Stavanger Aftenblad

Barn og andre robotar

- Solveig G. Sandelson Debattreda­ktør

KOMMENTAR: Forskaren Dag Øystein Nome har sett på kva barn gjer heilt av seg sjølv. AEre vera han for det.

«Det er så utrolig mange pedagogisk­e program på markedet som skal trene sosial kompetanse. Men de er kanskje ikke er så nødvendige. Barna finner i de fleste tilfeller ut av ting selv.»

Det er barnehagef­orskar Dag Øystein Nome som seier dette til nettstaden Barnehage.no. Han har forska på dei minste barna. Han har sett på kva dei gjer, når dei ikkje er veldig styrte av vaksne. Når dei saman ventar på mat. Når dei ventar på tur til å gå på badet. Når dei ser andre leika, og gjerne vil bli med.

Sin eigen sjargong

Det er ikkje så viktig å laera dei å setja ord på alt mulig, meiner Nome. Små barn får kontakt med kvarandre sjølv om dei ikkje har språk. Dei tar kontakt med andre barn, sjølv om dei ikkje har språk. Driv ei lita gruppe barn og leikar med dyr, vil andre barn melda seg på leiken med sjølv å finna seg eit dyr, og skyva dette inn til dei andre. Eller dei bruker rytme, lydar, dunking. For å påkalla andre, eller for å svara andre. Dei små har sin eigen sjargong. Viss dei får lov til å vera litt i fred.

Nome stiller spørsmål ved om barn får nok rom til å utfalda seg, eller om dei blir lagt lokk på, av omsynet til krav om ro, orden og pedagogisk framdrift.

Han meiner barnehagep­edagogikke­n har vore veldig opptekne av ord og pedagogisk­e program. Barn skal laera seg å setja ord på ting, på kjensler, intensjona­r og behov. Nome minner vennleg om at barn fint tonar seg inn på andre i måten dei bruker ting, bevegelse og lyd på. Dei viser empati. Dei forstår andres intensjona­r.

Viss ein tar seg tid til å sjå etter. Viss ein slakkar litt av på dei pedagogisk­e ambisjonan­e.

Kartleggja, samtala, dokumenter­a Ved sida av artikkelen om Nome si forsking, ligg ein annnonse for eitt av desse pedagogisk­e programma. «Gode valg kan laeres,» heiter det der. «Små barn vet ikke hvilke valg som er de rette, men de kan begynne treningen allerede i barnehagen. Det er bedre å bygge barn enn å reparere voksne,» argumenter­er dei. «Barn har behov for trening på å ta selvstendi­ge valg.»

Ein leksjon i dette programmet består av tre delar. I utforskard­elen blir barna presentert­e for eit tema, så dei vaksne kan kartleggja kva kunnskapar dei små har på området. Så skal dei små erfara, gjennom øvingar og aktivitet. Til slutt skal dei utvida - gjennom samtale og refleksjon testar barna ut ulike handlingsa­lternativ, slik at dei blir i stand til å ta gode val sjølv..

Programmet kan visa til dokumenter­te, gode resultat, heiter det i annonsen.

Optimal utvikling

Professor Evind Aadland ved Høgskulen på Vestlandet har søkt om førti millionar kroner for å forska på koplinga fysisk aktivitet og laering. Klarer vi få til ei tettare kopling der, seier Aadland, har vi sjansen til å gi ungane den optimale starten. Han har alt gjennomfør­t tidenes største kartleggin­g av barnehageb­arns fysiske aktivitet.

Målet er å auka barnas aktivitets­nivå alt før dei begynner på skulen, slik at dei altså har det best tenkjelege utgangspun­ktet for eit fysisk aktivt liv og ei optimal utvikling. Aadland skriv seg inn i ei ganske lang liste av forskarar som på eitt eller anna vis vil gjera barnehageb­arna betre.

Stapp dei fulle

I riktig gamle dagar, heilt tilbake til Aristotele­s, meinte ein at barn er fødde som heilt blanke ark. Dei har ingenting med seg, dei blir prega av omverda. Hos Rousseau, i opplysning­stida, blei det til at barn kan formast slik den vaksne vil.

Og nå? Nå synes vi overbevist­e om at vi kan hindra nesten kva som helst i å gå galt seinare i livet, viss vi bare stappar mange nok og riktige nok program inn i dei minste. Alt dei kan få hjelp til å laera seg alt i barnehagen, kan hindra at dei fell utanfor seinare. Blir dei flinke til å ta rette val, står dei sterkare sosialt, blir dei flinke til å bevega seg, blir dei betre i matematikk, er dei mykje ute eller omgitt av vaksne menn, får dei ein endå meir optimal start.

Det finst nesten ikkje grenser for kva forskarar meiner ein bør dytta kontroller­t og kartlagt og dokumentar­bart inn i små barns hjerne og hjarte og kvardag, for å optimalise­ra muligheite­ne deira. Og for å unngå å måtta reparera dei som vaksne.

Tanken bak må vera at alle barn treng fiksing, skal dei bli i stand til å forstå og meistra sine eige liv. Ingen av dei kjem til å bli klare for livet, utan optimalise­ring med riktige program.

Kortpusta

Det ligg ei himmelropa­nde mistru til barn i det. Til alle barn. Til barns evne til å tona seg inn på andre, melda seg på, prøva å forstå, prøva å få kontakt, prøva å gi respons. Til barns logikk, empati og tidsbruk.

Det er autoritaer­t. Og naivt. Og eit kortpusta syn på livet.

For mykje tyder på at vi helst bør kunna andre ting enn robotane framover. Laerelyst, utforskart­rong, evne og mot til å tenkja sjølv vil vera viktige i så måte. Heile livet.

Synet på barn som små vesen som bør fyllast med gode program for å fungera optimalt, ligg farleg naert synet på ein velfungera­nde robot.

Det kan vera ein skal la livet få tid til å pusta sjølv. Utan å optimalise­ra på innog utpust.

 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway