Dei skal dele ut tonnevis med gratis mat
SANDNES: Matsentralen Rogaland trur behovet for gratis overskotsmat kan bli langt større enn dei har rekna med. Om nokre månader opnar dei dørene for veldedige organisasjonar.
Kvar veke serverer 15 veldedige organisasjonar i Rogaland rundt 1300 varme måltid, heilt gratis, laga av overskotsmat som dei har henta frå dagelgvarebutikkar.
No kan dei snart hente maten frå nyoppstarta Matsentralen Rogaland. Dei opnar dørene i september eller oktober.
– Slik det er i dag, går organisasjonane kvar for seg til daglegvarebutikkane og får med seg fulle posar med overskotsmat. Ved å samle maten i ein eigen sentral, meiner vi at det blir enklare både for organisasjonane og for matleverandørar, seier Tor Jan Bredenbekk, dagleg leiar Matsentralen Rogaland.
Planen er at ledig kapasitet på returtransportane frå daglegvarebutikkar kan utnyttast til å frakte mat til matsentralen.
Gratis mat
I desember 2017 skreiv Aftenbladet at Evangeliesenteret, Frelsesarmeen, Stavanger kommune, Hjerte for Sandnes/ Pinsemenigheten Klippen og IVAR hadde gått saman om å kartlegge behovet for ein slik sentral. Konklusjonen var at det trengs 200 tonn mat i året.
– Det er heilt sikkert fleire organisasjonar vi ikkje har klart å fange opp, så behovet er nok enda større, seier Vidar Solevåg i Frelsesarmeen.
Solevåg og Bredenbekk står i Hoveveien 9, eit 650 kvadratmeter lagerrom. Digre malingspann og ei gardintrapp er plassert i ei klynge midt på gulvet. Rommet er så stort at det fint kunne romma fleire butikkar. Her inne skal det byggast veggar som deler inn i kjørerom, fryserom og tørrlager. Tonnevis med mat skal leverast ut.
– Det ligg lite pegnar i å dele ut gratis mat, så vi er veldig avhengige av sponsorar. Vi har mellom anna blitt sponsa med ei svaert gunstig leige på lokalet, seier Bredenbekk.
Kartlegginga frå i haust viser eit investeringsbehov på rundt 1.300.000.kroner for å kunne realisere prosjektet. Driftsbudsjettet viser årlege kostnader på 1,4 millionar.
Kavlifondet har bidratt med 1,1 millonar kroner og Sparebanken Vest med 450.000. I tillegg er både Stavanger kommune og Sandnes kommune med og sponsar. Det er likevel ikkje nok, og dei er difor framleis på friarrunder til kommuner og private aktørar.
Trend
I Europa har fenomenet eksistert ei stund, heilt sidan Paris fekk matsentral i 1984. Dei siset åra har det begynt å dukke opp i norske byar, først i Oslo i 2013, så Tromsø i 2016, i Bodø og Bergen i 2017 og Trondheim i 2018. I Sandnes lener dei seg spesielt på erfaringa frå Bergen.
– Då dei opna i Bergen, hadde dei rekna med å få inn 10–12 tonn mat første månaden, men endte med 45 tonn. Dei skulle berre ha ope tre dagar, men pågangen var så stor at dei no held sentralen ope kvar dag. Eg trur vi må rekne med at dette kan bli mykje større enn vi har sett for oss, seier Bredenbekk.
– Det er viktig at vi klarer å få kontakt med alle som driv med matutdeling og servering i Rogaland, så vi ikkje sit att med meir enn vi klarer å dele ut. Det vil variere veldig kva type råvarer ein får. I Bergen opplevde dei til dømes å få inn 20 tonn bananar. Kanskje hadde det vore ein idé å sjekke om organisasjonar er interessert i å lage syltetøy eller juice når vi får større menger frukt og grønt.
Bredenbekk er den einaste tilsette i Matsentralen Rogaland. Elles baserer det seg på frivillig arbeid og arbeidssøkarar som er i arbeidstrening.
– Mange som allereie er frivillige i samarbeidsorganisasjonane i Matsentralen, har sagt at dette er noko dei ønsker å bidra med. I tillegg er det fleire nye som har tatt kontakt sjølvstendig.
Slik det er i dag, går organisasjonane kvar for seg til daglegvarebutikkane og får med seg fulle posar med overskotsmat. Ved å samle maten i ein eigen sentral, meiner vi at det blir enklare både for organisasjonane og for matleverandørar.
Tor Jan Bredenbekk, daglig leiar Matsentralen Rogaland