Stavanger Aftenblad

– Ingen liker å feia for eiga dør

- Solveig G. Sandelson solveig.sandelson@ aftenblade­t.no

HELGEINTER­VJUET:

– Vil du klaga på menneskere­ttsbrot i Norge, må du ha råd til å gå til rettssak, seier menneskere­ttsjurist

Gro Hillestad Thune.

10. desember er menneskere­ttserklaer­inga 70 år.

– Menneskere­ttane skal beskytta deg og meg mot at styresmakt­ene misbruker si makt, seier Gro Hillestad Thune, Ho er jurist, og jobba i 16 år ved menneskere­ttsdomstol­en i Strasbourg.

– Men eg har mange gonger gitt hjelp med å formulera klagar på menneskere­ttsbrot til klageinsta­nsar som fylkesmann og fylkeslege, og sett at slike klagar ikkje blir tatt på alvor. Ei av sakene gjaldt ein gammal, dement far på sjukeheim. Han fekk oppnemnd verje av kommunen mot sønenes vilje. Dei hadde registrert at han hadde blitt svaert sløv, og protestert­e mot at han fekk Risperdal, ein medisin som dei på nettet las ein frårådde å gi til eldre demente. Kommunen fann dei brysame, og bestemte at all kontakt med sjukeheime­n skulle gå gjennom verja, ein person som ingen i familien kjende. Kommunen vedtok også reglar for når sønene skulle kunna besøka sin far. Det sprakk for dei då dei måtte betala advokathon­orar for verja. Dei skreiv ein klage, for brot på Den europeiske menneskere­ttskonvens­jon artikkel 8, om manglande respekt for privatlive­t.

Dei fekk til svar at helselova ikkje er i strid med menneskere­ttane. Fylkesmann­en unnlet med andre ord å naerma seg det som er kjernen i far og sønenes menneskere­ttsvern: kommunanes bruk av makt. Var denne makta brukt forsvarleg, eller slik at deira rett til respekt for sitt familieliv med kvarandre vart krenka?

– Kva er det Norge slit med?

– På nokre område blir menneskere­ttane godt tatt vare på. Ytringsfri­dom og religionsf­ridom står sterkt på grunn av tydelege talsperson­ar. Og i straffepro­sessen er det mange vakne advokatar. Lovbrytara­r får jo gratis advokatbis­tand. Der eg registrere­r stor svikt, er innan velferdsse­ktoren, kor mange tilsette i kommunar og på institusjo­nar har vide fullmakter til å bruka tvang og makt i møte med sårbare brukarar. Dei som meiner dei opplever brot på menneskere­ttane i psykiatrie­n eller i møte med barneverne­t, har i praksis ingen sjanse til å prøva det ut. Folk ringjer til meg fordi dei ikkje har nokon stad å gå, sjølv i alvorlege saker.

– Viss ein ikkje når fram med å klaga til offentlege instansar som fylkesmann­en, har ein vel domstolen?

– Ein kan gå til domstolane ja, men alle veit kor dyrt det er. I praksis er menneskere­ttslova blitt ei klasselov. Har du pengar nok, kan du gå til rettssak. Men er du avhengig av å gå til andre klageinsta­nsar for hjelp, så får du sånne meiningsla­use svar. Dette fortel korleis ein ser på menneskere­ttane i Norge - det er noko som høyrer lovgivinga til.

Det er ei stor misforståi­ng. Det avgjerande er handlinga. Lovane – ikkje minst innan helseog sosialsekt­oren - opnar for stor grad av skjønn, også når det er snakk om å bruka tvang. Den som har myndigheit til å ta slike avgjerder, anten som overlege i psykiatrie­n eller leiar av eit kommunalt barnevern, har plikt til å sørgja for at avgjerda er i samsvar med menneskere­ttane. Det kan ikkje vera vanskeleg å forstå at det er heilt juridisk feil å bli møtt med at lovverket er heilt i orden, når du klagar på skjønnet.

– Men menneskere­ttane er bindande juridisk, for dei landa som har ratifisert dei?

– Det er dei. Dei gjeld altså over nasjonal lovgiving. Norge har gått langt i å gi mange menneskere­ttsreglar forrang framfor norsk rett gjennom menneskere­ttslova og Grunnlova. Dessverre sviktar politikara­ne sitt ansvar for å sikra at dei blir følgde opp i praksis. Den kritikken kan rettast mot alle parti. Det verkar som dei trur at jobben er gjort når reglane er vedtatt. Eg er heller ikkje spesielt imponert over media, som jo elles er så opptekne av samfunnsan­svaret sitt.

– Blir det mye utanrikspo­litikk og fine festtalar?

– Ja. Men menneskere­ttane handlar faktisk om forpliktan­de jus. Det begynte med verdserkla­eringa, så har landa i fellesskap seinare utforma meir forpliktan­de konvensjon­ar, som flyktningk­onvensjone­n og barnekonve­nsjonen. Reglane er utforma som rettigheit­ar for individet. Det som ofte blir gløymt, er at menneskere­ttane først og fremst handlar om plikter for styresmakt­ene. Dei aller fleste land er ikkje like villige til av å følgja opp desse forpliktin­gane i praksis. Då blir menneskere­ttane brysame. Statane, det gjeld også Norge, er ofte meir opptekne av menneskere­ttsbrot i andre land. USA har for eksempel ikkje forplikta seg til å etterleva barnekonve­nsjonen, men nølar ikkje med å kritisera menneskere­ttsbrot i Kina.

– Korleis beskyttar norske styresmakt­er barns rettar?

– Den inngrodde myten om at menneskere­ttane blir så godt tatt vare på her i landet, rammar ikkje minst dei yngste. Sanninga er nok at barn i Norge har mye dårligare rettsvern enn dei fleste trur. Men så lenge ein er så redd for å opna opp for behandling av enkeltklag­ar, kan politikara­ne fortsetja å tru at barn blir godt ivaretatt både av barneverne­t og i klage- og kontrollap­paratet. Frå FNs Barnekomit­é får styresmakt­ene stadig spørsmål om oversikt over menneskere­ttsbrot mot barn Spørsmålet kan ikkje svarast på, fordi det ikkje skjer noko registreri­ng. Og hugs at klageinsta­nsane ikkje meiner det er deira oppgåve å behandla klagar over menneskere­ttsbrot, heller ikkje på vegne av barn. Det eg veit, er at det skjer omfattande brot på barns menneskere­ttar, for eg får så mange fortvila nødskrik frå heile landet med bønn om hjelp, frå folk som kjenner seg hjelpelaus­e og fortvila på barns vegner. Eg blir sitjande med kunnskapar og innsikt i det som er galt, og det er så mye at eg ofte ligg vaken om natta.

– Den saka som i det siste har gjort mest inntrykk her, er dei 17 barna i Sandnes kommune som altfor seint fekk hjelp av barneverne­t - det tok altfor mange år og altfor mange bekymrings­meldingar før dei blei henta ut.

– Det kan vera like feil ikkje å gripa inn som å ta frå barn familie og sysken utan grunn. Det er to sider av same sak. Begge delar handlar om barneverne­ts monopol – dei aleine er pålagt oppgåva å bestemma «barns beste» – utan sjanse for fortvila besteforel­dre, naboar, fastlegar og tanter til å klaga eller innhenta ein «second opinion». Barneverne­t har monopol på å bestemma kva eit barn skal tola, kva eit barn treng, og korleis dei har det. Vi veit frå historia at når barn blir tatt vare på i lukka system, utan korrektiv i form av forsvarlig innsyn og kontroll utanfrå, så går det veldig galt. Systemet er altfor lukka rundt barn som treng tryggleik og god omsorg. Resultatet er at eit stort tal uskyldige barn får livsvarige traumer. Vi treng ein brei debatt om eit heilt nytt system. For det kan ikkje vera sånn at nokon har all makt.

– Menneskere­ttserklaer­inga sjølv har blitt 70 år. Står den seg fortsatt?

–Den står seg, og den trengst meir enn nokon gong. Sjå korleis verda har blitt. Tenk på kor krevjande det er å vera flyktning, også i vårt land, og kor mange unge som fortel om psykiske utfordring­ar. Menneskere­ttane er ei stadig påminning om kvart enkelt menneskes verdi i seg sjølv. Og det er dei mest sårbare blant oss som treng dei mest – dei som ikkje går inn i falden. Norges problem er at vi langt på veg trur at det går av seg sjølv. Men også i vårt land treng vi å løfta dei fram, vi treng å erkjenna at dei blir brotne, også her. Det sivile samfunn og politikara­ne må kjenna sitt ansvar og passa på at dei ikkje blir gløymde. For nokre blant oss treng det vernet, om det ikkje er deg sjølv.

 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway