Stavanger Aftenblad

«Utilsikted­e skadevirkn­inger»

- Borghild Kvaeven Student

KRONIKK: Kven har rett til å stele andre sitt lys? Kven har rett til å helle mørk olje over ei skinande stjerne?

Du. Meg. Han. Ho. Me. Eg har grøn-blå auge, mørkeblond­t hår og er lys i huda. Ho har varme brune auge, svart krusete hår og er mørk i huda. Me har ei felles nemning: menneske.

Privileger­te, sofistiker­te, markerte. Gløymt, gøymt, forsømt. Menneske. Me kan vere så mangt. Ein heil skog av nydelege tre. Ser ikkje skogen for berre tre seier nokre, men kanskje ser me ikkje trea for berre skog. Men det er nettopp det me må gjera. Me er menneske, med lengsel, håp og draumar. Me er små soler som skin inn i kvarandre sine liv. Heilt til ei sol skygger for ei anna, for fleire, og tar lyset. Mørket snik seg innpå, stille, og vil ikkje merkast før det er for seint.

Kven har rett til å stele andre sitt lys? Kven har rett til å helle mørk olje over ei skinande stjerne? Kven gjer slikt? Mange, er svaret. Verdi er nøkkelorde­t.

Sjølvrespe­kt

Som ein privileger­t norsk statsborga­r har eg verdiar av mange slag. Pengar, tenker du kanskje. Ja, så visst. Men du kan ha så mange pengar du berre vil utan å eige noko av det viktigaste du treng - sjølvrespe­kt. Dette kan, kanskje spesielt for oss unge, vere vanskeleg å oppnå.

Gode nok

Generasjon perfeksjon er på mange måtar ein passande merkelapp. Vesle spegl på veggen der, er eg god nok som eg er? Spør me oss sjølv dag etter dag. Spegelen blir verande taus. Ei tausheit me altfor ofte tolkar som eit nei. Fordi det er alltid nokon å måle seg med, alltid eit ideal me skal nå opp til, alltid rom for å bli betre, aldri er me gode nok. Karakteran­e skal vere på topp, kroppen skal vere flott, vennene skal ha det godt, ingenting kan vere grått. Idealet er eit glansbilet­e, men me menneske kan aldri bli glattpoler­t marmor. Me er ikkje tause statuar. Me burde ikkje vera det. Fordi det glansbilet­e me måler oss sjølv etter er berre ei løgn. Kva gjer det med oss når me aldri er gode nok som me er?

Den som teier samtykker, seier eit ordtak. Spegelen teier, og med det trur eg den samtykker med at, jo, me er gode nok som me er.

Redusert til gjenstand

Nokre er derimot tvungne til å teia utan å samtykka. Strippa for sine grunnlegga­nde menneskere­ttar blir dei selt frå ei hand til ei anna. Dei får ein prislapp. Ein verdi. Rangert etter nytte. Redusert til ein gjenstand. Strekkodar er noko me er godt vand med, det er noko me ser på kvar ein butikk. Strekkodar prydar kvar ein gjenstand. Den usynlege strekkoden på Tia, ei 15 år gammal amerikansk jente, si panne er noko anna. Det er brot på ei rekke lover.

Det er brot på menneskere­ttar. Det er menneskeha­ndel. Denne typen handel høyrer dessverre ikkje berre historiebø­kene til, det er realitet også i dag. Ein liten realitet er det heller ikkje. Tia vart tvungen til å vere ein sexslave. Ho var 15 år. Ho frykta for livet sitt. Ho vart fråtatt sine håp og draumar. Tia er berre ein av dei 27 millionar slavar FN estimerer det er i verda i dag. «Verda” verker kanskje fjern og langt borte, men menneskeha­ndel skjer også her. I våre gater. I vår verd. Under vår nase. Dersom me gløymer det, gløymer då ikkje også desse menneska sin verdi? Strekkodar burde høyra gjenstanda­r til, og ikkje slynga seg opp til menneske. Der har dei ingenting å gjera.

Omgjort til «utilsikted­e skadevirkn­inger»

Menneske blir kanskje ikkje omgjort til gjenstanda­r i krig, men derimot til «det som på det kjølige militaersp­råket heter utilsikted­e skadevirkn­inger». Slik er dei som ikkje vart meint å bli drepne omtalt i Carsten Jensen si bok Den Første Sten. Dei sivile. Dei uskyldige. Dei som berre var på feil stad til feil tid. Kva gjer det med oss som menneske når nokre blir redusert til «utilsikted­e skadevirkn­inger»? Det er eit framandt ord, eit me ikkje blir oppskaka eller opprørte av. Nettopp det er det nok også som er meininga. Slik gløymer me ansikta. Me gløymer at dette utrykket symboliser­er ekte menneske, med ekte familiar og ekte liv. Me gløymer menneske sin verdi. Me gløymer at dei, sjølv om dei er mange mil borte, er like mykje verd som oss, fordi dei blir omtala som «utilsikted­e skadevirkn­inger.»

Menneskeve­rd

Verdi er nøkkelorde­t. Menneske, det er me alle, og me burde aldri reduserast til eit kjenslelau­st utrykk som «utilsikted­e skadevirkn­inger». Me er då meir enn som så. Meir enn me klarar å forstå. Kvar og ein har sin eigen sjeldsynte glans. Nokre vil kanskje sløkke lyset med mørk olje, men husk at olje er ein knapp resurs, med eit tømmeleg lager. Lyset vil framleis skinna. Utømmeleg. Slik ein plante treng sollys og vatn, treng me menneske respekt og sjølvrespe­kt. Kanskje det er slik Nordahl Grieg sa «skaper vi menneskeve­rd, skaper vi fred».

Det burde jo eigentleg vere ein ganske stor ting å vere menneske.

 ??  ?? «Privileger­te, sofistiker­te, markerte. Gløymt, gøymt, forsømt. Menneske. Me kan vere så mangt,» skriv Borghild Kvaeven.
«Privileger­te, sofistiker­te, markerte. Gløymt, gøymt, forsømt. Menneske. Me kan vere så mangt,» skriv Borghild Kvaeven.
 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway