Stavanger Aftenblad

Ver begeistra for kvarandre!

-

«Hald syskenkjae­rleiken levande! Gløym ikkje å vera gjestfrie», står å lesa i dagens bibelord frå hebrearbre­vet.

Vi har alle eit ansvar overfor kvarandre. Vi er alle ein del av eit lokalsamfu­nn, i by eller bygd, som vi saman har eit ansvar for skal vera ein god stad å leva.

«Elsk kvarandre med inderleg syskenkjae­rleik; set dei andre høgare enn dykk sjølve! Ver ikkje lunka, men ivrige.» (Rom 12, 10-11)

Vi må vera begeistra for kvarandre. Eit menneske vert ikkje meir eller mindre verdifult på grunn av kven ein er eller kva ein gjer. Eit menneske sin verdi ligg ikkje i det ein presterer, det ligg i at Gud har skapt oss menneske i sitt bilete. I eit kristent verdsbilet­e er menneskeve­rdet uendeleg, konstant og likt for alle. Menneskeve­rdet er ikkje avhengig av kor rikt det er utrusta med intelligen­s, eller kor nyttig det er i samfunnet. Det er menneske i alt sitt mangfald som har fått Gud sitt kjaerleiks­merke på seg.

Vi er skapte til fellesskap, med Gud og med kvarandre.

Gud sendte Jesus til jorda for å frelse, og Jesus gav oss glimt av himmel ved måten han behandla menneska han møtte. Jesus viste oss Guds rike.

Han som ikkje gjer forskjell på folk, ber oss å laera av han og følgja han i møte med alle syskena våre, alle medmennesk­a våre, slik at verda kan verta ein betre stad å bu for oss alle.

«Hald syskenkjae­rleiken levande! Gløym ikkje å vera gjestfrie!», er ordet til oss i dag.

Hald syskenkjae­rleiken levande! Gløym ikkje å vera gjestfrie, for på den måten har somme hatt englar til gjester utan å vita det. Kom i hug dei som sit i fengsel, som om de sat i lenkjer saman med dei. Og tenk på dei som blir mishandla, som om det gjaldt dykkar eigen kropp. Lat ekteskapet haldast i aere av alle, og lat ikkje ektesenga skitnast til. For Gud vil dømma dei som driv hor eller bryt ekteskapet. Lat ikkje kjaerleik til pengar styra livet, men ver fornøgde med det de har. For Gud har sagt: Eg sviktar deg ikkje og går ikkje frå deg. Difor kan vi vera ved godt mot og seia:

Herren er min hjelpar, eg er ikkje redd.

Kva kan menneske gjera meg? Hebr 13,1-6

Ellen Nordtun

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway