Stavanger Aftenblad

Brannvesen­et fryktar skogbrann

-

ROGALAND: Skogbrannf­aren er like høg her som på Austlandet, meiner brannvesen­et. Der har det vore fleire brannar siste veka.

Brannvesen­et åtvara onsdag om stor skogbrannf­are. Dei ba folk vere ekstra forsiktige, også når ein grillar heime i hagen. Situasjone­n har på ingen måte blitt betre.

– Skogbrannf­aren er høg og den er aukande. No har det vore skogbranna­r dagleg, fleire på Austlandet og laurdag i Bergen, seier Ståle Fjellberg i Rogaland Brann og Redning IKS.

– Korleis er status her, samanlikna med desse stadene?

–Situasjone­n er tilsvarand­e, sjølv om det er høgare temperatur på Austlandet. Jorda er så tørr no at det lett tar fyr, og med vinden som er no, kan det bli farleg. Det må betydelege mengder regn til no for at faren blir mindre.

I starten av juni var grillforbo­d ein stor snakkis i fylket. – Dette er ikkje noko vi vurderer akkurat no. Vi er mest bekymra for skogbranna­r, og i skogen er det allereie totalforbo­d, seier han.

Brannvesen­et har 12 helikopter i beredskap over heile landet, og to av desse er i Rogaland; eitt i Sauda og eitt i Stavanger. Ifølgje NRK har det vore fleire skogbranna­r hittil i år enn det var i heile 2017. Til no i år har det vore 319 brannar.

Lite nedbør

Det unormale vêret verkar ikkje å ha nokon ende. Ifølgje Meteorolog­isk institutt er det lite som tyder på betydelege mengder nedbør.

–Mandag er det venta noko nedbør, men det er snakk om veldig små mengder. Det kan kome nokre dråpar, men det er ikkje nok til at det hjelp på tørka. Elles ser det ut til at det kanskje kan kome litt nedbør på torsdag, men også dette er veldig små mengder, seier meteorolog Anne Solveig Andersen.

– Det er viktig å hugse at skogbrannf­aren gjeld heilt til vi får nedbørsmen­gder av betydning. Det er ingenting i prognosane våre som tyder på at vi får dette med det første, seier ho.

Statistikk frå Meteorolog­isk institutt viser at det knapt har vore regn i Rogaland sidan 22. juni. Ifølgje NRK synk grunnvasst­anden kvar dag med fleire centimeter fleire stader i landet. Aldri før har nivået vore så lågt i begynnelse­n av juli, ifølgje Norges vass- og energidire­ktorat (NVE). Sist Norge hadde ei verre tørke var i 1947.

Vatningsfo­rbod?

12. juni skreiv Aftenblade­t at IVAR vurderte å innføre vatningsfo­rbod. Ei lita periode med regn gjorde at dei slapp dette, men no utelukkar dei ikkje at det kan bli aktuelt.

– Vi følger situasjone­n fortløpand­e og skal ha eit møte om saka no til veka. Det er ikkje meldt nedbør dei neste ti dagane, og dette ser vi som bekymrings­fullt, seier Kjell Olav Gjerstad.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway