Ma­nisk om de­pre­sjon

Stavanger Aftenblad - - FORSIDE - Jan Zahl jan.zahl@af­ten­bla­det.no

TEA­TER: In­tel­lek­tu­ell tekst og ma­nisk form gjer det vans­ke­leg å fø­la med i Sarah Ka­nes sjølv­mords­dra­ma «04:48 Psy­ko­se» på Ro­ga­land Tea­ter.

Ro­ga­land Tea­ter, In­tim­sce­nen: «04:48 Psy­ko­se» av Sarah Ka­ne. Om­sett av: Jon Fos­se. Re­gis­sør: Eline Ar­bo. Sce­no­graf og ko­styme­de­sign: Katja Eb­bel Fred­rik­sen. Mu­si­kalsk an­svar­lig: Thijs van Vu­u­re. Lys­de­sign: Karl Os­kar Sør­dal. Dra­ma­turg: Michael Evans. Maskør: Jill Tonje Hol­ter. Med: Ragn­hild Tys­se, Ing­rid Un­nur Gia­e­ver, Svein So­le­nes.

Sarah Ka­ne fekk ald­ri sett sitt sis­te tea­ter­styk­ke fram­ført. Kort tid etter å ha full­ført ma­nu­set til «04:48 Psy­ko­se» tok ho li­vet sitt, bare 28 år gam­mal.

Nes­ten halv­tan­na år sei­na­re had­de styk­ket ur­pre­miere i Lon­don, i juni 2000. Då skreiv The Guar­di­ans tea­ter­kri­ti­kar Michael Bil­ling­ton blant an­na det­te om kri­ti­ka­rens di­lem­ma: «Kor­leis i all ver­da gir du ei es­te­tisk vur­de­ring av eit 75 mi­nut­tar langt sjølv­mords­brev?» Til gjen­gjeld kan Bil­ling­ton pri­sa seg luk­ke­leg over at han slapp å tril­la ter­ning...

De­pri­mert kvin­ne

«04:48 Psy­ko­se» hand­lar om ei ung kvin­ne som lir av tun­ge de­pre­sjo­nar – slik Ka­ne også gjor­de. Ma­nu­set har ikkje kon­ven­sjo­nel­le scene­in­struk­sjo­nar el­ler ka­rak­te­rar, og har der­med blitt løyst på man­ge uli­ke vis når det har blitt sett opp på sce­nen.

På Ro­ga­land Tea­ter har re­gis­sør Eline Ar­bo valt å bru­ka tre skode­spe­la­rar som il­lust­re­rer tre uli­ke sta­di­um i li­vet til den unge kvin­na. Ragn­hild Tys­se er 28-årin­gen som slit med å fin­na sin plass i li­vet, Ing­rid Un­nur Gia­e­ver spe­lar hen­nar fik­ti­ve ung­doms­for­tid, Svein So­le­nes hen­nar fik­ti­ve framtid.

Styk­ket har knapt med kon­ven­sjo­nell dra­ma­tur­gi - bort­sett frå at det jo en­der dår­lig. Teks­ten er frag­men­ta­risk og er ei­gent­leg ho­vud­ka­rak­te­rens dia­log med seg sjølv, der ho vek­sel­vis er inn­om psy­ko­log­sam­ta­lar og re­flek­te­rer over enor­me spørs­mål rundt liv, død, mei­ning, kja­er­leik.

In­tel­lek­tu­ell da­me

Men det er alt­så eit djupt in­tel­lek­tu­elt og språk­mek­tig men­nes­ke som snak­kar. Ho driv med gans­ke så avan­sert ana­ly­se, tid­vis i poe­tis­ke ven­din­gar. Det­te krev ana­ly­tisk dis­tan­se frå hen­ne sjølv - men det ska­per sam­ti­dig ein dis­tan­se til meg som sjå­ar. Det hei­le blir meir ra­sjo­nelt og ana­ly­tisk enn emo­sjo­nelt og rø­ran­de.

Sam­ti­dig er pro­ble­met med å skri­va ned sto­re tan­kar rundt enor­me spørs­mål at det skal my­kje til for å seia noko nytt, ori­gi­nalt, noko me ald­ri har sett, høyrt el­ler tenkt før. Det er også sa­ers vans­ke­leg å unn­gå å bli pre­ten­siøs.

For ek­sem­pel: Mot slut­ten spør den de­pri­mer­te unge kvin­na «Hvor­dan er jeg?» og får til svar: «Ne­ga­sjo­nens barn.» Ja­ha? Det høy­rest djupt ut, men kva be­tyr det?

Ma­nisk da­me

Tungt de­pri­mer­te men­nes­ke er per de­fi­ni­sjon eks­tremt sjølv­opp­tek­ne – noko som kan gje­ra det gans­ke tungt for om­gjev­na­de­ne. Så også her. Alt hand­lar om ho­vud­per­sonens mang­lan­de evne til å els­ka, la seg els­ka, leva, døy.

Men re­gis­sør Ar­bo har valt å leg­gja stem­nings­leiet i bror­par­ten av opp­set­nin­ga i eit gans­ke ma­nisk leie. Skode­spe­la­ra­ne er sterkt smin­ka, far­ga­ne i den enk­le sce­no­gra­fi­en er skri­kan­de oran­sje bak dei enor­me for­hen­ga av plast­strim­lar, skode­spe­la­ra­ne er ma­nis­ke i my­kje av spe­let, sa­er­leg Tys­se er im­po­ne­ran­de fy­sisk på sce­nen.

Men eg blir sitjan­de og lura på om eg had­de følt meir om dei had­de vore i eit lå­ga­re stem­nings­leie og meir ned­to­na spel. De­pre­sjo­nen blir ikkje meir over­ty­dan­de av å bru­ka høg stem­me og sto­re fak­ter.

Til gjen­gjeld gjer det de­spe­ra­te, nes­ten sin­te ut­tryk­ket i bror­par­ten av styk­ket at dei ro­li­ge par­tia fun­ge­rer desto be­tre i kon­trast. Skode­spe­la­ra­ne spe­lar og syng, til ti­der stygg­fint. In­ter­es­sant nok treff noko av det mu­si­kals­ke tyng­re emo­sjo­nelt, som hip­hop­num­me­ret midt­vegs.

Mot slut­ten roar det seg, og for­ma blir meir dem­pa. Då føl­te eg en­de­leg meir med den de­pri­mer­te kvin­na som ikkje vil leva len­ger.

Men eg blir sitjan­de og lura på om eg had­de følt meir om dei had­de vore i eit lå­ga­re stem­nings­leie og meir ned­to­na spel.

JAR­LE AAS­LAND

Svein So­le­nes (t.v.), Ragn­hild Tys­se og Ing­rid Unnu Gia­e­ver spe­lar i Ro­ga­land Tea­ters opp­set­ting av «04:48 Psy­ko­se».

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway

© PressReader. All rights reserved.