Stavanger Aftenblad

Sverre Lofthus er død

- Jone Laugaland

Ein skikkelige sjømann som elska å seila sjøl om han sleit med sjøsjuka kvar gong han drog ut etter ein friperiode på land.

Sverre Lofthus, Stavanger, er død, 90 år gammal. Forteljing­a om hans liv gir assosiasjo­nar til serien «Lykkeland» som har rulla over TV-skjermane våre dei siste vekene.

Han blei fødd på Hinna og var nest eldst av sju sysken. Då krigen kom, flytta familien til Nedre Vats der faren hadde kjøpt gard. Det var tronge tider. Ungane måtte delta i arbeidet på garden så snart dei var store nok. Sverre arbeidde også på nabogardan­e for å spara pengar til utdanning. Han ville gått på gymnas, men såg seg ikkje råd til det. Som 17-åring reiste han rett etter krigen til Risør for å ta sjømannsut­danning.

Fred. Olsen i Oslo blei rederiet for unge Lofthus. Der steig han raskt i gradene. I 1953 tok han styrmannse­ksamen ved Stavanger styrmannsk­ole. Som styrmann møtte han kvinna i sitt liv, Connie frå Råde reiste som passasjer på båten. Dei var gifte i 62 år og fekk fire barn. Ho var sjukepleia­r, men tok seinare telegrafis­t-utdanning og seilte saman med mannen til sjøs då ungane var store nok til å klara seg sjøl. Sverre Lofthus tok høgare skipsførar-utdanning i 1959 og blei kaptein i 1963.

Då Fred. Olsen gjekk inn i oljebransj­en blei Sverre Lofthus med. Han deltok i arbeidet med å bygga om kvalkokeri­et «Thorshøvdi» til «Drillship». Lofthus var ein av to kapteinar om bord då skipet drog ut i Nordsjøen på oljeboring. «Drillship» blei ingen stor suksess i Nordsjøen.

Nå gjekk kapteinen i land og inn i oljeindust­rien. Han var på oljeleitin­g på Svalbard og var med på å etablera sitt boreselska­p både i Stavanger og på Shetland. Sverre Lofthus blei sjef i Aker Drilling som seinare skifta navn til Dolphin. Nå flytta Lofthus-familien tilbake til Stavanger og kjøpte hus på Gausel.

I 1985 slutta Sverre Lofthus brått i Dolphin. Med seg ut dørene fekk han ein avtale som gav han lønn frå selskapet fram til han blei pensjonist. Nå var han klar for å realisera sin store draum om å seila jorda rundt med eigen båt. To år brukte han på turen med den 38 fot store seilbåten «Connie». Kona, familiemed­lemmer og venner alternerte som mannskap. På Kreta ble seilbåten pårent av ein fiskebåt medan han låg for anker. Det var det einaste alvorlege uhellet på heile turen.

–Største opplevinga var etappen gjennom Europa på kanalar og elver frå Marseille til Amsterdam. Me hadde historien rundt oss heile vegen, sa Sverre Lofthus til Aftenblade­t etterpå.

 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway