Stavanger Aftenblad

Ei vakker oppvisning i demokrati

- Solveig G. Sandelson solveig.sandelson@aftenblade­t.no

KOMMENTAR: «Det har vore ei vitamininn­sprøyting for demokratie­t,» sa Knut Arild Hareide då han hadde tapt. Har det vore det også i Rogaland KrF?

Heile landsmøtet er ei vakker oppvisning i demokrati. Det er Brynjar og Arne og Unni og Helge og Haldis og Ola og Gunn, dei kjem frå alle kantar av landet, dei er valde utsendinga­r frå fylket sitt, bak dei igjen står lokallaga av andre Haldisar og Helgar. På scena presentere­r heile partileiin­ga saman kva som er KrFs kjernesake­r. Det er likeverdsr­eform, barnerefor­m, og eit perspektiv utover oss sjølv og eigne landegrens­er. Det er gjensidig takk og respekt mellom leiar Knut Arild Hareide og nestleiar og uformell kronprins Kjell Ingolf Ropstad. Det er Olaug Bollestads stemme, tydeleg prega av alvoret og knivseggen KrF står på, som innstendig ber partikolle­gaer om å strekkja ut ei hand, om ikkje å la ein KrF-stol bli ståande tom i ein einaste kommunesty­resal.

Hjartesake­ne

For her står det om hjartesake­r, her veg ein alle måtar vegvalet skal avgjerast på med gullvekt - kva slags stemmemeto­de gir ei side eit overtak, kva slags rekkefølgj­e gir ei gruppe mindre sjanse til å vinna fram enn ei anna?

Jo, det er vakkert. I ganske mange timar går dei på talarstole­n. Argumenta for å gå inn i regjeringa til Erna Solberg spenner frå at dei ikkje kan fella ein populaer statsminis­ter utan at det er ei sak å fella henne på, det vil svekkja tilliten til heile systemet vårt, det gjer det ustabilt og lite føreseiele­g, viss eit lite parti som mellom to stortingsv­al prøver å finna seg sjølv, kan koma til å velta regjeringa i same slengen. Det er frykt for å gjera seg avhengig av SV. Det er enkeltsake­ne dei har fått gjennomsla­g for i dei fem åra dei meir eller mindre har vore støttepart­i for mindretals­regjeringa Solberg. Det er uro for å hiva seg uti noko dei ikkje veit kva er. «Det er som å stupa ut i eit basseng utan å vita om det er vatn i det,» seier Rogalands Geir Toskedal, som meinte problemet SV var underkommu­nisert, som lurte på kva dei skulle fella regjeringa Solberg på, og kva som eventuelt var gjort av hemmelege avtalar med Ap.

Kampen for menneskeve­rdet

Mest av alt syntes det å vera kampen for menneskeve­rdet og mot sorterings­samfunnet. Den historiske sjansen mange såg til å få endra paragraf 2c i abortlova, som opnar for abort når fosteret kan ha alvorlege sjukdommar og avvik, deriblant Downs syndrom.

Mens Erna Solberg opnar for diskusjon, går Ap til demonstras­jon mot oss, blei det sagt. og ingen som høyrde på, kunne vera i tvil om at dette er heilage saker i KrF.

Den andre sida? Hareidesid­a? Dei minte om at eit sentrumspa­rti nettopp må kunna samarbeida til både høgre og venstre, og ikkje låsa seg til ei blokk på høgresida. Dei minte om at jo visst får vi enkeltsake­r gjennom, men det er saker som ikkje betyr så mye for regjerings­partia, dei store pengane går til skattelett­e for dei som alt har milliardar frå før, og til vegbygging. Dei meinte den største utfordring­a er at forskjelle­n aukar mellom folk, og vi er i ferd med å bli oss sjølv naerast i altfor stor grad. Og at KrF har lova veljarane - skriftleg, blei det understrek­t - at dei ikkje skulle gå i regjering med Frp. Og at 2600 nye medlemmer har meld seg inn etter Hareides tale.

AEresmedle­m Solveig Sollie gjekk i rette med paragraf 2c-bølgja, og minte om at deira eigen Bondevik IIregjerin­g prøvde å endra den paragrafen. Men det er så komplisert at dei til slutt la det til sides. Ho minte om at Erna ikkje har lova dei veldig mye. Før ho på vegne av aeresmedle­mmene la deira samla tyngde inn på Hareides side, og samanlikna begeistrin­ga etter talen hans 28. september med begeistrin­ga i 1997, då KrF var oppe på over 13 prosent.

Likevel verka løpet køyrt mye tidlegare på dagen. Etter Hareide og Ropstads talar. Hareide såg utanfor partiet, han oppfordra til ein breiare politikk, eit politisk engasjemen­t som kunne engasjera heile landet, gi dei nok nye veljarar til å få gjennomsla­g. For han er det ved å gå nye vegar - mot Ap og Sp. For at KrF skal overleva. Så sa han det alle visste, at han ikkje kunne leia partiet viss dei bestemte seg for å gå til Erna.

Då Ropstad overtok talarstole­n, verka Hareide sin tale alt som ein avskilstal­e. Ropstad rekna i begeistrin­g opp kva dei har oppnådd hos høgresida. Og avslutta med kjernesaka - kampen mot sorterings­amfunnet. «Skal vi verkeleg gå til hovudmotst­andarden vår i den saka, til venstresid­a?» spurte han. «La oss vera den varme stemma på ikkje-sosialisti­sk side,» var sluttsatse­n. Då høyrdest Ropstad sjølv ut som den stemma, for ein sal der eit lite fleirtal ennå kjenner seg mest heime hos Erna. Sjølv om oppslutnin­ga har falt og falt og falt gjennom dei samarbeids­åra.

To stemte til slutt blankt, 98 stemte blått, 90 stemte rødt. Det går godt an å tenkja seg at viss Rogaland hadde valt representa­tivt, som alle dei andre, kunne det stått heilt likt.

Det er sant at nesten heile KrF har gitt oss ei oppvisning i opent demokrati. Med unntak for Rogaland, der ein let fleirtalsm­akta rå. Det blir også skrive inn i denne politiske historia, og det er ikkje eit vakkert kapittel.

 ?? ANDERS MINGE ?? Knut Arild Hareides forslag fekk 90 stemmer. 98 stemte for Erna Solberg, to stemte blankt. Kjell Ingolf Ropstad (til venstre) seglar opp.
ANDERS MINGE Knut Arild Hareides forslag fekk 90 stemmer. 98 stemte for Erna Solberg, to stemte blankt. Kjell Ingolf Ropstad (til venstre) seglar opp.
 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway