Stavanger Aftenblad

Kunsten å bli upopulaer

- Jan Zahl journalist

KOMMENTAR: Ei av politikara­nes viktigaste oppgåver er å bestemma ting som er upopulaere. Som det grøne skiftet.

Gatene i Paris har sett ut som ei krigssone dei siste helgene. Tusenvis av demonstran­tar i gule vestar har innteke byen. Dei fleste fredelege, men også mange valdelege, ute etter å knusa og øydeleggja.

I Rogaland har det også gått demonstran­tar i gule vestar gjennom gatene denne hausten, mens dei taktfast har ropt «Nok er nok!». Heldigvis utan å gå til dei fysiske eksessane ein har sett i Frankrike. Men også her har sinnet ført til at enkelte har kryssa grenser for kva ord og verkemidde­l ein bruker i ein politisk diskusjon i fredelege Norge.

Samtidig blir Klimatoppm­øtet i Katowice i Polen avslutta i morgon. Når eg skriv dette, er det ikkje klart om ein lukkast med målet: å koma fram til konkrete reglar som skal gjera det mogleg for dei nesten 200 landa som deltek, å nå måla i Parisavtal­en.

Vår tids største utfordring

Alle desse tre sakene heng saman. Alle tre involverer vår tids største utfordring, nemleg klimaendri­ngane. Som Sir David Attenborou­gh sa ved opninga av toppmøtet i Polen – rett etter publiserin­ga av nok ein dramatisk FN-rapport om kor gale det vil gå med Jorda om me ikkje handlar raskt og drastisk. Gjer me ikkje noko nå, vil sivilisasj­onen vår vera på randa av kollaps.

«Verdens folk har talt. Deira beskjed er tydeleg. Tida renn ut. Dei vil at de – politikara­ne – skal gjera noko. Nå!» sa Attenborou­gh.

Det er dette president Emmanuel Macron har prøvd på i Frankrike. Og det er dette politikara­ne på Nord-Jaeren gjer noko med gjennom Bymiljøpak­ken. Macron gjekk til val på å gjennomfør­a eit grønt skifte i Frankrike, og ville derfor innføra nye skattar på fossilt drivstoff. Politikara­ne på Nord-Jaeren har lova å få ned klimautsle­ppa, og har derfor innført nye bompengar og rushtidsav­gifter.

Det har ikkje gått saerleg bra, verken i Frankrike eller hos oss.

Problemet er berre at det ikkje vil vera mogleg å naerma seg ambisjonan­e i Parisavtal­en – å redda jorda og sivilisasj­onen vår, for å bruka litt store ord – utan å gjennomfør­a dramatiske tiltak som mange menneske vil blir råka av og rasande på.

Umogleg skvis

Her står politikara­ne i ein nesten umogleg skvis. Skal dei leva opp til sine store ord, ideal og løfte om å gjera noko med klimaprobl­emet, er dei nesten nøydde til å setja i verk tiltak – elles vil dei bli straffa av veljarane som stemte dei fram til makt og posisjon. Men sjansen er også stor for dei blir straffa ved neste val om dei set i verk tiltak som har effekt.

Plutseleg har du ein heil folkeaksjo­n mot deg.

Så kva gjer du? Skal du vera ein politikar som vinn val for å setja politikk ut i livet? Eller skal du vera ein politikar som set politikk ut i livet for å vinna neste val? Skal du setja dine eigne politiske ideal eller di eiga politiske karriere først?

Eg er ikkje i tvil om kva politikart­ype eg vil ha. Eg vil ha folkevalde med ein tydeleg politikk og tydelege ideal – og folk som står for desse ideala også når det bles motvind frå alle kantar. Eg vil sjølvsagt også ha politikara­r som lyttar til folk, politikara­r som er i stand til å skifta meining, som er påverkeleg­e av fakta. Men til slutt er det ein politikars forbanna jobb å bestemma noko – sjølv om mange vil bli sinte.

Langtidste­nking

Det er også ein politikars jobb å tenkja langsiktig. Det er eit større problem at politikara­r ikkje tenkjer langsiktig nok, til dømes ut over sin eigen valperiode, enn at dei er for langsiktig­e.

Klimadebat­ten illustrere­r dilemmaet på ekstra tydeleg vis. Problema dei menneskesk­apte klimaendri­ngane vil føra til er heilt i startfasen, dei har ennå ikkje ramma oss så tungt, og det er framleis ein viss diskusjon om kva som er naturleg variasjon og kva som kan knytast til menneskesk­apt aktivitet. Dermed er det vanskeleg å få gehør for dyre og drastiske tiltak nå – mot noko som (kanskje) skal skje ein gong i framtida. Samtidig vil det langt på veg vera for seint å handla den dagen konsekvens­ane slår inn over verda i all si gru – og demonstras­jonane i gatene for drastiske klimatilta­k overgår dei som ropar «Nok er nok!».

Men igjen: Eg vil heller ha politikara­r som tenkjer på korleis verda ser ut når barna mine blir vaksne, og ikkje bare på neste valsyklus. Sjølv om eg vil måtta betala ekstra for det i dag.

Eliteprat

Problemet er bare at alt dette er lett for meg å seia, dels fordi eg liknar på politikara­ne som snakkar slik. Eg er ein middelaldr­ande mann med god jobb og inntekt – og med elbil. Eg er ikkje ein fattig franskmann som plutseleg skal måtta betala meir enn eg har råd til i auka bensinavgi­fter for at Macron skal nå sine ambisiøse klimamål. Eg må ikkje betala tusenvis av kroner i bompengeri­ngane på Nord-Jaeren. Eg tilhøyrer den veltilpass­a, øvre middelklas­sen, på eitt vis høyrer eg til eliten. Den gjengen Folket nå i urovekkand­e grad gjer opprør mot, i Storbritan­nia i samband med brexit, i Trumps USA, i Polen og Italia – og nå også i Frankrike.

Og kanskje på Nord-Jaeren.

Likevel insisterer eg på at eg vil ha prinsippfa­ste politikara­r som toler å gjera seg upopulaere. Og så kryssar eg bare fingrane for at Det gode vinn til slutt.

Tvi tvi i Katowice!

 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway