Stavanger Aftenblad

Rikdom og aere

- Ellen Nordtun

DAGENS ORD: «Samla dykk ikkje skattar på jorda», seier Jesu i dagens bibelord i Matteus 6,19.

Viss vi tenkjer etter, kva skattar er det vi samlar på? Kva er viktig for oss? Som liten er kanskje det å samla på ting som fotballkor­t, frimerke eller andre småting som har verdi. På ungdomssku­len er kanskje fokuset meir på motekler. På vidaregåan­de begynner fokuset på karakterar å få større og større oppmerksem­d. Det same gjeld på høgskular og universite­t. Karakteran­e og kampen om å koma inn på det studiet ein ønskjer har hovudfokus. Eksamenar og pensum lesing tar opp mykje av tida.

Og så kjem arbeidsliv­et med krav om prestasjon­ar, karriere, hus, bil og hytte. Vi samlar på skatter, for å bruke Jesu ord, skattar som er naerme oss, som angår oss, liva våre og dei aller naeraste.

Jesus forkynner ikkje om eit liv i askese og fattigdom som noko ideal. Eit godt liv med god økonomi må sjåast på som ei velsigning. I seg sjølv er ikkje pengar noko vondt. Men det som eigentleg er ei velsigning og eit godt høve til god forvaltnin­g, kan enda opp i egoisme og ta heile hovudfokus­et i livet. For pengar har ei forførande makt.

Jesus seier: Men samla dykk skattar i himmelen, der verken møll eller makk øydelegg og tjuvar ikkje bryt seg inn og stel.

For der skatten din er, vil hjarta ditt òg vera, seier Jesus. Det er ordet til oss i dag.

Rikdom og aere som menneske gjev, Er ikkje meir enn den morknande vev. Du er min arv som varer til sist, himmelske konge, det veit eg for visst. (Norsk Salmebok, 482, vers 4)

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway