Stavanger Aftenblad

Kor mange glas alkohol toler borna?

- Bystyrerep­resentant i Stavanger (KrF)

ALKOHOL: Spørsmålet om kor mange glas alkohol borna toler er like aktuelt heile året.

Anne Kristin Bruns

Aleksander Stokkebø

Jula har for mange betydd fredfulle og rolege dagar med familie og vener. Slik var det ikkje for alle. La oss hugse på det og vise omsyn til kvarandre når vi no går 2019 i møte. Av-og-til og 19 andre organisasj­onar som på ulike måtar jobbar med barn og oppvekst har denne høgtida hatt ein kampanje der har vore spørsmålet; Kor mange glas alkohol tåler borna?

Born er totalt avhengige av dei vaksne rundt seg og likar best når foreldra oppføre seg som dei gjer til vanleg. Difor kan det vere skremmande når dei som stå naer plutseleg endrar oppførsel.

Drikk meir i høgtidene

I motsetning til oss vaksne kan ikkje borna velje å forlate festen, eller heimen. Omlag hundre tusen born i Noreg bur saman med vaksne som har eit jamt høgt alkoholkon­sum. Samtidig veit vi at mange drikk meir i høgtidene og helgane, når fridagane er fleire og tida betre. Borda blir fylt med alkohol og inntaket aukar kraftig, ofte med born til stades. Spørsmålet om kor mange glas alkohol borna tåler er like aktuelt heile året.

Rundt dei mange middagsbor­d sit også vaksne som har utfordring­ar med alkoholen.

Nokon kan ha vanskelege periodar i livet, der dei prøver å gløyme sorga med å drikke meir. Andre er gjerne endeleg tørrlagde, men det er eit sterkt press i høgtida som kan få ting til å kome ut av kontroll igjen. Korleis reagerer vi på folk som ikkje drikk? Er vi skeptiske, kritiske eller beundre vi dei for det valet dei har teke? Treng vi å påpeke når nokon ikkje har fylt opp glaset? Vis omsyn og respekt for kvarandre sine val er ein god vane. Spørsmålet om kor mange glas ein tåler er aktuelt å stille i fleire samanhenga­r.

Alkoholpåv­erka vaksne endrar ofte veremåte. Nokon bli meir tøysete, andre meir aggressive. Endra veremåte kan vaere ei skremmande oppleving for dei små. Sjølv «lykkepromi­lle» kan opplevast vanskelig å forstå. Sjølv om me som vaksne tenkjer at dette gjer oss glade og lykkelege, er det ikkje rett og riktig at barn skal måtte uroa seg for kor mange alkoholein­ingar den vaksne drikk. Erfaringan­e frå barndommen kan prege ein vidare i livet og bryte ned tilliten mellom borna og dei vaksne. Kvart år får hjelpeorga­nisasjonar og alarmsentr­alane inn meldingar frå barn og unge som har det tøft på heimebane. Også denne jula og nyttår har det skjedd.

Alkoholpåv­erka vaksne endrar ofte veremåte.

Ta omsyn til de mest sårbare

Poenget vårt er ikkje å moralisere over dei som tek seg eit glas vin til maten, men minne kvarandre på å ta omsyn til dei mest sårbare og sette borna fyrst. Lat oss stille same spørsmålet heile året: Kor mange glas alkohol toler borna?

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway