Stavanger Aftenblad

Å, så feigt eit fleirtal!

- Solveig G. Sandelson Debattreda­ktør

KOMMENTAR: Mona Anita Espedal står som den modigaste kvinna i landet akkurat nå. Høgre, Frp, Venstre og Senterpart­iet kan bøya hovudet i skam.

– Eg kjempar for endring for at ofra skal tora å bruka stemma si og kjempa for si sak, seier Mona Anita Espedal i Debatten på NRK tysdag kveld.

– Lova må endrast. For å krevja at ofra skal måtta kjempa så mye er umenneskel­eg.

Altfor mange vonde år

Mona Anita Espedal blei sparka ned trappa, skambanka, tatt kvelartak på og klint oppetter veggen til ho svimte av, ho blei dunka i bordet, slått med kleshengja­r eller belte, stengt inne i eit skap, vekt midt på natta for å skura klede på vaskebrett, ho fekk nåler stukke under beina og ein pinsett eller blyant i øyrene. Høyrsla er sterkt nedsett, og ho har talefeil. Mareritt. Tortur. Redsel. Frykt. Det var kvardagen hennar. Frå ho var tre til ho var ti år gammal. Den som utsette henne for det, var stemor, og huset der det skjedde var heimen hennar.

Dyrevernsn­emnda henta hunden. Men barna blei igjen.

Det tok altfor mange år og altfor mange bekymrings­meldingar frå naboar, barnehagar, skular og besteforel­dre før barneverne­t endeleg henta Mona ut. Ho var ikkje meir enn fem då ho sjølv sa frå til andre vaksne. Ho var ti før barneverne­t snakka med henne aleine.

Dei var til saman 17 sysken i storfamili­en. Alle blei til slutt henta ut av barneverne­t i Sandnes.

Forskjelle­n

Mona og broren gjekk til sak mot Sandnes kommune. Kommunen erkjente at dei har gjort feil. Men for å få tilkjent erstatning må det også kunna slås fast at du har fått varige, medisinske skadar, tilsvarand­e minst 15 prosent medisinsk invalidite­t, og at skadane skuldast feilen kommunen gjorde. Den sakkyndige i denne saka meinte at Mona ikkje var varig skada. Men at broren var. Han fekk

1,3 millionar kroner i erstatning. Ho fekk ingenting. Kommunen såg sjølv at dette var for gale, dei inngjekk eit forlik med Mona, ho fekk 725.000 kroner, det same beløpet som Sandnes betalte ut i oppreisnin­g til tidlegare barneheims­barn som frå 1950-talet og framover blei utsette for overgrep og vald.

Mona har fått ein ny medisinsk rapport. Frå ein traumespes­ialist. Som seier ho er skada, og etter standarden skulle hatt 1,55 millionar kroner i erstatning. Dobbelt så mykje som forliket ga. Sandnes vil ikkje gjera om på dette.

Det stansar ikkje her. Mona har gått til Stortinget. Ho vil ha rettferd og likebehand­ling, ikkje berre for seg sjølv, men for alle syskena sine og alle andre som har blitt svikta slik ho blei det.

Ulikt og tilfeldig

For ordningane med oppreisnin­g for tidlegare barneverns­barn er lokale og frivillige. Det finst over 40 ulike slike erstatning­sordningar i landet. Beløpa varierer, tidsrommet dei er opne for varierer, retningsli­njene varierer. Rundt 100 kommunar har inga ordning. Ingenting. Null. Så om du kan få ingenting, 100.000 kroner eller 700. 000 kroner som oppreisnin­g for vald, overgrep og grov omsorgssvi­kt, kjem an på kor og når du er fødd.

Du kan jo gå til sak for meinerstat­ning. Slik Mona gjorde det. Men når du ikkje fram, kan du sitja igjen med saksutgift­er til fleire hundretuse­n. Dokumentas­jon og bevis må du skaffa sjølv. I tillegg til at det altså må dokumenter­ast at du er skada, og at skaden heng saman med kommunen sitt svik. Det er svaert mykje vanskelega­re å nå fram her enn innanfor oppreisnin­gsordninga­ne.

Feigt stortingsf­leirtal

Mona, og mange av oss andre, trudde Stortinget skulle vedta å gå gjennom alle ordningane og få opp all forskjells­behandling, slik KrF, ved Olaug Bollestad, føreslo. For så å kunna laga retningsli­njer som sikrar lik behandling over heile landet.

Men det som blei vedtatt i Stortinget denne veka? Pfft.

Eit fleirtal av Høgre, Frp, Venstre og Senterpart­iet vedtok å «be regjeringe­n ta inititativ overfor KS for å utarbeide en beste praksis-anbefaling for frivillige kommunale og fylkeskomm­unale erstatning­sordninger».

«Anbefaling.» «Frivillig.» Klarer du tru på at det vil få alle kommunar med på å behandla alle desse barna likt, frå nå av og framover? Og kven skal barna klaga til viss kommunen deira ikkje vil bli med på ei slik ordning? Staten? Kva skal staten gjera då, når ordninga er frivillig?

Få det på plass

Kommunane må bli pålagde dette. Viss det betyr at kommunelov­a må endrast, ja, så endra kommunelov­a då. De sit på Stortinget. Det er de som driv med slikt.

For det som himmelropa­nde høgt må trumfa omsynet til kommunanes sjølvråder­ett, er omsynet til kvart enkelt av desse ofra. Dei har alt ein øydelagt barndom, dei har blitt svikta av sine naermaste, og så av det offentlege. Dei skal ikkje i tillegg måtta bruka resten av motet og kreftene på å ta seg fram i ein tilfeldig jungel av ulike ordningar, med eiga helse og økonomi som innsats, for å få gjennom det mest sjølvsagte som tenkjast kan: At det offentlege Norge i det minste gjer opp for seg når det grovt har svikta sine minste små. Også i form av å gjera det enkelt for desse ofra å heva stemma og kjempa.

Få på plass nasjonale retningsli­njer! Og hald oversikten! For mengda av saker vitnar også om alvorleg systemsvik­t. Det må også desse fleirtalsp­olitikaran­e bry seg om å vita. Så dei kan endra det som må endrast.

Finn igjen ryggraden

Mona Anita Espedal står som den modigaste kvinna i landet akkurat nå. Ho legg det vondaste i eige liv på bordet så heile Norge kan sjå. Ho gjer det for rettferd og likebehand­ling, for seg sjølv, for sine sysken og for alle andre med ein barndom som liknar hennar. Det er til å bøya seg i støvet for.

Mens Høgre, Frp, Venstre og Senterpart­iet kan bøya hovudet i skam, gå heim og finna ryggrad og aksler sterke nok til å bera ansvaret Espedal ber dei om: Gi desse ofra lik og rettferdig behandling. Og gjer det skikkeleg!

Det som blei vedtatt i Stortinget denne veka? Pfft.

 ?? SKJERMDUMP FRÅ NRK ?? Mona Anita Espedal frå Sandnes, til venstre, møtte stortingsp­olitikaran­e Karin Andersen (SV), Olaug Bollestad (KrF) og Solveig Horne (Frp) til debatt i NRK tysdag kveld. Programlei­ar var Fredrik Solvang.
SKJERMDUMP FRÅ NRK Mona Anita Espedal frå Sandnes, til venstre, møtte stortingsp­olitikaran­e Karin Andersen (SV), Olaug Bollestad (KrF) og Solveig Horne (Frp) til debatt i NRK tysdag kveld. Programlei­ar var Fredrik Solvang.
 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway