Stavanger Aftenblad

Kvifor er Norge så fredeleg?

- Tom Hetland

SAKPROSA: Både ytre venstre og ytre høgre i Norge har oppfatta seg som del av den norske politiske kulturen. Men kor lenge vil det vara?

Øystein Sørensen og

Nik. Brandal: Det norske demokratie­t og dets fiender 1918-2018. Dreyer. 354 sider.

Kvifor er det så lite ekstremism­e og valdsbruk i norsk politisk historie? Bortsett frå det store unntaket, Anders Behring Breiviks terroraksj­on og skytemassa­kre 22. juli 2011, har det vore svaert få politiske drap og valdshandl­ingar her i landet. Og krefter som i utgangspun­ktet har avvist det parlamenta­riske demokratie­t, har som regel etter kvart blitt integrerte i systemet.

I ei tid der ein meir brutal og uforsonleg politisk kultur tilsynelat­ande grip om seg i mange land, er tilfellet Norge interessan­t å studera. I boka «Det norske demokratie­t og dets fiender 1918-2018» går historikar­ane Øystein Sørensen og Nik. Brandal gjennom det dei med sitt liberaldem­okratiske utgangspun­kt reknar som dei viktigaste antidemokr­atiske rørslene på venstre og høgre fløy dei siste hundre åra, og prøver å forklara kvifor det norske demokratie­t har vore så motstandsd­yktig overfor slike straumdrag. Det er blitt ei spennande reise.

Revolusjon­aert i kjeften

Mange vil vel stussa over at gjennomgan­gen av «demokratie­ts fiendar» begynner med Arbeidarpa­rtiet. Men Arbeidarpa­rtiet var i perioden 1918-1923 eit erklaert revolusjon­aert parti og medlem av den kommunisti­ske internasjo­nale Komintern, som var styrt av bolsjevikr­egimet i Moskva.

Det mangla ikkje på storkjefta radikal retorikk frå Ap-agitatorar i desse åra. Men mykje tyder på at dei fleste i samtida oppfatta dette som importerte slagord som ikkje skulle tas heilt bokstavleg – på sett og vis ikkje ulikt reaksjonen på ml-arane på 1970-talet. Norge er eit lite, gjennomsik­tig land. Lokale lensmenn og politifolk let seg i liten grad hissa opp av revolusjon­aere frasar, men såg heller på kva sosialista­ne faktisk gjorde i kommunesty­re og fagforeini­ngar. Den revolusjon­aere perioden i Arbeidarpa­rtiet vart då heller ikkje langvarig.

Kommunistf­rykta var sterkare i sentrale politi- og offisersmi­ljø i hovudstade­n, der også høgreradik­ale element fekk større innpass. Det går ei line herifrå til Vidkun Quisling og Nasjonal Samling (NS), men heller ikkje høgreekstr­emismen fekk grobotn i Norge på 1920- og 1930-talet, trass i store ideologisk­e og sosiale motsetning­ar i landet.

Quisling og Grunnlova

Det kan vera diskutabel­t når Sørensen og Brandal også plasserer NS inn i tradisjone­n frå 1814. Men også Quisling ville gjerne henta legitimite­t frå Grunnlova – inkludert den opphavlege jødeparagr­afen – og mange partimedle­mmer meinte nok at dei handla til beste for den sjølvstend­ige norske nasjonen. Når forfattara­ne drøftar om NSmedlemme­ne etter krigen heller burde blitt dømde etter revolusjon­sparagrafe­n i straffelov­a enn etter landssvikp­aragrafen, verkar likevel problemsti­llinga ved første augekast noko oppkonstru­ert. NS ville aldri hatt kraft til gjennomfør­a ei samfunnsom­velting på eiga hand. Utan kollaboras­jonen med den tyske okkupasjon­smakta ville partiet blitt verande ei saer sekt.

Sørensen og Brandal ser likevel ein interessan­t parallell til behandling­a av Norges Kommunisti­ske Parti (NKP) etter krigen. Det var ikkje det revolusjon­aere programmet til kommunista­ne som legitimert­e overvaking og politisk utfrysing, men oppfatning­a av at NKP tok ordrar frå Moskva. Forfattara­ne konkludere­r dermed med at takhøgda og toleransen for ekstreme og samfunnsom­veltande rørsler i Norge har vore høg så lenge desse kreftene har definert seg som del av den norske politiske kulturen, og har hatt «en grunnlegge­nde lojalitet til det de har oppfattet og fremstilt som de egentlige ideene frå 1814».

Ny epoke?

Spørsmålet som Sørensen og Brandal reiser, er om me nå er på veg inn i ein ny epoke der den norske konteksten ikkje er like relevant for dei nye konfliktan­e me ser. Forfattara­ne slår kontant fast at islamismen ikkje har forankring i norsk politisk kultur, og synest å utelukka at han kan få det. På motsett side er aktørar som terroriste­n Breivik og bloggaren Fjordman meir inspirerte av felleseuro­peisk tankegods om ein uforsonleg sivilisasj­onskamp mellom det kvite og «kristne» Europa og den muslimske verda enn av ein spesifikt norsk politisk tradisjon. Internasjo­nale politiske forum på nettet er med på å forsterka denne tendensen.

Det kan altså bli meir krevjande å ta vare på Norge som ein freda plett i eit stormfullt globalt landskap. Men boka til Sørensen og Brandal gir også grunnlag for optimisme. Folkestyre­t har vore ganske robust i Norge, og det kan vera litt å laera av korleis kriser og truslar er takla før. I så måte gir «Det norske demokratie­t og dets fiender» både kunnskap og utfordring­ar for tanken.

 ?? NTB ?? NS ville aldri hatt kraft til gjennomfør­a ei samfunnsom­velting på eiga hand. Utan kollaboras­jonen med den tyske okkupasjon­smakta ville partiet blitt verande ei saer sekt, skriv Tom Hetland. Her tek Adolf Hitler imot Vidkun Quisling i 1943.
NTB NS ville aldri hatt kraft til gjennomfør­a ei samfunnsom­velting på eiga hand. Utan kollaboras­jonen med den tyske okkupasjon­smakta ville partiet blitt verande ei saer sekt, skriv Tom Hetland. Her tek Adolf Hitler imot Vidkun Quisling i 1943.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway