Stavanger Aftenblad

Mangfald i arbeidserf­aring og utdanning fører oftare til nyskaping

- Marte Cecilie Wilhelmsen Solheim Postdoktor, Handelshøg­skolen ved UiS

KRONIKK: I omstilling­stider få mange seg arbeid som ikkje er midt i blinken for utdanning og tidlegare praksis. Nettopp det kan vere bra for verksemden­e dei kjem til.

I ein ny studie finn vi at ulik erfaring fører til søknadar for nye innovasjon­ar, nye patent. Dette gir grobotn for vidare diskusjona­r om korleis vi kan tenkje nytt med tanke på kva kompetanse vi treng vidare, samt korleis vi kan på best mogeleg måte utnytte den allereie eksisteran­de kompetanse­n som vi har. Dette behovet vert saerleg presserand­e i ei tid med auka grad av automatise­ring og digitalise­ring av arbeidsmar­knaden.

Omstilling og regionale strukturar

På nasjonalt nivå, og saerleg i Stavanger-regionen, har ein som følgje av nedgang i oljeprisen vore inne i ei tid med sterk omstilling og utskifting. Mange arbeidstak­arar har måtta sjå seg om etter nye arbeidspla­ssar. Mange av desse arbeidstak­arane har ein anna type kompetanse eller har arbeidserf­aring frå andre industriar enn dit dei no må søke seg mot. Det kan føre med seg nokre utfordring­ar, samstundes som at det kan opne opp for nye moglegheit­er.

Dette fordrar at ein klarer å oversetje den kompetanse­n arbeidstak­arane har med seg, og at ein er open for at erfaring frå eit område kan vere nyttig i innovasjon­sarbeidet i andre type industriar.

I forskingsl­itterature­n ser ein gjerne at regional industri-samansetna­d utviklar ei sti-avhengighe­it, det vil seie at industriel­l utvikling byggjer på evnene og kompetanse­n som allereie eksisterer i ein region. Med andre ord ser ein at regionar har ein tendens til å bevege seg inn i industriar som er teknologis­k kopla til den industrien som regionen allereie har. Dette kan føre til at ein vert best i klassen fordi at ein fokuserer på liknande industriar, men det kan òg verke slik at ein kan bli låst i vante mønster og ikkje evnar å ta til seg kunnskap frå andre domene − og dermed kan gå tapande ut. Desse omkringlig­gjande industri-strukturan­e påverkar erfaringsm­angfaldet ein kan ha i ei verksemd.

Når ein miksar ulike bakgrunnar

Derfor er det på sin plass å stille spørsmål: Påverkar ein heterogen arbeidssto­kk innovasjon­sevna ulikt enn ein meir homogen arbeidssto­kk?

For å kunne undersøke dette, såg professor Sverre J. Herstad og eg på menneske si utdannings- og erfaringsb­akgrunn i høve til ulike mål på innovasjon. Forenkla sagt vart tilsette delte inn i om dei hadde liknande eller forskjelle­ge erfarings- og utdannings­bakgrunnar. Døme på liknande erfaring er om dei har arbeidd innanfor liknande industriom­råde. Til saman undersøkte vi rett under 3000 norske føretak. Dette datamateri­alet baserer seg på registerda­ta frå Statistisk sentralbyr­å som er kopla med ei omfattande innovasjon­sundersøki­ng (CIS).

Internasjo­nal forsking vel ofte å fokusere på det vi kallar for primaer-mangfald, som er ting vi ikkje kan endre, som til dømes kvar vi er fødde. Denne forskinga har i mindre grad fokusert på sekundaer-mangfald, som er element vi kan endre, som arbeidserf­aring og utdanning. Internasjo­nal forsking har også fokusert på mangfald i delar av organisasj­onen, med eit saerleg fokus på topp-leiinga, men utan å ta høgde for at innovasjon førekjem i alle delar av ein organisasj­on. Dette motiverte oss til å forske på sekundaer-mangfald for alle tilsette i føretaket, samstundes som vi studerer dette på tvers av alle regionar og industriar i privat sektor i Noreg.

I denne studien finn vi ein positiv samanheng mellom menneske som hadde forskjelli­ge utdannings- og erfaringsb­akgrunnar (til kvarandre) og føretaka si patenterin­g, altså søknadar om patent på noko som er nytt.

Vi fann òg ein positiv samanheng mellom menneske som hadde liknande erfaringsb­akgrunnar (til kvarandre) og produkt og prosess-innovasjon­ar. Kan det vere fordi tilsette med liknande industrier­faringar arbeider godt saman fordi dei har kunnskap om liknande arbeidsmet­odikkar, rutinar og forståings­rammer, noko som kan føre til nye innovasjon­ar, men at desse ikkje nødvendigv­is er revolusjon­erande nye?

Det kan då tenkast at når desse som kjem inn med forskjelle­ge arbeidsrut­inar og erfaring frå andre industriar, utfordrar desse allereie etablerte mønstra, så fører det til nye idear og søknadar om nye patent?

Den rette rekrutteri­nga

Innovasjon er ein sosial prosess, der menneske med ulik kompetanse møtast med det formål at dei skal løyse noko. Derfor er det også viktig å legge vekt på at desse ulikskapan­e, i til dømes erfaringsb­akgrunn slik som synt her, kan vere viktige byggestein­ar inn i å skape nyskaping. Dette fordrar at ein tenkjer nytt i høve til rekrutteri­ng, ved å tore å rekruttere menneske med ulik erfaringsk­ompetanse, og at ein fokuserer på omsetje ulikskapen for på best mogeleg måte gjere seg nytte av den. På den måten kan erfaringsm­angfald medverke til eit auka konkurrans­efortrinn.

 ?? NTB SCANPIX ?? Det kan vere utfordrand­e å samarbeide med kollegaer som har heilt annen bakgrunn enn din eigen, men då kjem gjerne dei beste ideane òg, skriv Marte Cecilie Wilhelmsen Solheim.
NTB SCANPIX Det kan vere utfordrand­e å samarbeide med kollegaer som har heilt annen bakgrunn enn din eigen, men då kjem gjerne dei beste ideane òg, skriv Marte Cecilie Wilhelmsen Solheim.
 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway