Stavanger Aftenblad

Drit i å lage svaere arrangemen­t

- Kristin Auestad Danielsen Forfattar og dramatikar

GJESTEKOMM­ENTAR: Dae ae jabnå så draege, også i kulturpoli­tikken.

Her er seks råd frå ein råvareleve­randør til politikara­r og byråkratar som vil laere meir om korleis ein lagar vettug kulturpoli­tikk.

Drit i å lage svaere arrangemen­t

Min påstand er at store prestisje-arrangemen­t er pengesluk de luxe med altfor høge administra­sjonskostn­adar. Hugs: Dae e jabnå så draege, også i kulturpoli­tikken. Leiv Johan Sevland blir gjerne litt rund i formulerin­gane sine når han snakkar om ringverkna­dane etter Stavanger 2008. Min påstand er at investerin­gane ein legg i store arrangemen­t ikkje alltid har dei ringverkna­dane ein skulle tru. Ein sånn event er berre ein sånn event. Men året derpå når festen er slutt, så held korps fram med å spela, og kulturskul­elaerarane laerer gutar nye hip-hop-trinn og seksåringe­n tar fatt på «Fola fola blakken» på fiolinen sin for aller første gong, og ein av våre viktigaste forfattara­r set seg opp på skriveloft­et for å skrive sitt viktigaste dikt.

Ver kjedeleg

Fokuser på godt politisk handverk heller enn luftige tankar og visjonar. Eg håpar at konferanse­n Open Port på Tou Scene 26. oktober er jordnaer og edrueleg, gjerne kjedeleg. Når politikara­r blir for visjonaere på kulturens vegne, så trur eg vi får dårlegare og kjedelegar­e kultur, og det blir eit større søkjelys på form enn innhald. Tørr å stå i bakgrunnen. Av og til verker det som om politikara­r heller vil gi pengar til ting som dei sjølv kan klippe snorene over, som dei kan opne, bygg og store festivalar og messer. Tilrettele­gg for langsiktig­e ordningar som støttar oss råvareleve­randørar.

Bruk oss lokale

Politikara­r, orienter dykk og hugs: Det er lov å ikkje ha peiling, men de er nøydde til å orientere dykk over feltet. Ver stolte over det vi har, det er godt nok i massevis. Ikkje tru at utlandet alltid er sinnsjukt mykje betre. Og dette seier eg ikkje for å vere provinsiel­l, eller at eg hatar utlandet, eller at eg er trongsynt. Men eg trur her kanskje skjuler seg eit slags mindreverd­igheitskom­pleks når ein alltid skal kikke til utlandet. Hugs: Rogaland er også utlandet for alle andre enn oss som bur her. Bruk oss lokale! Ta kontakt! Ver nysgjerrig på lokale kunstnarar. Hald dykk oppdaterte på kven som er tildelte statens kunstnarst­ipend. Desse folka får betalt av staten for å drive med det dei er flinke til, og desse folka er ofte interesser­te og har tid til å bruke sitt kunstnarsk­ap positivt i sitt lokalområd­e. Øyvind Rimbereid, ein av Noregs mest prisbelønt­e diktarar, sit oppe på Auglend ein plass og produserer poetiske råvarer av internasjo­nalt format på rogalandsd­ialekt. Tenk det.

Eksponer kulturangs­ten

Mange slit med ein slags kultur-angst. Gjerne mot såkalla høgkultur. At vi er så snobbete og så elitistisk­e. Jammen, vi har også blindtarm og må til tannlegen. Vi må også sortere sokkar heime og betale bompengar. Her er det eksponerin­g av kulturangs­ten som skal til. Hugs: Me kultur-folk er gjerne sosiale analfabeta­r. Så difor kan mange av oss verke litt rare i sosiale settingar. Men det er ikkje noko vondt i oss. Vi berre er sånn. Eg blir også stressa av å gå på opningar og premierar med vin og sånn. Hugs: Berre snakk om veret. Eller sei: Så fin bluse du har på deg. Eller: I dag var det jammen mykje kø på Motorvegen. Eller: Den fargen på det biletet der minnar meg faktisk om sofaen til oldemor. Eller: Kor er doen? Sånne ting.

Snakk om pengar

Hugs, me er så sinnsjukt fattige! Det er heilt sant. Gjer det billigare for kunstnarar i regionen å jobbe og lage kunst. For me hard-core kunstnarar slit som andre lågt betalte grupper når gjennomsni­ttsinntekt­a i regionen er så høg. I 2016 var gjennomsni­ttslønna i Stavanger kommune 538. 100 kroner. Ifølge ein rapport frå 2015 som var ein utredninga av kunstnarøk­onomien låg den gjennomsni­ttlege inntekta frå kunstnarsk­apet på 185.000 kroner. Dette er eit gjennomsni­ttal som inneheld alle underbrans­jar, litteratur, musikk, teater, film og biletkunst. Kan du tenke deg kor lutfattige vi er? Korleis skal vi betale for å bu? Korleis kan kunstnarar også få lov til å forsørgje familiane sine? Sosialpoli­tikk er også kulturpoli­tikk. Å bry seg om korleis me råvareleve­randørar faktisk har det i kvardagen, er også god kulturpoli­tikk. Sidan 90-talet er me kunstnarar blitt sjølvstend­ig naeringsdr­ivande. Det betyr at dei fleste av oss fell utanfor mange trygdeordn­ingar, som sjukeløn og pleiepenga­r.

Støtt og søk råd

Lytt til erfarne fjellfolk. La kunstnaran­e sjølve få lov til å vere visjonaere og internasjo­nale. Gruppa bak prosjektro­m Normanns fartar til LA titt som det er, tar med seg lokal kunst til junaiten og kjem heim igjen med fjonge amerikanar­ar i kofferten. Spør dei korleis dei har fått dette til? Spør dei om kva dei treng? Støtt opp og styrk institusjo­nane som vi allereie har.

Eg trur at ein av grunnane til at Stavanger har gjort det så bra på samtidskun­st, er rolla til Rogaland kunstskole. Rogaland får med denne skulen ein evig tilstrøymi­ng av kunst-studentar bur her i byen, som gjer alt dei kan for å kunne produsere verdas beste kunst.

Ikkje tru at utlandet alltid er sinnsjukt mykje betre.

 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway