«Mindre god» badekvalitet ved ny bystrand
Den splitter nye sandstranda i Lura er ei av få badeplassar i Sandnes der kvaliteten på vatnet ikkje er god. Forureining frå Lurabekken er grunnen.
Det viser Sandnes kommune si ferske undersøking av kvaliteten på badevatna. Luravika strand er målt til «mindre god».
Aftenbladet har tidlegare skrive om risikoen for at Lurabekken forureinar den nye badestranda. Tidlegare prøver av vatnet som renn ut ved bekken har vist store mengder bakterier grunna utslepp frå jordbruk.
– Ikkje uventa
– Resultatet av prøvene er sånn sett ikkje uventa. Vi har visst heile tida at det vil kome forureining frå bekken. Det er venta at det vil vere sånn, men at det vil svinge litt. Difor vil vi ta prøver ofte, seier kommuneoverlege Hans Petter Torvik ved Sandnes kommune.
For å sikre kvaliteten på vatnet ved den nye sandstranda, aukar dei talet frå fire til åtte prøver i løpet av badesesongen. Er kvaliteten dårleg, vil stranda bli stengt og det vil bli satt opp skilt som informerer om dette.
Sintef har på oppdrag av kommunen laga ein rapport om straumforholda rundt Lurabekken. Dei meiner det vil hjelpe å etablere ei «boblegardin», ein slags skillevegg som skal halde vassmassene frå Lurabekken og badeområdet fråskilt.
Sandnes kommune har derimot svart at ei slik ordning vil føre med seg «uforholdsmessig høye kostnader».
Trygt å bade
– At stranda er målt som mindre god, betyr ikkje at det ikkje er trygt å bade der. Og så er det jo få som drikk sjøvatnet som dei badar i, seier Torvik.
Grenseverdiane er målt i ein skala der alt mellom 0 og 100 tarmbakteriar per hundre milliliter er definert som god kvalitet. Alt mellom 100 og 1000, er i kategorien mindre god og alt over 1000 er rekna som ueigna å bade i.
Luravika er målt til 540. Det må dermed bli ei fordobling av bakterienivået før vatnet er rekna som ueigna å bade i.
– Dette kan skje dersom det kjem ein kraftig regnskyll, men så lenge det er tørt og varmt trur vi heller nivået vil synke, seier han.