Stavanger Aftenblad

– Bomstasjon­ane gjer at folk kjøper to Teslaer. Det har ikkje vi råd til

- Birgitte Flote birgitte.flote@aftenblade­t.no

SANDNES: Småbarnsmo­r Yawen Wang Jonassen reagerer på at ho må betale bompengar når det ikkje er mogleg å ta bussen.

Yawen Wang Jonassen bur på Bogafjell i Sandnes med mann og to små born. Ho jobbar på Sabi Sushi på Kvadrat. På dagtid går bussane hyppig mellom Bogafjell og Kvadrat, med bytte i Sandnes sentrum. Men når arbeidsdag­en sluttar ved midnatt, rekk ho ikkje siste buss.

– Det eg reagerer mest på er at eg blir nøydd å betale bompengar sjølv om eg faktisk ikkje kan velje å ta bussen. Eg skulle gjerne jobba dagtid, men slik er det ikkje alltid i min jobb. Slik er det i mange yrker.

På veg til jobb er det to bommar, først gjennom Sandnes sentrum og så ved Kvadrat. Som oftast køyrer ho utanom rushtid og då kostar det 22 kroner å køyre inn i ein bomring frå 1. oktober.

Mannen hennar jobbar på Forus, men køyrer Nissan Leaf elbil og slepp dermed å betale bompengar. Begge er i fulltidsjo­bb, men akkurat no er Yawen i fødselsper­misjon. I tillegg til elbilen, har dei ein dieselbil som dei kjøpte brukt og veldig billeg.

Påverkar kommuneval­et

– Eg veit om fleire som har kjøpt to Teslaer, men det har ikkje vi råd til. Vi er på ingen måte fattige, men har ei gjennomsni­ttleg løn. Når vi skal handle, sjekkar vi tilboda på mat og drar til butikkane som har dei billegaste bleiene. Kanskje er bomstasjon­ane eit luksusprob­lem, men det kjennast urettferdi­g når ein sparer og sparer på andre områder.

Ei meiningsmå­ling som Respons analyse har utført for Aftenblade­t og NRK Rogaland, viser at berre éin av ti er positive til den nye bompengeor­dninga.

Saka påverkar kva Yawen stemmer ved neste val.

– Eg stemte Høgre ved forrige val, og i dei fleste saker er det dei eg er mest samde med. Ved neste val stemmer eg Frp.

Bymiljøpak­ken blei vedtatt av eit einstemmig Storting i 2016, og hadde frå før blitt behandla lokalt. Første gong Aftenblade­t omtalte nivået på takstane var i 2014.

– Kva tenkte du om bomringane då dette blei vedtatt?

– Eg tenkte åja, javel, og så tenkte eg at vi får vente og sjå kor bomstasjon­ane blir plassert. Eg har vore naiv, og eg innsåg ikkje kor dyrt det kom til å bli. Mange av dei som demonstrer­er no, tenkte nok at det sikkert ikkje kom til å ramme dei så hardt personleg og at det liksom ikkje er like farleg då. Så plutseleg kom bommen rett utanfor huset deira. Og så trur eg det er mange som ikkje visste det før no, fordi dei faktisk ikkje følger med på politikk.

– Burde vore alternativ

Sjølve innhaldet i bymiljøpak­ken, med blant anna bussveg, sykkelstam­veg og E39-utbetringa­r, er ho langt på veg positiv til.

– Eg forstår godt at vegar må byggast og kollektivt­ilbod bli betre, men er kritisk til måten det blir gjort på med å omringe bykjernene. Eg kjem opprinnele­g frå Kina, og er vand med at ein kan velje mellom flotte vegar der ein må betale avgift for å køyre og eit gratis alternativ på ein dårlegare veg. Her får vi ikkje velje. Samtidig bur folk her så spreidd at det for mange er vanskeleg å ikkje ha bil.

– Det må finnast andre måtar å gjere dette på. Dersom miljøet er den viktigaste grunnen til at ein skal bygge ut kollektivt­ransporten her, meiner eg ein heller burde auka til dømes parkerings­avgifter.

Demonstras­jonar

I dag skal det haldast demonstasj­onar både ved Sandved i Sandnes og på Bybrua i Stavanger. I Stavanger skal dei køyre sakte over brua, medan dei i Sandnes har fått løyve til å gå i tog i vegbana, opplyser Bjart Larsen, politistas­jonssjef i Sandnes.

 ?? FREDRIK REFVEM ?? Yawen Wang Jonassen, Steffen Wang Jonassen og dei to døtrene Alice (seks veker) og Kine (15 månader).
FREDRIK REFVEM Yawen Wang Jonassen, Steffen Wang Jonassen og dei to døtrene Alice (seks veker) og Kine (15 månader).

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway