Høg­res pir­king i så­ret

Stavanger Aftenblad - - FORSIDE - Solveig G. San­del­son De­batt­re­dak­tør

KOM­MEN­TAR: Eg trud­de eg kun­ne kla­ra å skri­va om abort­lova frå eit roms­leg per­spek­tiv. Eg tok feil.

Ei gra­vid kvin­ne er det syn­le­ge teik­net på sek­su­elt sam­kvem, det er eit li­vets un­der, om ein er re­li­giøs el­ler ikkje, det er men­nes­kas fi­nas­te teikn på at li­vet går vi­da­re, at vi står i ein sa­man­heng, at det finst ei fram­tid å tru på, ta an­svar for og be­skyt­ta. Det er men­nes­ka på sitt al­ler mest sår­ba­re. Bare i møte med død og and­re sterkt livs­end­ran­de hen­din­gar er vi like såre. Like kla­re over kor skjørt li­vet er. Kor fort det kan end­rast for all­tid.

For kvin­na har det også kun­na enda i skam, i øy­de­lagt helse, i fat­tig­dom og uri­me­le­ge livs­vil­kår på­lag­de hen­ne av and­re. Knytt til man­nens, fa­mi­li­ens, kyr­kje­ly­dens, mos­ke­ens, kri­gens el­ler sam­fun­nets øns­ke om ei­gar­skap til hen­nar kropp, sek­su­ali­tet og ufød­de barn.

Det er ikkje lite. Det er det al­ler såras­te så­ret i kvinne­his­to­ria. I alle sam­funns­lag, til alle ti­der, i alle land. Alle dis­ku­sjo­nar om abort­lova pir­kar i det­te så­ret.

Litt mind­re verd

Di­for kjen­nes det for meg umog­leg å gå til­ba­ke dit der stor­sam­fun­net på­legg kvin­na å bera fos­te­ret fram. El­ler der utan­for­stå­an­de skal over­prø­va el­ler god­kjen­na ei gra­vid kvin­nes eig­ne vur­de­rin­gar. I den augne­blin­ken vi gjer det slik, vi som er stor­sam­fun­net, er eit vak­se kvinne­liv litt mind­re verd enn and­re vaks­nes liv. Då er eit kvinne­liv igjen un­der­lagt kor­leis stor­sam­fun­net ønskjer å sjå seg sjølv. Ei­gen­ver­di­en får du bare ha inn­til eit viss punkt. Og det punk­tet er ak­ku­rat der du står i ei djup livs­kri­se, og meir enn på noko an­na punkt i li­vet treng å kjen­na

Uløy­se­leg

Det er ikkje løy­se­leg. Det kan ald­ri slut­ta å vera eit tungt, etisk di­lem­ma. Kor sterkt retts­vern skal eit fos­ter ha? Kor my­kje ei­gar­skap kan stor­sam­fun­net ta over vaks­ne kvin­ners kropp og fram­tid? Kor my­kje like­verd kan vi ta frå vaks­ne kvin­ner? Kan vi gje­ra det viss alle en­kelt­vala til kvin­ner og part­na­ra­ne dei­ra i sum sor­te­rer ut vis­se ty­par men­nes­ke?

KrF sin kamp står der. Mot det dei kal­lar sor­te­rings­sam­fun­net. Det mei­ner eg dei skal få re­spekt for. For tek­no­lo­gis­ke og medi­sins­ke fram­steg stil­ler oss over­for flei­re og flei­re slike etisk vans­ke­le­ge val. Vi må kjen­na dei igjen som det.

Den medi­sins­ke eti­ka­ren Mor­ten Ma­gels­sen er redd for at vi på eit punkt kan koma til å kut­ta den stren­gen men­neske­li­vet be­ve­ger seg ut frå, men ald­ri kan koma vekk frå – det sår­ba­re ved al­les liv, det vi ikkje kan sty­ra, det vi ikkje veit om ein dag vil end­ra alt. Kan­skje er det også det som kny­tar oss til and­re men­nes­ke, det som får fram om­sorg, kja­er­leik og em­pa­ti. Det som gjer at vi veit at vi treng dei and­re, og veit at det kan vera såre grun­nar til at and­re treng oss meir enn vi dei.

Alle kvin­ner er ikkje klo­ke, alle gra­vi­di­te­tar spring ikkje ut av ømme, gjen­nom­tenk­te re­flek­sjo­nar om å se­tja barn til ver­da i ein kja­er­leiks­fylt fa­mi­lie, det finst også langt en­kla­re og meir kort­tenk­te me­ka­nis­mar som fø­rer fram til gra­vi­di­tet.

Men be­skje­den om at bar­net du ber på, el­ler skal bli far til, er al­vor­leg sjukt el­ler har al­vor­le­ge av­vik, trur eg ikkje ein kan bli usår­bar mot, sjølv om ein veit at ein kan av­bry­ta svan­ger­ska­pet. For det er det dis­ku­sjo­nen hand­lar om den­ne gon­gen. Pa­ra­graf 2c i abort­lova. Her snak­kar vi

Pa­ra­graf 2c

Er det på­vist al­vor­leg sjuk­dom og av­vik ved fos­te­ret, sei­er pa­ra­graf 2c at det er nok i seg sjølv til å kun­na få abort. Kvin­na kan søkja om seinabort til ei nemnd av to le­gar. Ho treng ikkje for­kla­ra.

For å koma KrF i møte, ser Høg­re på om det er muleg å ta vekk pa­ra­gra­fen, for ikkje å dis­kri­mi­ne­ra men­nes­ke som dei med Downs, som går rundt og veit at fos­ter med til­sva­ran­de ei­gen­ska­par som dei, kan vel­jast vekk. I sta­den vil dei ta inn ei for­mu­le­ring om seinabort «viss fos­te­ret ikkje er leve­dyk­tig». Men Høg­re vil ikkje at det­te i prak­sis skal føra til flei­re av­slag på slike søk­na­der om abort. Det vil dei unn­gå ved at nemn­de­ne skal leg­gja stør­re vekt på kvin­nas livs­si­tua­sjon og hen­nar eiga vur­de­ring av den­ne.

Ei an­na dis­kri­mi­ne­ring

Det er å dis­kri­mi­ne­ra kvin­ner. Det er å sor­te­ra gra­vi­de kvin­ner over i ein ka­te­go­ri men­nes­ke som ikkje sjølv er i stand til å ta heilt av­gje­ran­de val for si eiga, fa­mi­li­ens og det­te fos­te­ret si fram­tid. Det er å pir­ka i så­ret om at kvin­ner igjen kan bli bed­ne om å bøya kne, kropp og vil­je for stor­sam­fun­net.

Så kan ein spør­ja om ikkje kvin­ner kan gå med på det? Om det ikkje er eit nok­så lite of­fer, om ikkje den som ber på nytt liv, må to­la at stor­sam­fun­net av og til vil dob­belt­sjek­ka, over­sty­ra, og gå inn og be­skyt­ta and­re grup­per mot å kjen­na seg dis­kri­mi­nert av dine val?

Eg kla­rer ikkje gå dit. Eg kla­rer i alle fall ikkje gå dit når grun­nen til det først og fremst sy­nes å vera Er­na Sol­bergs øns­ke om å få fort­se­tja som statsminister. Når ei end­ring som kan gje­ra eit kvinne­liv litt mind­re verdt, ikkje ein gong blir gjort for at flei­re ufød­de skal bli fød­de. Kva ein skal kal­la det, er eg usikker på. Men noko roms­leg per­spek­tiv på slikt, det kla­rer eg ikkje fin­na.

End­rin­ga blir ikkje ein gong gjort for at flei­re ufød­de skal bli fød­de

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway

© PressReader. All rights reserved.