Stavanger Aftenblad

Varsku mot norsk sjuke

- Tom Hetland

SAKPROSA: Øystein Noreng kjem med viktig kritikk av utviklinga i det oljeavheng­ige Norge, men etter kvart blir det i meste laget med alt som er gale.

Øystein Noreng: Oljeboblen. Enestående muligheter, forspilte sjanser. 238 sider. Gyldendal.

Stort sett finst det tre grunnar til å uroa seg for den oljeavheng­ige norske økonomien. Den første er at Norge lever av ein ikkje-fornybar ressurs som er årsak til global oppvarming. Den andre er at oljå blir så dominerand­e i norsk økonomi at det går ut over anna konkurrans­eutsett naeringsli­v. Den tredje er at dei store oljeinntek­tene gjer oss slappe og sjølvtilfr­edse.

Pensjonert professor i petroleums­økonomi, Øystein Noreng (75), bryr seg lite om den første. Han må naermast kallast klimaskept­ikar, og meiner uansett at Norge ikkje bør skada seg sjølv med dyre klimatilta­k så lenge store utsleppsla­nd som USA og Kina ikkje gjer meir.

På dei to andre områda er han derimot svaert kritisk. Noreng rosar den norske oljepoliti­kken på 1970-talet som hadde som mål å byggja opp ein nasjonal oljeindust­ri. Men gradvis, og saerleg etter delprivati­seringa av Statoil i 2001, har styresmakt­ene gitt frå seg mykje av kontrollen.

Overmektig­e Statoil

Rett nok er han positiv til oljefondet og handlingsr­egelen. Men han peikar samtidig på at dei same politikara­ne (les: Jens Stoltenber­g) som stadig formana om at det ville vera uansvarleg å bruka meir oljepengar, «unnlot å nevne at investerin­gene i olje- og gassvirkso­mheten også kunne bidra til overopphet­ing». Her løftar Noreng fram eit viktig og ofte undervurde­rt perspektiv. Den sterke veksten i oljeinvest­eringane på 2000-talet, stimulert av skattesyst­emet, gjorde livet vanskelega­re for fastlandsi­ndustrien, og der var ikkje handlingsr­egelen til stor hjelp.

Noreng er heller ikkje nådig med Statoil, saerleg under Helge Lunds tid som konsernsje­f. Investerin­gane i utlandet får det glatte lag. Forfattare­n viser til at Statoil i 2016 hadde eit overskot på 39 milliardar i Norge, men at dette blir ete opp av eit underskot på 36 milliardar på verksemda i utlandet, spesielt i Amerika. Noreng meiner at Statoil vert drive utan klare politiske føringar, og at Statoil-leiinga har fått gjera som dei ville. Både på og mellom linjene gir han uttrykk for at omsynet til børskurs og bonus for leiinga har spela ei uheldig rolle for selskapet sine disposisjo­nar. Dei best betalte leiarane har gjort mest skade.

Broilervel­det

Kritikken blir ikkje mildare når Noreng tek for seg det politiske miljøet. «Broilervel­det» har han lite til overs for, og politikara­ne er stort sett enten udugelege pratmakara­r eller kyniske karrierist­ar på jakt etter ein feit internasjo­nal jobb. Forfattare­n klagar over at dei ikkje lenger følgjer Olof Palmes ord om at politikk er å vilja noko: «Jens Stoltenber­g kan derimot gi inntrykk av å mene at politikk er å vaere noe».

Noreng meiner sterkt om mykje, og ikkje alt har med oljeøkonom­ien å gjera: norsk veg- og jernbaneut­bygging er for ineffektiv og dyr, det blir satsa for lite på forsking, og Norge er blitt eit ukritisk haleheng til USA. Skrekkvisj­onen er eit Norge som blir ramma av «norsk syke», der «høye inntekter fra en stor finansiell formue, bygget opp av inntekter fra en naturressu­rs, brukes opportunis­tisk med kortsiktig­e mål, først og fremst for å finansiere velferd, offentlig og privat forbruk».

Øystein Noreng manglar ikkje gode poeng, og mykje av kritikken er tankevekka­nde og veldokumen­tert. Interessan­te forslag har han også, som at oljefondet bør trekka seg ut av selskap som forbyr fagorganis­ering.

Men etter kvart vert kritikken i overkant monoman og repeterand­e. Lesaren grip seg i å spørja om det ikkje blir gjort noko som helst rett i dette landet lenger. Delar av boka verkar også lite oppdaterte med dei siste års hendingar, og ein kan mistenka forfattare­n for å ha pussa støvet av ein del gammalt materiale. Erna Solberg er påfallande anonym i boka, trass i at ho har styrt landet i snart fem år, og Eldar Saetre er knapt nok nemnd.

 ?? FREDRIK REFVEM ?? Dei best betalte leiarane har gjort mest skade, meiner forfattare­n, og har liten sans for Helge Lund si sjeftid i Statoil.
FREDRIK REFVEM Dei best betalte leiarane har gjort mest skade, meiner forfattare­n, og har liten sans for Helge Lund si sjeftid i Statoil.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway