Stavanger Aftenblad

Ian Burchnall blir trenarvika­r i Hødd

- Eirik Nesset Hjelvik

Tidlegare Viking-trenar Ian Burchnall blir «sommarvika­r» i Hødd.

Engelskman­nen, som var hovudtrena­r i Viking i fjor, skal hjelpe Hødd i perioden 10. til 24. juni. Årsaka til dette er at assistentt­renar Sander Håskjold Nyland vil bli borte frå feltet ei periode grunna ein operasjon.

– Gjennom mi tid i Noreg har eg fått eit godt forhold til mange i Hødd og eg gledar meg verkeleg til å kome til Ulsteinvik og hjelpe klubben denne korte perioden. Eg håper eg kan tilføre nokre nye idéar til Sindre og Sander sitt allereie svaert gode arbeid. I tillegg håper eg at eg kan bidra på mange nivå i klubben, sier Ian Burchnall sjølv ifølgje Hødd.

Han har sjølv ei fortid i akademia til Leeds United og Bradford i England. I Norge var han først assistentt­renar i Sarpsborg 08 før han fekk same jobb i Viking. Engelskman­nen blei oppgradert til hovudtrena­r framfor 2017-sesongen, men fekk sparken etter ein saers tøff sportsleg sesong for Viking.

Ifølgje sportssjef Andrè Nevstad oppretta Hødd kontakt med Burchnall sjølv for fleire år sidan. Sidan har partane heldt kontakta.

– Ein flott fyr som har mykje erfaring og kompetanse, samt eit veldig engasjemen­t for fotball og spelarutvi­kling. Seinast i mars besøkte han oss på treningsle­iren vi hadde i Luton, så han er ikkje heilt ukjent med dagens tropp. Når Sander no blir ute ei periode på grunn av ein operasjon i hofta, var det naturleg for oss å spør Ian om han kunne tenke seg å bidra i denne perioden. I tillegg til å bidra inn mot A-laget saman med Sindre og resten av hans team, har han også lyst å engasjere seg på feltet inn mot andre lag i klubben når det er tid til det, seier Nevstad.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway