Stavanger Aftenblad

Arbeidsliv­et må bli meir attraktivt for fagarbeida­rar

- Jan Ole Rød Listekandi­dat, Arbeiderpa­rtiet, Stavanger

POLITIKK: Dei unge ønskjer å jobba i eit arbeidsliv med faste jobbar, trygge rammer og gode arbeidsvil­kår.

Frp prøver å stå fram som forkjempar­ar for yrkesfaga og rekrutteri­ng av fagarbeida­rar. Seinast i Aftenblade­t, måndag 10. desember i år, har Roy Steffensen eit lesarinnle­gg der Frp får aera for at fleire elevar nå vel yrkesfag. Likevel er Steffensen bekymra for at det blir mangel på fagarbeida­rar i tida framover.

Stort sett dei same spørsmåla

Det er gode grunnar til å vera uroleg for rekrutteri­nga til yrkesfaga. Dessverre er ikkje Frp opptatt av dei spørsmåla dei unge sjølv stiller når dei skal velja utdanning og yrke. Ungdommar og foreldre som står framfor det viktige valet av utdanning og yrke, har stort sett dei same spørsmåla.

For dei fleste er det heilt avgjerande korleis det framtidige arbeidsmar­knaden ser ut. Vil det finnast ein jobb der eg ønskjer å bu? Får eg fast jobb slik at eg får lån i banken ved behov? Får eg arbeida med gode kollegaer i eit godt fellesskap?

For mange av fagarbeida­rjobbane, er dessverre svara på desse spørsmåla negative. Dei faste jobbane blir faerre. Det blir fleire midlertidi­ge stillingar og innleie av arbeidskra­ft frå vikarbyrå erstattar faste stillingar. I mange bransjar blir løna pressa ned ved import av billig arbeidskra­ft frå utlandet. Oppslaga i media den siste tida om tilstanden i bygge- og transportb­ransjen er triste døme på ei utvikling i arbeidsliv­et som gjer det lite freistande å starta på ei yrkesfagle­g utdanning i desse faga.

Dei unge ønskjer å jobba i eit arbeidsliv med faste jobbar, trygge rammer og gode arbeidsvil­kår. Skal fleire velja yrkesfag, må arbeidsliv­et bli meir attraktivt for fagarbeida­rar. Solberg-regjeringa sin arbeidsliv­spolitikk har hittil stimulert til midlertidi­ge tilsetting­ar. Regjeringa fører ein liberal økonomisk politikk med skattelett­e og dereguleri­ng av arbeidsliv­et. Arbeidstil­synet er blitt svekka.

Meir anstendig arbeidsliv

Å rekruttera fleire elevar til yrkesfagle­ge utdannings­program, handlar ikkje først og fremst om å marknadsfø­ra yrkesfaga betre eller auka laerlingti­lskot. Langt viktigare for dei unge er det med fast jobb, god lønn og trygge rammer. Ein politikk for eit meir anstendig arbeidsliv, er det viktigaste for å rekruttera fleire til yrkesfaga og førebyggja mangel på fagarbeida­rar i framtida. Hovudeleme­nta i ein slik arbeidsliv­spolitikk er å styrka arbeidsmil­jølova sine formulerin­gar om fast tilsetting, å stansa privatiser­inga av offentlege oppgåver, å gjenreisa den norske arbeidsliv­smodellen slik at partssamar­beidet og fagforenin­gsarbeid får høgare status.

Det finnest parti som har ein politikk for eit meir anstendig arbeidsliv; ein politikk som vil rekruttera fleire til yrkesfaga. Frp har det ikkje.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway