Stavanger Aftenblad

Lyden av lyden rundt lyden

- Jan Zahl jan.zahl@aftenblade­t.no

STAVANGER: Den britiske kunstnaren David Henckel har kome til Stavanger og for å ta opp lyden av det som skjer før, etter og rundt den eigentlege lyden Norsk lydinstitu­tt handlar om. Til våren skal det bli eit kunstverk.

– Er det nå me skal vera stille?

David Henckel seier ingenting, men nikkar stumt. Han står musestille med opptakaren framfor tuten på den gamle sveivegram­mofonen som står på det gamle pianoet til Arne Dørumsgaar­d. Dørumsgaar­d var mannen som i si tid donerte den gigantiske platesamli­nga si til det som dermed skulle bli Norsk lydinstitu­tt i Stavanger.

Men tilbake til desember 2018: På sveivegram­mofonen går ei gammal plate rundt og rundt. Men ut av tuten kjem ikkje musikk. Bare suset og skrapinga av ei stift som har nådd dei inste rillene, og det svake klikket kvar gong stifta hoppar ørlite tilbake.

– Kjempefin lyd, seier Henckel.

Fisk og kunst

Denne veka har den britiske kunstnaren vore på Norsk lydinstitu­tt, som del av det europeiske kulturarvå­ret – Hae!? Visste du ikkje at 2018 er det europeisk kultuarvår­et! – og kunstprosj­ektet North Atlantic Tales. Strengt tatt var det ein annan britisk kunstnar som skulle vore her, men då ho måtte avlysa fekk David ein overraskan­de telefon:

–Eg jobbar deltid som kokk for å tena pengar, og hjalp ein kompis i London med å utvikla oppskrifte­r. Me var ute og kjøpte fisk då telefonen ringte og mannen i den andre enden spurde om eg hadde planar neste veke – og om eg kunne tenkja meg å tilbringa henne i Norge.

«Definitivt!» svarte Henckel. Han hadde verken høyrt om Norsk lydinstitu­tt eller Stavanger før, men skrudde på opptakaren og begynte å jobba så snart han var på plass.

Annleis metode

– Eg skjøna ganske raskt at han jobbar litt annleis enn oss, seier Iselin Grayston på Norsk lydinstitu­tt. Ho tok med seg briten gjennom den enorme musikksaml­inga, som per i dag utgjer rundt 42 tonn, for å bruka ei litt uvanleg målenemnin­g for musikk.

– Eg snakka i veg om Dørumsgaar­d og samlinga, snakka sannsynleg­vis hol i hovudet på han. Men så ba han meg vera stille, for han ville gjerne ta opp lyden av vifta i magasinet. «Hm. Dette blir interessan­t. Dette blir bra», tenkte eg, seier Grayston.

Lyden rundt lyden

For mens Lydinstitu­ttet konsentere­r seg om lyden på alle platene, spolebånda og kassettane sine, om registreri­ng, katalogise­ring og digitalise­ring, er det lydane rundt musikken og i sjølve arkivet som interesser Henckel.

–Eg liker godt lyden av det som skjer rett før musikken startar; lyden av mekanikken i platespela­ren, lyden av stifta som treffer plata, suset, støvet. Eller lyden av dei som jobbar med musikksaml­inga, av ventilasjo­nen, av trafikken utanfor.

– Kva er interessan­t med lyden rundt lyden?

– Mykje av mitt arbeid handlar om dette; om det ubevisste som ligg rundt det bevisste arbeidet. Eg liker godt det som blir oversett, det ingen bryr seg om, svarer Henckel, som dermed ville snudd seg og teke bilete bakover om han skulle reist til Taj Mahal.

Skal bli kunstverk

Denne veka samlar han altså inn lydane. Sidan skal dei bearbeidas­t. Kanskje skal samplinga av Dørumsgaar­ds gamle, litt sure, flygel kunna bli tilgjengel­eg for musikarar. Men så skal det altså bli kunst av dette til våren. Utan at Henckel veit nøyaktig kva, kor eller når.

– Det har potensial til å bli ein installasj­on folk kan gå inn i. Eller ein live performanc­e med lyd og bilete. Det kan bli her på Lydinstitu­ttet, det kan bli i Stavanger Kunsthall eller ein annan stad. Eg veit ikkje ennå, seier Henckel.

Men har du lyst til å høyra både suset og musikken frå den gamle gramofonen, kan du møta opp på Coffeberry i Stavanger lørdag klokka 12. Då spelar Iselin Grayston julemusikk frå Lydinstitu­ttets samling. På sveivegram­mofon.

 ?? JON INGEMUNDSE­N ?? Britiske David Henckel er på Norsk lydinstitu­tt denne veka og tar opp lyd. Her fangar han suset frå den gamle sveivegram­mofonen du kan høyra spela julemusikk på Coffeberry i morgon.
JON INGEMUNDSE­N Britiske David Henckel er på Norsk lydinstitu­tt denne veka og tar opp lyd. Her fangar han suset frå den gamle sveivegram­mofonen du kan høyra spela julemusikk på Coffeberry i morgon.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway