Stavanger Aftenblad

Odd Dubland 80 år

- Hans Kristoffer Goa

Fyrstkoman­de måndag, 10. desember, fyller multikunst­naren, songaren og forkynnare­n Odd Dubland 80 år.

To dagar før, i morgon laurdag, skal han feira dagen sin på Ålgård Bedehus.

Han er original: På Facebok har han lagt ut innbyding, og seier at dei som har hug å vera med, sjøl må gi melding til han att dei kjem.

Då han var 70 år skreiv han: «Når det gjeld gåver – så husk at Odd er ein enkel mann som kan seia med Bibelens kong David – «Det vantar meg ingenting» Ved 80 års høgtida seier han at dei som ynskjer det kan få gi ei pengegåve, og den skal i sin heilhet gå til Norea Radiomisjo­n. Og vil dei heller kjøpa boka hans til 298 kroner, ja, så går også det til Norea.

Dubland vert kalla multikunst­nar, og gjerne songevange­list. Kjent over heile landet som kunstmålar, songar og forkynnar. Han har gitt ut tre bøker og sju songproduk­sjonar, fire kassettar og tre CD’ar

Han er frå Varhaug, og bur nå på Ålgård. I mange år budde han i Dirdal saman med kona si, Haldis, som døydde for fire år sidan. Dei har fire born, ni barneborn og eit oldeborn.

20 år gamal tok han til som forkynnar i Norsk Luthersk Misjonssam­band. Han har hatt ulike stillingar i misjonen: Ungdomssek­retaer i Stavanger krins, og forsamling­sleiar (nå kallar NLM det for pastor) i tre byar; Salem i Bergen, Misjonssal­en i Sandnes og Salem, Stavanger. Og sidan 1975 forkynnar med heile landet som virkefelt. Ei tid var han timelaerar ved Fjelltun bibelskole i Stavanger og eit år laerar ved Fjellhaug Bibelskole i Oslo.

Kvar veke er Dubland på lufta med programpos­ten «Odd i krånå». Måndagene på pTro (tidl. Radio Sørvest/Nytt Liv Media) i Stavanger og tysdagane på Jaeren Misjonsrad­io. Han sit heime i stova eller han sit ved telefonen i bilen. Derfrå kommentere­r han ting som er oppe i tida – og i misjonen. Han har gjerne også eit bibelord som han seier noko om.

Spør du jubilanten om kva som får han skikkeleg opprørt, så kjem svaret kontant: Ein halv times leiting etter 7de sansen, og eg finn den på baklomma.

Og spør du kva for ein eigenskap han saknar mest hos seg sjølv, så er han ikkje i tvil. Det er ordenssans og evne til empati.

Me er mange som ynskjer Odd til lukka med 80 års dagen. Og det skal du veta vyrde medarbeida­r: Du har ennå mange år framføre deg som forkynnar av Guds nåde!

 ??  ?? Stangeland Gruppen har nylig feiret sine jubilanter. Nordic Crane Vest AS: Framme fra venstre: Halvard Hettervik (10 år), Kjell Ove Saether (10 år), Roy Otto daglig leder i Nordic Crane Vest AS (30 år), Odd Gaute Undheim (10 år), Ole Øystein Rogne (10 år) og Erling Einarsen (10 år). Bak fra venstre: Olav Stangeland, konsernsje­f i Stangeland Gruppen AS, Tom Furland, HR-leder i Nordic Crane Vest AS og Tommy Stangeland, daglig leder i Stangeland Maskin AS. Ikke til stede på bildet: Per Egil Book (20 år), Svein Maele (10 år), Lars Atle Børve (10 år), Jan Kåre Hoem (10 år).
Stangeland Gruppen har nylig feiret sine jubilanter. Nordic Crane Vest AS: Framme fra venstre: Halvard Hettervik (10 år), Kjell Ove Saether (10 år), Roy Otto daglig leder i Nordic Crane Vest AS (30 år), Odd Gaute Undheim (10 år), Ole Øystein Rogne (10 år) og Erling Einarsen (10 år). Bak fra venstre: Olav Stangeland, konsernsje­f i Stangeland Gruppen AS, Tom Furland, HR-leder i Nordic Crane Vest AS og Tommy Stangeland, daglig leder i Stangeland Maskin AS. Ikke til stede på bildet: Per Egil Book (20 år), Svein Maele (10 år), Lars Atle Børve (10 år), Jan Kåre Hoem (10 år).
 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway