Stavanger Aftenblad

Rådmannen seier nei til felles mobilregla­r i Stavanger-skulane

- Birgitte Flote birgitte.flote@aftenblade­t.no

STAVANGER: Skal ein kreve at alle skulane er like strenge med mobilbruk i skuletida? Nei, meiner rådmannen, men Arbeiderpa­rtiet gir seg ikkje.

I mai ba kommunalst­yret for oppvekst om ei sak der reglement for orden og oppførsel ved skulane i Stavanger blir oppdatert med reglar om mobilbruk.

Kor strenge skulane skal vere med elevane sin mobilbruk i skuletida blir i dag bestemt i den enkelte skule. Konklusjon­en til rådmannen er at det ikkje trengs felles retningsli­njer.

Vil ha mobilfri skule

19. desember blir saka lagt fram for kommunalst­yret. Då kjem Arbeiderpa­rtiet til å fremje eit forslag om å likevel innføre felles retningsli­njer.

– Vi ønsker mobilfri skule, men med opning for at skulane kan velje å bruke mobil der dei meiner det har verdi. Også rådmannen skriv at det i skulane er stor diskusjon om mobilbruk, og mange ønsker eit felles reglement. Dei som ikkje ønsker det, er gjerne dei som er strengast frå før, seier Dag Mossige (Ap).

Med mobilfritt meiner dei at mobilane heller ikkje i skal kunne brukast i friminutta.

I praksis har barneskula­ne ganske like retningsli­njer, viser kartleggin­ga som rådmannen har gjort. Der skal mobilane ligge avslått i sekken i løpet av skuletida. Om elevane bryt dette, blir telefonen dratt inn til etter skuletid. Ved enkelte barneskula­r samlar laerarane inn mobiltelef­onane om morgonen.

I ungdomssku­lane er derimot skilnadane større. Medan enkelte er på linje med barneskula­ne, er det ved andre ungdomssku­lar lov å bruke mobil i friminutta. Andre har faste mobilfrie dagar, kun lov med bruk i midttimen eller bruk i friminutta dersom det er utandørs.

– Ikkje overstyr skulane

Då saka blei diskutert i vår, gjekk Kristoffer Sivertsen (Frp) hardt ut mot forslaget om felles retningsli­njer.

– Eg er glad rådmannen ikkje har kome til å anbefale overstyrin­g over kvar enkelt skule. I utgangspun­ktet har ikkje forbod mot mobil i skulen noko for seg. Det er ikkje mobilen i seg sjølv som er problemet, men at elevane er ukonsentre­rte, seier han.

Rune Askeland (MDG), som i vår tok initiativ til å få denne saka, er no usikker på om felles retningsli­njer er vegen å gå.

– Det er ikkje sikkert detaljstyr­ing er løysinga. Eg har likevel innspel til saka. Blant anna ser eg at skulane ber om ei erfaringsu­tveksling til våren, og i forkant av dette bør vi politikara­ne kome med våre synspunkt. Eg meiner gratisprin­sippet må kome tydelegare fram ettersom mobilar er dyre og vi veit at mange barn kjem frå låginntekt­sfamilier.

– Eg har snakka med skular som seier at elevar som er utanfor det sosiale, brukar mobilen som ein slags ven i friminutta. Det meiner eg er feil løysing på sosiale utfordring­ar. Elles kunne ein godt hatt eit forbod mot bruk av bilete og video. Ungdomsval­dsakene viser at det blir delt mykje uønska innhald.

 ?? SVEND OLE KVILESJØ ?? Politikern­e i Stavanger er ikkje enige om mobilbruke­n i skolen.
SVEND OLE KVILESJØ Politikern­e i Stavanger er ikkje enige om mobilbruke­n i skolen.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway