varsla Bane Nor på sine nettsider at dei forventa å starte opp togtrafikken mellom Stavanger og Kristiansand igjen, ca klokken 21.
Den første informasjonen som blei gitt var at det skuldast signalproblem. Seinare blei dette utdjupa med at det dreia seg om problem med kommunikasjon mellom toga og togleiarane som styrer togtrafikken. Årsaka viste seg å vere brann i ein fiberkabel i Skytterhuset mellom Nodeland og Kristiansand.
– Det er viktig å understreke at det som skjedde i dag, var ganske spesielt. Dette skuldast heller ikkje signalanlegget, som vi har hatt ein del problem med tidlegare. Omsyn til tryggleik tilseier at vi måtte stanse toga då vi både mista kommunikasjon med togførarane og heller ikkje fekk info til skjermane, seier Torgald Sørli ved Bane Nor, region Sør.
Siste dråpen
Jone Edland bur på Kvernaland. Det har han gjort i tre år og reiser kvar dag på jobb i Stavanger med tog og deretter buss. Han er også frustrert over at toget ofte er forsinka. – Kvar dag tar eg toget 07.25 frå Øksnavadporten. Det er ofte forsinka. Det er ikkje slik at eg står med stoppeklokke og måler, men vil tru toget kjem for seint 80 prosent av tida. To til fem minutt er ikkje mykje, men nok til å irritere når det skjer så ofte.
Nokre gangar kjem toget to minutt seinare, andre gongar er det meir.
Han har sertifikat, men brukar sjeldan bil til jobb ettersom kona treng den.
– Når eg tar 07.25-toget, burde eg kunne stole på at eg er på jobb klokka åtte. Så kan ein kanskje seie at eg kunne tatt eit tidlegare tog, men då trur eg vi heller ville kjøpt ein ekstra bil, seier han. – Kvar sommar i dei tre åra eg har budd på Kvernaland, har Bane Nor stengt ned heile togtilbodet for å utbetre både linjene og signalanlegga. Likevel så er det vekentlege problem, med heilt lik eller liknande feil. Her stenger dei altså alt heilt ned i 2,5 månader kvar sommar for å utbetre utan betring å spore.
– Fire minutt er ikkje forsinka At toga ofte er nokre minutt forsinka, blir ikkje definert som forsinkelse av Bane Nor.
– Når det er under fire minutt omtalar vi det ikkje som forsinking. I desse tilfella har eg ikkje så klare svar på kvifor det skjer. Vi har mål om at 99,3 prosent av toga skal vere i rute. Det er altså ikkje snakk om hundre prosent, så noko av dette går gjerne inn under det.
– Signalanlegget har vi hatt ein del utfordringar med, men det har vi ikkje så mykje problem med no. Vi har gjort forskjelleg type arbeid om sommarane, mellom anna bytta straumføringsanlegget mellom Sandnes og Egersund. Vi bytta signalanlegg mellom Sandnes og Ganddal i fjor sommar. Vi har hatt litt innkøyringsproblem der, men no synast vi det går riktig veg, seier Torgald Sørli i Bane Nor.
Stoppa på Mariero
Toget Edland skulle tatt tysdag, kom klokka 07.29, fire minutt for seint. Deretter gjekk det som normalt til Mariero.
– Vi fekk beskjed om at dei venta på klarsignal, etter fem minutt sa dei at dei ikkje visste kor lang tid det tar. Etter totalt 15–20 minutt var meldinga at dette vil ta tid og dei som klarer det bør forsøke å finne ein annan måte å kome seg derfrå. Når det skjer store ting, som det gjorde no, får vi informasjon, men til vanleg er det dårlig med informasjon på skjermar og gjennom høgtalarar.
– Det er viktig for meg å få fram at eg på ingen måte er ekspert på dette, men eg forstår det berre ikkje kvifor dei same problema dukkar opp heile tida. Eg likar veldig godt å ta toget når det fungerer og det er mykje som også er veldig bra, men det er også mykje som ikkje er godt nok.
Det er ikkje slik at eg står med stoppeklokke og måler, men vil tru toget kjem for seint 80 prosent av tida.
Pendlar Jone Edland