Til­set­te ved in­sti­tu­sjo­nar er ofte alei­ne med val­de­le­ge pa­si­en­tar

Stavanger Aftenblad - - FORSIDE -

AR­BEIDS­MIL­JØ: Ar­beids­til­sy­net mei­ner ar­beids­gi­va­rar ikkje be­skyt­tar sine til­set­te godt nok mot spark, slag og trus­lar. No må sjuke­hei­mar og in­sti­tu­sjo­nar skjer­pe seg.

– Vi veit at det i Nor­ge har skjedd drap på barne­verns­in­sti­tu­sjon. Det­te er det mest al­vor­le­ge til­fel­let, men så er det man­ge til­fel­ler med vald som til dø­mes spark, slag el­ler spyt­ting. Det drei­er seg om alt frå si­tua­sjo­nar der ein fak­tisk blir ska­da, til ver­ba­le trus­lar, sei­er Guro Fyk­se, til­syns­lei­ar i Ar­beids­til­sy­net Stavanger.

19 for­skjel­le­ge sjuke­hei­mar, om­sorgs­bu­sta­der og in­sti­tu­sjo­nar i Ro­ga­land er no un­der lupa hos Ar­beids­til­sy­net.

Kre­van­de pa­si­en­tar

– Vald og trus­lar er eit ar­beids­miljø­pro­blem som er spe­si­elt fram­tre­dan­de i helse- og om­sorgs­sek­to­ren, sei­er Fyk­se.

Alle som har fått be­søk av Ar­beids­til­sy­net i Ro­ga­land, har fått på­legg om å lage ein plan over kor­leis dei skal be­tre seg.

– Dei må sjå på kor­leis ar­bei­det er or­ga­ni­sert og til­rette­lagt, og kva si­tua­sjo­nar ar­beids­ta­kar kan bli ut­sett for vald og trus­lar i. Dei fles­te må også sjå på be­man­nin­ga og vur­de­re når det er for­svar­leg å vere alei­ne med pa­si­en­tar og bru­ka­rar, sei­er Fyk­se.

– Be­tyr det­te at epi­so­de­ne har sa­man­heng med låg be­man­ning?

– Ved en­kel­te ar­beids­plas­sar har dei det vel­dig tra­velt, men det treng ikkje all­tid vere di­for til­set­te er alei­ne. Det kan dreie seg om si­tua­sjo­nar der ein ikkje heilt har kop­la at ein ikkje bur­de vore alei­ne med ein pa­si­ent el­ler ein bru­kar, sei­er Fyk­se.

– Flei­re på­rø­ran­de tru­ar

– Det som over­ras­ka oss, er det som kom fram om trus­lar frå, og ube­ha­ge­le­ge epi­so­der med, på­rø­ran­de. Det­te ver­kar å vere eit au­kan­de pro­blem, sei­er ho.

I tid­le­ga­re til­syn har ikkje Ar­beids­til­sy­net høyrt så my­kje om epi­so­der med på­rø­ran­de. Hel­ler ikkje no har dei spurt di­rek­te om det­te, men ar­beids­plas­sa­ne tek det opp un­der til­sy­na.

–Det kan dreie seg om på­rø­ran­de som kjef­tar vel­dig. Vi fekk høy­re om ei epi­so­de der på­rø­ran­de fil­ma dei til­set­te i ein pleie- el­ler stellesi­tua­sjon. På­rø­ran­de kan vere ut­ford­ran­de, og det er ikkje alle som har ru­ti­ner på kor­leis dei skal for­hol­de seg til det­te.

Ar­beids­til­sy­net de­fi­ne­rer trus­lar som alle ver­ba­le an­grep el­ler hand­lin­gar som tar sik­te på å ska­de el­ler skrem­me ein per­son.

Til­syn i hei­le lan­det

I ja­nu­ar 2017 kom nye ret­nings­lin­jer som skal gje­re sjuke­hei­mar, om­sorgs­bu­sta­der, rus­bu­sta­der og lik­nan­de be­tre i stand til å hand­te­re epi­so­der med vald og trus­lar. Bak­grun­nen er at ein også tid­le­ga­re har sett at det­te er eit stort pro­blem.

Ar­beids­til­sy­net star­ta di­for med eit lands­om­fat­tan­de til­syn i 2017.

– Hei­le må­let med til­sy­na er å re­du­se­re føre­koms­ten. Det­te er ei ut­sett na­e­ring. I til­legg job­bar vi my­kje med rett­lei­ing, sei­er Fyk­se.

Her er no­k­re av fun­na har gjort: y Alle har fått på­legg om å gje­re ri­siko­vu­re­ring, det vil seie vur­de­re kor, når og i kva si­tua­sjo­nar ar­beids­ta­kar kan bli ut­sett for vald og trus­sel om vald. Be­man­ning, kom­pe­tan­se, ut­for­ming av lo­ka­ler er ein del av det­te. Dei må gje­re ei sa­er­skilt vur­de­ring av aleine­ar­beid. y Dei fles­te må sør­ge for be­tre ar­beids­mil­jø for and­re ar­beids­ta­ka­rar enn dei­ra eig­ne, til dø­mes fri­sø­rar og vakt­meis­ter som ikkje er der fast. y Halv­par­ten har mang­lar i ord­nin­ga med verne­bod. Det drei­er seg til dø­mes om ta­let på verne­om­bod og man­gel på opp­la­e­ring. y Halv­par­ten har fått på­legg om å set­te inn be­tre ru­ti­ner for føre­byg­ging, mel­ding og hand­te­ring av vald og trus­lar. y Ein tredje­del har fått på­legg om å gi dei til­set­te be­tre opp­la­e­ring og øving i å hand­te­re si­tua­sjo­nar.

Ar­beids­til­sy­net

– Trus­lar frå på­rø­ran­de ver­kar å vere eit au­kan­de pro­blem, sei­er Guro Fyk­se, til­syns­lei­ar i Ar­beids­til­sy­net Stavanger.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway

© PressReader. All rights reserved.