Stavanger Aftenblad

Gull i munn

-

DRØSET: Ingenting er som frukost i Belfast.

Den tunge sminken låg i svarte bremsespor rundt auga. Det bleika håret hadde rufsa seg. Leppestift­en var falma, dei kunstig store leppene såg såre og hovne ut i det skarpe morgonlyse­t.

Ho var i kjempeform.

– Eg er full ennå, raspa ho forklarand­e til herregjeng­en som stod framfor henne i køen til frukostres­tauranten i Belfast.

– Oh, really, sa han. Ho tok ironien, lo og hosta. Det høyrdest ut som om noko skulle losna i brystet hennar.

– Det er ikkje sånn at eg drikk på søndagsmor­gonar, altså. Det er bare at me ikkje heilt er ferdige med festen frå i går, forklarte ho håst.

Etter tre dagar på herretur til Nord-Irland, kjende han seg rusten som vraket av Titanic anno 2018. Det var mange år sidan herrane gjekk på nattklubb eller festa natta gjennom. Nå var alt meir sivilisert. Eit glas eller to. Tre rettars middagar på fancy restaurant. Til sengs rett over midnatt.

Ho og venninna underheldt heile køen, sjølv om ingen hadde bede dei om det. Alle prøvde å sjå vekk, men ståket tiltrekte alles blikk.

På eitt vis beundra han energien deira. Staminaen. Samtidig prisa han seg lukkeleg for at han ikkje var mannen hennar.

Dei fulle jentene fekk sjølvsagt bord rett ved sida av herrelaget. Mens herrane bestilte variantar av egg, og blei humørfylt håna for sine kontinenta­le skikkar og for å sitja der og lepja espresso, bestilte jentene potetmos, pommes frites, steikte pølser og bacon – og ein halvliter milkshake med rosa marshmello­ws.

– Eg liker best middag om morgonen. Frukost er best til kvelds, forklarte ho med leppene.

Jentene ville vita kor herrane var frå.

– Norge!? Skandinavi­a!? Eg tenkjer aldri på Skandinavi­a. Eg har aldri ofra Finland ein einaste tanke, ropte fullejenta.

Men det største mysteriet av alle? Kva i himmelens namn fire menn frå Norge gjorde i Belfast.

– Ingen med vettet i behald kjem vel hit? Den einaste grunnen til at eg er her, er fordi eg er herifrå!

Eg har aldri ofra Finland ein einaste tanke!

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway