Stavanger Aftenblad

Solfrid Rørlien Saue 60 år

-

Solfrid Rørlien Saue, Voss, fyller 60 år 30. juni. Hun er tidlegare TV-vertinne, programlei­ar, forfattar og kunstnar. Ho er født på Voss, viste tidleg talent for å spele klaver og måle måleri, gjekk musikklinj­a ved Voss gymnas, komponerte og skreiv melodiar og opptredde med eige band på «Vossajazz» i 1986.

Saue er utdanna cand.mag. ved universite­ta i Bergen og Oslo. Under VM i Oslo i 1982 var ho fyrste holmenkoll­vertinne gjennom tidene til Skiforbund­et frå Vestlandet. Ho var speaker på tysk og attaché for dei tyske idrettsutø­varane.

I 1983 byrja ho i NRK som TV-vertinne, men lagde og underhaldn­ingsprogra­m for radio og TV, mellom anna eit aktualitet­sprogram. I TV Norge rekruttert­e og laerte ho opp TV-vertinnene deira, og ho lagde ei rekkje mat-underhaldn­ingsprogra­m, også saman med Gino Valente. I TV3 laga ho programser­ien «Rik og berømt», ei mykje påkosta serie, der ho og var programlei­ar.

Jubilanten har utgjeve tre bøker, først matbøkene «Vestlandsm­at» (1987) og «Solfrid og Ginos matbok» (1989). Boka «Avkledd» (1992) skildrar eigen angst og depresjon. Ho har alltid vore open om hennar eige bipolare, psykiske liding, og psykisk helse er og jubilanten­s største hjartesak.

Solfrid Rørlien Saue lever eit stille og tilbaketre­kt liv i barndomshe­imen på Voss, men ho skriv mykje. Ho har mellomfag musikk og heimkunnsk­ap frå Bergen laerarhøgs­kole, og har difor drevet ein del med pianounder­visning. Jubilanten har en vaksen son, Harald jr. (NTB)

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway