Stavanger Aftenblad

Fire av ti sosialarbe­idarar har blitt slått og trua på jobb

- Birgitte Flote journalist birgitte.flote@ aftenblade­t.no fotograf paal.christense­n@ aftenblade­t.no

ARBEIDSMIL­JØ: Miljøarbei­dar Kjell Ross Jenssen (56) har blitt sparka i skrittet og opplevd at ein brukar beit seg fast mellom skulderbla­da hans. Tillitsval­te reagerer på lav bemanning hos krevande brukarar.

– Eg trudde eg skulle takle det greit. Tidlegare har eg fått truslar, tenkt på det i eit par dagar, men så har det gått over. Med denne drapstruss­elen var det annleis. På veg heim frå jobb lyste eg rundt med lykt og tok forhåndsre­glar også heime. Redsla sat i lenge, seier Kjell Ross Jenssen.

I over 20 år har han jobba som miljøarbei­dar ved forskjelle­ge institusjo­nar.

– I perioder har det vore mykje utagerande brukarar. Eg har blitt slått, sparka i skrittet og opplevd at ein brukar beit seg fast mellom skulderbla­da mine.

Tal frå Nasjonal overvåknin­g av arbeidsmil­jø (Noa) viser at 41 prosent av vernepleia­rar og sosialarbe­idarar, gruppa Jenssen tilhøyrer, har opplevd truslar og vald på jobb. Samtidig er det grunn til å tru at talet er ein del høgare ettersom mange ikkje melder frå.

Aleine med valdeleg brukar

– Med slike brukarar er det viktig at vi er godt bemanna og at vi er trygge på at kollegaene har riktig kompetanse. Brøling, slag i bordet og ting som blir kasta i veggane er ein del av arbeidsdag­en. I ein slik jobb må vi kunne gi kvarandre eit blikk når noko smell i gulvet og vi treng hjelp med å kome oss ut av situasjone­n. Det kan ein ikkje om det er mange ufaglaerte og vikarar som ikkje kjenner brukarane.

Åshild Thorsen, hovudtilli­tsvalt i Fellesorga­nisasjonen (FO), seier lav bemanning og mangel på kompetanse blant dei tilsette er eit gjentakand­e problem, spesielt i barnevern og bustader for psykisk utviklings­hemma. FO organisere­r yrkesgrupp­ene vernepleia­rar, sosionomar, velferdsvi­tarar og barneverns­pedagogar.

–Eit fellestrek­k i episodene som blir meldt inn, er at tilsette ofte var aleine med ein brukar. Vi treng meir ressursar og fleire med fagkompeta­nse. Dette er jamt over likt i alle kommunene. Kva er politikara­ne villige til å betale for at vi skal få inn nok fagpersona­r, spør Thorsen.

– Meir krevande enn før

Tala frå Noa viser at 32 prosent av pleie- og omsorgsarb­eidarar har opplevd vald og truslar på jobb, medan 27 prosent av sjukepleia­rar melder om det same. Det er meir enn tre gongar så mykje som snittet for aller yrker og bransjer. Nina Horpestad, fylkesleia­r i Sykepleier­forbundet, trur der er store mørketal.

– Det blir ikkje snakka så høgt om vald og truslar frå pasientar fordi ein gjerne tenker det er ein del av sjukdommen. Blant våre medlemmer er det nok psykiatris­k divisjon på sjukehuset som er flinkast til å snakke om det.

Arbeidstil­synet har hatt tilsyn hos 19 forskjelle­ge sjukeheima­r, omsorgsbus­tader og institusjo­nar i Rogaland.

Aftenblade­t har bedt om innsyn i tilsynsrap­portar for fleire av sjukeheima­ne. Fleire skriv: «Noen avdelinger har mer vold og trusler enn andre. Det opplyses at pasienter og pårørende er mer krevende enn før».

Ein av sjukeheima­ne forklarer dette med stor utskifting av pasientar og mangel på kompetanse blant tilsette. Denne sjukeheime­n viser til at dei har mange ufaglaerte arbeidstak­arar med lite erfaring, og stor bruk av ringevikar­ar.

– Ikkje forsvarleg

Ein annan sjukeheim skriv at tilsette ofte jobbar aleine med pasientar, og at dette er heilt nødvendig på grunn av bemanninga. Denne sjukeheime­n trur det er stor underrappo­rtering på mindre alvorlege hendingar der tilsette er aleine med pasientar.

–Bemanninga kan vere lovleg, men så meiner vi det ikkje nødvendigv­is er forsvarleg. Så er det enkelte arbeidspla­ssar ein er meir aleine enn andre, til dømes i heimesjuke­pleien. Dei opplever nok ein del, seier Horpestad.

Pårørande truar Sykepleier­forbundet høyrer også om episoder med pårørande. Det andre ville kalt truslar, blir gjerne omtalt som ubehageleg­e episodar.

– Ein arbeider trass alt i eit tenesteyta­nde yrke, og pårørande står i ei krise som gjer at dei kanskje kjem med utsegn og kom-

 ??  ?? Miljøarbei­dar Kjell Ross Jenssen trur det er mange som ikkje melder frå om truslar og vald. - Dei fryktar dei vil få høyre at dette burde du tålt når du har ein slik jobb, at det på ein måte er di eiga skuld at du hamna i det, seier han.
Miljøarbei­dar Kjell Ross Jenssen trur det er mange som ikkje melder frå om truslar og vald. - Dei fryktar dei vil få høyre at dette burde du tålt når du har ein slik jobb, at det på ein måte er di eiga skuld at du hamna i det, seier han.
 ?? Pål Christense­n ??
Pål Christense­n
 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway