Julesjarm i Julebygda
JULESPEL: «Det store julespelet» i Julebygda sjarmerer – men endrar deg ikkje som menneske.
Det skjedde i Julebygda
Av: Arnt Olav Klippenberg, Ingvar Hovland og Øystein Ellingsen. Regi: Sigrun Eriksen. Med: Anh Vu, Ole Alexander Maeland, Sigrun Eriksen, Svein Tang Wa m fl. Lengde: 1 time 20 min. Blir spelt t.o.m.
16. desember.
For niande år på rad går heile halve Julebygda saman om å leva opp til namnet sitt i førjulstida, med julemarknad, julespel og julesong i kapellet.
Store og små skaper julestemning i desembermørkret – enten det regnar, snør eller bles.
Vergudane smilte til dugnadsgjengen på årets premierkveld. Eit par plussgrader og stjerneklar himmel kvelva seg over det flotte, utandørs sceneområdet, med Julebygda kapell opplyst i bakgrunnen. Med ein kopp varm gløgg i hendene var me klare.
Jødar på Jaeren
Julebygdas julespel er ført i pennen av egersundarane Arnt Olav Klippenberg, Ingvar Hovland og Øystein Ellingsen. Stykket handlar om eit ungt, jødisk par – Josef (Ole Alexander Maeland) og Maria (Anh Vu) - som i 1810 er på veg over Jaeren til Stavanger for å skaffa seg leidebrev. Maria er høggravid, det er jul, og ja: Det er nokre parallellar til ei eldre soge om to andre Josef og Maria på jakt etter herberge.
Samtidig er historia om dei to jødane, som ikkje har lov til å vera i Norge, strengt tatt bare ein av fleire små historietrådar i «Det store julespelet». Eigentleg går det frå tablå til tablå, tidvis i litt for lågt tempo, og utan å gå inn i djupare karakterutvikling eller spenningskurver. Me er blant anna innom ein far som blir overfalt, ein litt lat og ordspelande lensmann (Svein Tang Wa) og hans assistent, syngande barn og – av alle ting - eit omreisande sirkus som driv med sjonglering og akrobatikk.
Sjonglørane får Josef og Maria til å trassa tørst, manglande husly og fødselsrier, og dansa i veg mens dei syng at «Synga og dansa - det kan me liga». Ja, og så er det ein fattig, barnerik familie, med ei snill mor (Sigrun Eriksen) som til slutt har både hus- og hjarterommet det jødiske paret har leita etter. For det ender sjølvsagt godt, skal.
slik det
Fine nummer
Det er altså fire «proffar» som deler scene med ein haug amatørar, typisk for denne typen folkelege spel. Sjarm- og kosefaktoren er høg, sjølv om det ikkje er Broadway-nivå på alt av song, dans og skodespel. Men her er fleire fine nummer. Fellesnummeret «Då e det jul» er flott, det er same er den tostemte songen til Josef og Maria i stallen. Stemmane til Vu og Maeland står i det heile tatt veldig godt til kvarandre. Men så har eg denne kjepphesten, som gjeld enten det er Rogaland teater eller dugnadsgjengar i Julebygda: Musikalar skal ha levande musikarar, ikkje musikk på boks.
Det som står igjen som litt pussig, er Julebygdas kolossale ambisjonar med spelet sitt. For dette er ikkje bare noko som skal vera koseleg og gi god julestemning. Nei, det skal handla om korleis me møter kvarandre, skapa meir kjaerleik, vilje til forsoning og menneskeleg varme. Som det står i programmet: «Dersom du er mottakelig, er sjansen for at du går fra spelet som et bedre menneske, svaert sannsynlig.» Det er sjølvsagt ingen som vil seia at dei er motstandarar av kjaerleik og menneskeleg varme. Men det finst knapt noko scenisk verk i verda som til nå har vore briljant at det på 80 minuttar lukkast i å omskapa sitt publikum til betre menneske - og det gjer heller ikkje «Det store julespelet» i Julebygda.
Er det ikkje ambisjon stor nok at ei lita bygd går saman om å laga eit slikt spel år etter år, unge og gamle, proffe og amatørar? Og så kan publikum gå ut porten etter applausen, kanskje litt hutrande og kalde, men ganske varme om hjartet?