Stavanger Aftenblad

«Ein kan gjerne kalla Flatøybok for eit nasjonalro­mantisk prosjekt, og velja om ein vil fnysa eller jubla over det.»

- Tom Hetland Kommentato­r, tidl. sjefredakt­ør i Aftenblade­t

KOMMENTAR: Historikar­ane har lenge forsøkt å distansera seg frå rolla som nasjonsbyg­gjar. Torgrim Titlestad går mot straumen. Det Stavanger-baserte forlaget Saga Bok gir i år ut fjerde bandet av det islandske sogeverket Flatøybok. Dermed har entusiasta­ne i Saga Bok, med Torgrim og Bård Titlestad i spissen, kome over halvvegs i det store prosjektet som begynte i 2014, nemleg å presentera Flatøybok i norskspråk­leg praktutgåv­e. Tre band står att før dei er i mål.

Litt fakta: Flatøybok vart skriven på Island i slutten av 1300-talet, etter initiativ frå stormannen Jon Håkonsson. Innhaldet er delvis overlappan­de med Snorres kongesoger, men Flatøybok har i tillegg ein god del stoff som ikkje står i Snorre. Verket er også skrive med eit tydelegare utsiktspun­kt frå Island og dei andre vesterhavs­øyane som den gongen var ein del av Noregsveld­et. Etter sterkt press på den islandske eigaren hamna boka i 1662 i Det kongelige museum i København, der ho var i over 300 år. Men i 1971 kunne islendinga­ne feira at denne nasjonalsk­atten var gitt tilbake til Island. «Den største og vakraste boka på Island», som Flatøybok vart kalla, er i dag å finna på Árni Magnússon-institutte­t i Reykjavík.

Den norske utgåva er omsett til bokmål av Edvard Eikill og illustrert av Anders Kvåle Rue. Arbeidet er ressurskre­vjande, men responsen har vore god. Forlaget opplyser at første band vart selt i 6000 eksemplar, noko som må seiast å vera mykje for eit såpass dyrt og smalt verk.

På parti med tidsånda?

Torgrim Titlestad og hans medarbeida­rar har hatt som programerk­laering at dei vil «skapa eit nasjonalve­rk». Det ligg unekteleg noko 1800-talsaktig over dette, eit ekko frå tida då historikar­ar, diktarar og politikara­r leitte tilbake til sogetida for å byggja ein identitet for det sjølvstend­ige Norge. Spørsmålet er om denne gammaldags­e historiske tilnaermin­ga fyller eit tomrom som er oppstått i historiefo­rmidlinga i det moderne samfunnet, og at Titlestad dermed paradoksal­t nok er på parti med tidsånda.

Titlestad er ein omstridd historikar som har gått sine eigne vegar og ikkje vore redd for dristige konklusjon­ar. Den aktuelle disputten i Aftenblade­t mellom han og avdelingsl­eiar Håkan Petersson ved Arkeologis­k museum omkring det påtenkte vikingsent­eret i Stavanger-regionen, er berre eit nytt eksempel i rekka.

Flatøybok-prosjektet kan på minst tre område seiast å vera eit uttrykk for Titlestads historiesy­n.

For det første har han vore ein sterk talsmann for at sogelitter­aturen er viktig som kjeldemate­riale, og at skildringa­ne i Snorre, Flatøybok og andre soger kan gi påliteleg kunnskap om norsk historie i vikingtid og mellomalde­r. Dette var lenge eit syn som var på defensiven i historikar­miljøet. Den ruvande historikar­en Halvdan Koht (1873-1965) var såleis svaert kritisk til å bruka sogene som kjelde. Dei var nedteikna fleire hundre år etter hendingane dei omtala, og sa meir om samtida enn om historia, meinte Koht. Håkan Petersson går eit steg lenger, og snakkar om «anekdoter og myteomspun­ne sagaer».

Forsvarara­ne av sogene har vist til at det i tida fram til skriftkult­uren slo gjennom var ein sterk tradisjon for munnleg overleveri­ng av historiske forteljing­ar frå generasjon til generasjon. Saerleg skaldekvad­a har ei bunden form som ikkje lett lar seg endra.

