Stavanger Aftenblad

Ein hån mot det vi feirar

-

LEIAR: Vi kan ikkje feira Grunnlova 17. mai med unødvendig­e forbod. Som å forby andre flagg enn det norske i barnetoget.

Debatten dukkar opp nesten kvart år. I år er det i Larvik striden står. Medlem i 17. mai-komiteen der, Terje Anthonsen, meiner dei i 2010–2011 vedtok forbod mot andre flagg enn det norske i barnetoget. Den gongen var han leiar i komiteen. Nåverande leiar, Elin Dahling, meiner eit slikt forbod ikkje eksisterer, og at komiteen ikkje har nokon lovheimel til å forby barn å vifta med andre flagg enn det norske i gatene 17. mai.

Anthonsen har trekt seg frå komiteen, sidan «Dahling vil tillata alt mellom himmel og jord.»

Det er heller snakk om kva vi ikkje skal forby.

I 2013 blei det mye støy då Aspøy skule i Ålesund ville bruka sjølvlaga papirflagg i toget, med norsk flagg på den eine sida, og barnets andre heimland på den andre sida. I Oslo overprøvde ordførar Fabian Stang (H) 17.mai-komiteen i 2008, og hindra dei i å forby andre flagg.

Stavanger har ein heilt annan tradisjon. I omtrent femti år har den internasjo­nale skulen helsa resten av Norge med ei internasjo­nal flaggborg på 17. mai.

Dei møter alltid applaus langs ruta. Flagga er eit symbol på at Stavanger strekkjer seg utover, at ein jobbar saman med folk frå andre land, at byen er ein del av verda. Den gongen det begynte, var den internasjo­nale skulen den amerikansk­e skulen. Flagga betydde å bli sett av dei ein gjerne ville bli sett av USA, Storbritan­nia og Frankrike var med og feira vår nasjonalda­g.

Den flaggdebat­ten som blussar opp i andre byar før

17. mai kvart år, hentar naering frå heilt andre ting. Og dei som tar til orde for eit forbod, vil nok også forsvara alt det Norge står for og feirar 17. mai.

Dei siste vekenes svake debatt om ungdomskri­minalitet i Oslo er eit eksempel på kva som skapar uro. Mens Frp i den debatten bare snakkar om å stoppa innvandrin­g, har venstresid­a bare snakka om fattigdom og sosiale skilje. Ingen av dei vil ta i heile problemsti­llinga. Det er urovekkjan­de, for det er eit problem at så mange innvandrar­familiar i Oslo lever i fattigdom og fell utanfor samfunnet.

Men vi kan ikkje og skal ikkje forby nokon, verken barn eller vaksne, å helsa resten av Norge på 17. mai med meir enn eitt flagg.

Det ville vera ein open hån mot den Grunnlova vi feirar. Kampen for fridom og likeverd for alle kan verken feirast eller kjempast ved å nappa flagg ut av barnehende­r.

 ?? JARLE AASLAND ?? I femti år har barnetoget i Stavanger helsa resten av Norge med fleire enn eitt flagg. Her frå 2014.
JARLE AASLAND I femti år har barnetoget i Stavanger helsa resten av Norge med fleire enn eitt flagg. Her frå 2014.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway