Ap meiner demenslandsby må ha bakeri
STAVANGER: Om demenslandsbyen ikkje inneheld bakeri og kolonihandel, kan ein like gjerne bygge ein vanleg sjukeheim, meiner Ap. Tysdag skal saka opp i kommunalstyre for levekår.
Stavanger kommune ser for seg at Ramsvigtunet sykehjem, bufellesskap og omsorgsbustader i 2023 er blitt bygd om til ein landsby for dei demente. Mellom 90 og 97 demente skal leve slik dei hugsa at ting var då dei var unge. Tysdag skal kommunalstyret for levekår ta stilling til korleis demenslandsbyen skal utformast. Ap meiner rådmannen sitt saksframlegg er mangelfullt.
– Noko meir enn sjukeheim
I framlegget frå rådmannen står det for lite om alle desse tinga som skal gjere demenslandsbyen til noko meir enn ein sjukeheim, meiner partiet.
– Vi har snakka i mange år om at dette skal likne eit samfunn. Då er der enkelte ting som må på plass for at det skal vere vits å bygge demenslandsby, seier Linda Susanne Krüger (Ap). Dei kjem difor med sitt eige forslag der dei ber om at det blir oppretta bakeri og kolonialhandel.
– Om vi ikkje får på plass dette, kan vi like gjerne bygge vanleg sjukeheim. Skal vi først bygge demenslandsby, må vi vere nytenkande, meiner ho.
Ap reknar med dei får med seg resten av opposisjonspartia som forslagsstillarar og at fleirtalspartia stemmer for forslaget.
Kåre Reiten (H) er usikker på om fleirtalspartia vil stemme for Ap sitt forslag.
– Å vedta at der må vere bakeri og kolonihandel blir for detaljert. Vi er samde i at slike ting høyrer med i prosjektet, men eg tenker vi bør sette ei grense for kor detaljerte vi skal vere. Vi kan ikkje begynne å vedta at der skal vere kniplingar i gardinene, seier han. Ap foreslår også at demenslandsbyen skal få sitt eige storkjøkken med eigne tilsette.
– Vi meiner alle nye sjukeheimar skal ha eige kjøkken, så dette er vi samde i, seier Reiten.
Må dei flytte?
Ramsvigtunet består både av bufellesskap, sjukeheim og omsorgsbustadar. Diskusjonen til no har dreia seg om kor vidt desse skal flyttast. At bebuarane ved omsorgsbustadane må flytte, er allereie bestemt. Og desse skal heller ikkje tilbake til Ramsvig etterpå, men vil bli plassert i andre omsorgsbustadar. Tidlegare var det sagt at også bebuarane ved sjukeheim og bufellesskap skulle flyttast midlertidig.
– Det vi foreslår no er at desse skal sleppe å flytte, men framleis kunne halde fram å bu på Ramsvigtunet under ombygginga, seier levekårsjef Eli Karin Fosse.
Slik kan det bli ved at kommunen startar med å rive omsorgsbustandane og bygger eit nybygg der. Når dette er ferdig kan bebuarane flytte inn der medan ein bygger resten av demenslandsbyen.
– Anten må dei flytte litt på seg eller så må dei bu på ein byggeplass i minst eit år, seier Kåre Reiten (H).
Tysdag vil difor fleirtalspartia gå imot rådmannen sitt forslag på akkurat dette punktet. Dei foreslår heller å vedta at byggeprosess med flytting er å foretrekke så lenge det let seg gjere.
– Vi blir ikkje høyrd
Ramsvig har også i underkant av 30 busette i omsorgsbustadane. At desse må flytte, er allereie bestemt, og dei vil bli fordelt på forskjellege bustader på Storhaug. Dette har bebuarar demonstrert mot tidlegare.
Saka skal vidare til behandling i kommunalstyret for miljø og utbygging og deretter formannskapet. Denne saka tar ikkje stilling til om demenslandsbyen faktisk vil bli realisert. Det vil bli tatt opp i arbeidet med kommunen sin handlings- og økonomiplan.
– Føresetnaden for alt er at det i haust blir lagt inn tilstrekkeleg med midlar i budsjettet, seier levekårsjef Eli Karin Fosse.
I saksframlegget frå rådmannen står det også at demenslandsbyen skal finansierast med midlar frå staten gjennom Husbanken.