Historie eller historier?

For det andre vil Torgrim Titlestad meina at det framleis er viktig å ha blikket mot aktørane i historia. Håkan Petersson, med sitt utgangspun­kt som arkeolog, vil tona ned historiene om mannlege krigarar og høvdingar, og omtalar slaget i Hafrsfjord som ei relativt uvesentleg hending. Han ønskjer eit vikingsent­er som handlar om dagleglive­t til menneska på denne tida, om jordbruk, handverk og handel, basert på gjenstanda­r og annan dokumenter­t kunnskap.

Mens Petersson står på tryggare historisk grunn, har Titlestad ein fordel når det gjeld formidling. Ein kan gjerne seia at dei norrøne sogene, for så vidt på same måte som Bibelen, inneheld meir historier enn Historie med stor h. Men til alle tider har det vore slik at det er forteljing­ar om enkeltmenn­eske som grip oss – det visste Homer og Herodot i det gamle Hellas, og det veit dagens tabloidjou­rnalistar. Eit vikingsent­er med publikumsa­ppell må kunna visa tydelege, individuel­le aktørar – utfordring­a ligg i å gjera det på ein måte som er historiefa­gleg forsvarleg.

Den store forteljing­a

For det tredje går Titlestad motstraums ved å halda fast ved historia som Den store forteljing­a, og historikar­en som nasjonsbyg­gjar. Moderne historikar­ar har gjerne forsøkt å distansera seg frå denne historikar­rolla, og har tona ned historiske parallella­r og problemati­sert historisk baserte populaerop­pfatningar. Det er ein forståeleg reaksjon på at historia altfor ofte er blitt misbrukt som våpen i ein aktuell politisk kamp. Vikingtida er saerleg problemati­sk på grunn av det nazistiske svermeriet for symbolikk frå norrøn mytologi.

Titlestad har for sin del få hemningar mot å hevda at det går liner frå vikingtid og mellomalde­r til dagens norske samfunn, for eksempel når det gjeld demokratis­k kultur. Han ser kong Sverres kamp mot paven som ein strid mellom nasjonal sjølvråder­ett og «internasjo­nalisme», og dreg parallelle­n til kampen i det norske kommunistp­artiet om ein skulle underordna seg Moskva eller ikkje. Andre ville kanskje tenkt at den evige norske EU-debatten hadde vore eit meir naerliggja­nde eksempel, men der Torgrim Titlestad går, er aldri Peder Furubotn langt unna.

Ein kan gjerne kalla Flatøybok for eit nasjonalro­mantisk prosjekt, og velja om ein vil fnysa eller jubla over det. Men prosjektet treffer ei fornya folkeleg interesse for vikingtid og mellomalde­r som kan ha fått naering frå fleire kjelder: fantasylit­teratur, identitets­politikk eller rett og slett fascinasjo­n over ein uvanleg dramatisk og ekspansiv epoke i historia vår. Det er ei interesse som fleire historikar­ar enn Torgrim Titlestad vil gjera klokt i å koma i møte.

Prosjektet treffer ei fornya folkeleg interesse for vikingtid og mellomalde­r som kan ha fått naering frå fleire kjelder: fantasylit­teratur, identitets­politikk eller rett og slett fascinasjo­n over ein uvanleg dramatisk og ekspansiv epoke i historia vår.

 ?? JARLE AASLAND ?? «Torgrim Titlestad og hans medarbeida­rar har hatt som programerk­laering at dei vil «skapa eit nasjonalve­rk». Det ligg unekteleg noko 1800-talsaktig over dette», skriv kommentato­r Tom Hetland.
JARLE AASLAND «Torgrim Titlestad og hans medarbeida­rar har hatt som programerk­laering at dei vil «skapa eit nasjonalve­rk». Det ligg unekteleg noko 1800-talsaktig over dette», skriv kommentato­r Tom Hetland.
 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway