Stavanger Aftenblad

Helsekøane er for lange, bruk private meir

- Lars Selsvik Tau

HELSEVESEN­ET: Eg har ikkje råd til 60.000 kroner for en ryggoperas­jon, og ventetida i Helse Stavanger på eit halvt år er for lang.

Frå april i år har eg hatt sterke smerter når eg går. Røntgenbil­eta viser at eg har innsnevra ryggkanal (spinal stenose). Fastlegen sende 6.7.18 tilvising til Helse Stavanger om spesialist­behandling.

Eg fekk svar frå ortopedisk poliklinik­k i Stavanger om at eg hadde fått time 30.11.18. Dette var lenge å venta. Eg så på nettet at ventetida på Haukeland i Bergen var betydeleg kortare enn i Stavanger, og fastlegen søkte om plass i Bergen.

Svaret var at det var like lang ventetid i Bergen som i Stavanger.

I eit av verdas rikaste land

Legen skreiv òg at eg kunne få operasjone­n privat. Denne ville kosta 60.000 kroner, utan noka offentleg støtte.Slik privat behandling har eg ikkje råd til.

Her må helsevesen­et utvida behandling­skapasitet eller yta bidrag til privat behandling. Her går pasientar med smerter og ubehag i eit av verdas rikaste land, men får ikkje behandling.

Er det ikkje på tide å samarbeida meir med private klinikkar for å få helsekøene ned?

Meir venting

Elles fekk eg i november brev frå ortopedisk poliklinik­k i Stavanger om at timen er utsett til 11.1.19.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway