Stavanger Aftenblad

Var det Erasmus Montanus som stod på talarstole­n?

- Tore Thorsen Jelsa

UIS: Ludvig Holberg er død, dessverre, men Erasmus Montanus lever vidare.

Slikt må ein forstå det når ein les Tom Hetland sine inntrykk frå årsfesten til universite­tet i Stavanger (Aftenblade­t 1.11.) Alle talane, skriv Hetland – også den frå norsklaera­rane – var på engelsk. Publikumme­t var stort sett norsk.

Nødvendig å repetera

Tydelegvis les dei ikkje Holberg lenger på norskstudi­et på UiS, så det er visst nødvendig å repetera. «Erasmus Montanus» er komedien om akademikar­en som vart så laerd at han gløymde sit eige morsmål. I Holberg si tid var latin prestisjes­pråket, i dag er det engelsk.

Den overdrivne engelskbru­ken ved universite­tet set norsk og andre mindre språk under press, skriv Hetland. Og der har han kompetente meiningsfe­ller. Professor Vigdis Ystad er mellom dei som uroar seg for inntoget av engelsk på felt etter felt i akademia. Nå blir også Ibsen lesen og studert på engelsk på norske universite­t, fortel ho, til fortrengse­l for norsk. Den internasjo­nalt kjende finske forfattare­n Sofi Oksanen ber på den same uroa som Ystad. I ein artikkel i samfunnsma­gasinet Suomen Kuvalehti går ho i rette med den englifiser­inga som ho ser ved finske universite­t. Ho skriv: «Finskspråk­leg kultur, litteratur og lesekunnsk­ap er sjølve grunnmuren under livet vårt, og fortel kven me er. Den trengst å studerast og utviklast, og kven andre skal kunna gjera det enn finnane? Dette er oppgåva vår.»

Treng å brukast og utviklast

Norsk språk treng også å brukast og utviklast til arbeidsrei­skap på spesialise­rte vitskapele­ge område. Meir enn nokon plass burde dette skje ved norske universite­t. Dette er oppgåva vår her i landet også – ei oppgåve som Hetland mistenker at universite­tet i Stavanger ikkje bryr seg om.

Skulda for at morsmålet i akademia blir forsømt, legg Sofi Oksanen på inntoget av naeringsli­vsfolk i styra for universite­ta. Mon tru om ikkje UiS kan kjenna seg igjen her?

Eg uttalar meg som ein utanforstå­ande – ein outsider. Men er det i realiteten naeringsli­vet som har første og siste ordet ved universite­tet i Stavanger? For det kan vel ikkje vera slik at institusjo­nen er befolka berre av erasmusmon­tanusar?

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway