Ka då ittepå – ti år etter
HELGEINTERVJUET: Det var naivt å tru at Stavanger 2008 aleine skulle kunna endra folks kulturinteresse eller omskapa oljehovudstaden til ein kulturhovudstad, meiner mannen bak Ka då ittepå, Trond Hugo Haugen ti år etter.
– Skal du reelt endra folks kulturvanar og -interesser, må du begynna i skuleverket og følgja opp gjennom samfunnets store prioriteringar. Du endrar ikkje sånt på eitt år. Stavanger vil i overskueleg framtid vera ein oljeby, ikkje ein kulturhovudstad, seier Trond Hugo Haugen.
Han er tilbake i Stavanger - på besøk. I 2005, etter at Stavanger hadde fått tildelt statusen som europeisk kulturhovudstad for 2008, etablerte han nettstaden Stavanger2018.no. «Dette er ikke en protest. Dette er en uavhengig prosess som skal sette søkelyset på varig etterbruk» stod det på nettsida.
Sidan skulle han bli kjent som mannen bak spørsmålet utan spørjeteikn, «ka då ittepå», som blei det aller mest debatterte spørsmålet rundt Stavanger 2008. Alle, frå kunstnarar til kulturbyråkratar og politikarar, var, trass all anna usemje, einige om dette eine: det viktigaste ved kulturhovudstadsåret 2008 var langtidseffektane.
Aktiv kunstnar
Kva har skjedd med Haugen ittepå? Han liknar seg sjølv frå 2008, nå bare med meir skjegg og lengre hår.
Haugen budde dels i Malmø og dels i Berlin frå 2007. Sidan flytta han til Oslo, så til Berlin, før han kom tilbake til Oslo i haust. Han jobbar som kunstnar, både gjennom sitt eige kunstnarskap og i diverse styre, som i Kunstnernes Hus i Oslo, i Unge Kunstneres samfunn og i Oslo Open. I tillegg jobbar han for KORO.
– Det høyrest ut til at du har nok å gjera?
– Ja. Livet står ikkje stille.
– Det var aldri aktuelt for deg å flytta tilbake og slå deg ned som kunstnar i Stavanger?
– Nei, det har dessverre ikkje vore aktuelt. Men det skuldast mange faktorar, svarer Haugen.
Tidlig i april var han på gamle trakter for å sjå verket sitt «Et riksportrett (etter Eidsvold 1814)» frå 2014 hengt opp på Stavanger kunstmuseum. Fotografiet viser 112 menneske i Riksforsamlingssalen på Eidsvoll, og skal spegla Norge i 2014 basert på variablar som kjønn, alder, yrke, inntekt, legning og tru.
– Eg ville gi eit bilete av Norge i 2014 gjennom dei som bur i landet, seier Haugen - som syns det tre meter lange biletet ser mindre ut her enn då han jobba med det i atelieret.
Ferdig med Stavanger 2008
– Tenker du nokon gong på Stavanger 2008 lenger?
– Eg tenker ikkje nødvendigvis på 2008. Men eg tenker på 2018. Eg møter til dømes visse forventningar om at eg skal gjera noko i 2018.
Eigentleg har Haugen tenkt minst mulig på Stavanger 2008 dei siste åra, og han reknar ikkje «Stavanger 2018» som eit viktigare prosjekt i sitt kunstnarskap enn andre. Han kjente seg ferdig med Stavanger 2018 etter at han gav ut si oppsummerande bok «Vi har problem vi må slutte å snakke om» i 2015.
– Ein må vidare. Dette prosjektet må ikkje få definera heile mitt kunstnarskap.
– Men om me likevel skal tvinga deg til å tenka litt høgt om kulturhovudstaden ti år etter...
– Så las eg akkurat mi eiga oppsummering i boka - og syns framleis den er god. Der spør eg først om ein treng slike konsept. Så ser eg alt frå neste generasjon, og då vil vår tid fortona seg som ein stor fest. Til slutt er moralen at ein ikkje bør venta til ittepå, men bare gjera ting sjølv.
Vitalt kunstfelt Biletkunstfeltet, som Haugen sjølv er ein del av, blei stadig trekt fram som den store taparen i kulturhovudstadsåret. Ti år etter blomstrar det i eit svaert vitalt biletkunstfelt i Stavanger, med nytt atelierhus på Tou, nytt Grafisk verksted, fleire kunstnarstyrte stader, ny energi både ved Kunsthall Stavanger, Rogaland kunstsenter og Stavanger kunstmuseum.
– Heng veksten på biletkunstfeltet på nokon måte saman med kulturhovudstadsåret?
– Det er det store spørsmålet. Kom Hanne Mugaas til Kunsthallen, Geir Haraldseth til Kunstsenteret og Hanne Beate Ueland til Kunstmuseet på grunn av, på tross av eller heilt uavhengig av 2008? Kva med Studio 17 og Prosjektrom Normanns? Det blir hypotetiske spørsmål, spekulasjonar og vanskeleg å svara på.
Men for ein - i internasjonal samanheng - småby som Stavanger meiner Haugen altså at enkeltpersonar er heilt avgjerande for kva som skjer på kulturfronten. Vel så viktig som store, politiske prosjekt som kjem ovanfrå.
– Kan det eksistera ein slags metaeffekt av 2008: At biletkunstmiljøet har mobilisert naermast på trass, etter å ha følt seg oversett av 2008?
– Det kan henda. Ka då ittepå var til dømes eit prosjekt i ein slik logikk. Det blei eit rom for å diskutera og kritisera 2008 som eg håper bidrog til at miljøet reiste seg. Men igjen: Det er mange mulige forklaringsfaktorar, og det heng mykje saman med at enkeltpersonar får ting til å skje.
Ikkje lettare
Men samtidig som biletkunstfeltet har utvikla seg positivt dei siste ti åra i Stavangerregionen, og har utvida sitt eige handlingsrom, har det ifølgje Haugen ikkje blitt lettare å vera biletkunstnar.
– Det økonomiske handlingsrommet har ikkje blitt større, verken for enkeltkunstnarar eller institusjonane. Kunstnarane har ikkje teke del i den formidable lønnsveksten alle andre har opplevd, men gått ned i lønn, seier Haugen.
Dåverande ordførar Leif Johan Sevland gjentok gong etter gong at Stavanger 2008 ikkje bare skulle vera ein episode, men starten på ein epoke. Og på eitt vis meiner Haugen at Sevland fekk rett:
– 2008 blir eit bilete på ein epoke der kunst er redusert til naering. 2008 var eit marknadsføringsprosjekt, der kunsten skulle brukast instrumentelt for å skaffa byen fleire turistar, arbeidstakarar og nye bedrifter - og ikkje til kritikk, refleksjon og problematisering. Sidan då har kunsten fått dytta på seg naeringslivets språk og eit overskyggande mantra om kunst som naering, og krav om å vera tilgjengeleg og folkeleg. Eg veit ikkje om det var dette Sevland såg for seg, seier Haugen.
– Stavanger skulle ikkje bare bli attraktiv for turistar, arbeidskraft og bedrifter, men også for kunstnarar?
– Attraktiv er eit sterkt ord. Det kan vera gode grunnar til å bu her, men ikkje det.
Kunst opp, Viking ned
Haugen bur nå i Oslo, og også der registrerer kunstnarmiljøet ein ny vitalitet i Stavanger.
– Så Stavanger er «på kartet» som kunstnarby i Norge i 2018?
– Ja, det vil eg seia.
– Er Stavanger ein meir interessant kulturby i 2018 enn han var i 2008?
– Ja, eg syns det er meir interessant her utan overbygginga som var i 2008. Men eigentleg er ikkje eg den rette til å svara på det. Du må spørja dei som bur her.
Aftenbladet har spurt både befolkninga på Nord-Jaeren og kulturlivet sjølv. Fire av fem meiner Stavanger har blitt ein meir interessant kulturby dei siste ti åra.
Haugen registrerer at trua på grandiose arrangement og folkefestar som marknadsføringsprosjekt for byar og regionar ikkje er svekka ti år etter. I Stavanger har ein lenge snakka om byjubileet i 2025, andre norske byar har konkrete planar om å søka om europeisk kulturhovudstadsstatus.
– Eg blir litt pessimistisk på vegne av kunsten når utgangspunktet er at alle skal med, at alt skal skjønast av alle, at alt skal vera folkeleg. Det innskrenkar kunstens handlingsrom. Ingen krev at alle skal skjøna forskarspråket eller alt dei driv med på Universitetet, og slik er det også i kunsten.
– Er det ikkje bra at ein prøver å tenkja stort på kulturfeltet, at ein prøver å stella i stand store, felles opplevingar - som kulturhovudstadsåret?
– Jo, men språket må vera aerleg. For å få i stand slike arrangement, driv ein med innsalg til sponsorar, politikarar og publikum. I festivalsegmentet lever ein av store, svulstige ord, ikkje av problematisering eller dei kompliserte spørsmåla i kunsten. Likevel har altså kunstscenen rykka opp, mens Viking har rykka ned, ler Haugen.