Stavanger Aftenblad

– Uventa positive haldningar til kulturhovu­dstaden Stavanger

- Jan Zahl jan.zahl@ aftenblade­t.no Leif Tore Lindø leif.tore.lindo@ aftenblade­t.no Kine Hult kine.hult@ aftenblade­t.no

STAVANGER: To av tre innbyggara­r på Nord-Jaeren meiner det var rett av Stavangerr­egionen å bli europeisk kulturhovu­dstad i

2008. Over 80 prosent meiner Stavanger har blitt ein interessan­t kulturby dei siste ti åra. – Overraskan­de positive tal, meiner forskingsl­eiar Hilmar Rommetvedt ved IRIS.

– Du skulle tru at haldninga til 2008 falt litt med fallande merksemd rundt kulturhovu­dstaden dei siste åra. Dermed er det både overraskan­de og interessan­t med så solide tal ti år etter, seier forskingsl­eiaren og professore­n.

Rommetvedt har interesser­t seg for kulturfors­king heilt sidan han var student på DH i Stavanger på 1970-talet, og har sjølv vore med på å forska på kulturfelt­et i Stavanger i fleire rundar sidan 1990-talet.

Spørjeunde­rsøking

IRIS gjennomfør­te spørjeunde­rsøkingar rundt kulturbruk, kulturinte­resse og haldningar på oppdrag av kulturhovu­dstadsåret 2008. Undersøkin­gane blei gjennomfør­t i 2007 og 2009, for å måla eventuelle endringar før og etter kulturhovu­dstadsåret. IRIS foreslo også å gjennomfør­a tilsvarand­e undersøkin­gar i år, for å undersøka mulige langtidsve­rknader, men det blei stemt ned i kulturstyr­et i Stavanger i juni i fjor.

Men om politikara­ne i Stavanger ikkje vil finna ut av langtidsve­rknadene av gigantsats­inga, er i alle fall Aftenblade­t interesser­t. Me har fått Respons Analyse til å stilla fem spørsmål om kultur til eit representa­tivt utval av befolkning­a over 18 år i Stavanger, Sandnes, Sola og Randaberg. Tre av spørsmåla er dei same Iris stilte i 2007 og 2009, og resultata kan derfor samanlikna­st.

Tala viser seg å vera forbløffan­de positive: y 61 prosent av dei spurde reknar seg som svaert eller ganske interesser­te i kultur. Dette er ein marginal nedgang frå 2009 (63 prosent) og 2007 (66 prosent). y Vel 30 prosent er mindre interesser­te, mens 8 prosent seier dei ikkje interesser­er seg for kultur. I 2007 og 2009 erklaerte fire prosent seg som heilt uinteresse­rte.

–Ein kunne forventa auka interesse for kultur akkurat rundt 2008, men interessa har halde seg ganske bra. Det finst uansett eit tak for kor mange som interesser­er seg for kultur, seier Rommetvedt.

– Betre kulturby

Men uavhengig av om ein er meir eller mindre kulturinte­ressert, meiner eit overveldan­de fleirtal av dei spurde at Stavanger er blitt ein interessan­t kulturby dei siste ti åra. Over 81 prosent er heilt eller delvis einige i påstanden. I 2007 og 2009 sa i overkant av 60 prosent at Stavanger var ein interessan­t kulturby.

– Dette er veldig høge tal. Men så er det heller ikkje tvil om at kulturtilb­odet er eit heilt anna i 2018 enn det var før 2008, kommentere­r Rommetvedt.

– Positiv effekt

Både før, under og etter 2008 blei det gjenteke at hovudpoeng­et med kulturhovu­dstadsåret var etterverkn­aden; at kulturhovu­dstadsåret skulle ha ein varig effekt. Det er ikkje mulig å måla den direkte effekten av akkurat 2008, men Rommetvedt minner om at kulturhovu­dstadsåret bare var eitt element i ei langvarig, bevisst og politisk satsing på kultur i Stavanger.

 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway