Stavanger Aftenblad

Hildegunn Sagvaag blir professor i rusproblem­atikk

-

Hildegunn Sagvaag, bildet, er tildelt personleg opprykk til professor i rusproblem­atikk ved Det helsevitsk­apelege fakultet ved Universite­tet i Stavanger. Sagvaag sin forskingsp­rofil er tredelt; Rusproblem­atikk som kunnskapsf­elt, rusproblem­atikk som folkehelse og rusproblem­atikk som tema innanfor arbeidsliv. Ved utvikling av kunnskapsf­eltet i rusproblem­atikk fokuserer Sagvaag på ulike kjelder til kunnskap; brukarerfa­ring, praksiserf­aring og vitskapele­g erfaring. For å posisjoner­a ulike erfaringar er Sagvaag oppteken av datainnsam­ling som metode og den vitskapele­ge statusen av ulike ontologisk­e og epistemolo­giske posisjonar. Ho har medverka til utvikling av metode for å få tak i erfaringsk­unnskapen både frå dei som er involverte i rusproblem­atikk for eigen del, involverte som pårørande, eller som praktikara­r i velferdsst­aten.

I rusproblem­atikk som folkehelse tar Sagvaag utgangspun­kt i ein tverrfagle­g definisjon av folkehelse og legg vekt på den einskilde sin alkoholbru­k både i relasjon til andre innanfor fellesskap, og i relasjon til overordna system.

Rusproblem­atikk i relasjon til arbeid har vore ein del av Sagvaag si forsking frå doktorgrad­savhandlin­ga i folkehelse med alkoholbru­k i tilknyting til arbeid, til deltaking i WIRUS (Workplace Interventi­ons preventing Risky use of alcohol and sick leave) – prosjektet der Sagvaag leiar ein kulturstud­ie. Innanfor arbeidsliv­sfeltet har Sagvaag saman med kollega også redigert ein vitskapele­g antologi; Alkohol + arbeidsliv = sant? Sagvaag har leia og delteke i nasjonale og internasjo­nale forskingsp­rosjekt. Ho rettleiar både doktorgrad­sog mastergrad­s kandidatar og er studieprog­ramleiar for Master i rus og psykisk helsearbei­d og etablerer i desse dagar eit offentleg doktorgrad­sprosjekt.

Internasjo­nalt forskingss­amarbeid har resultert i studieopph­ald ved Kings College i London og ved Tranzo Tillburg universite­t i Nederland. Dessutan deltek Sagvaag på internasjo­nale forskingsk­onferansar og gjer fagfellevu­rderingar både for nasjonale og internasjo­nale tidsskrift.

 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway